Politiske institusjonar i etablerte demokrati
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- SAMPOL106
- Talet på semester
- 1
- Språk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet omhandlar korleis statsmakta er organisert i etablerte demokrati, med vekt på variasjon og ulike løysingar når det gjeld politiske institusjonar, val- og partisystem og velferdsregimer i etablerte demokrati. Det vert lagt særlig vekt på dei europeiske og nordiske landa. Studentane får innføring i korleis statsmaktene er innretta og korleis dei fungerer i høve til kvarandre, med vekt på konstitusjonar, parlament, regjering og regjeringsdanning, og statens territorial-administrative struktur. Undervisninga dekker vidare tema som partisystem og partifamiliar, val og valsystem med folkeavstemmingar, samt korleis korporatisme og velferdsløysingar fungerer mellom ulike land. I emnet vert desse tema illustrert med empiri henta frå etablerte demokrati.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten kan
- gjere greie for korleis statsmakta er organisert i etablerte demokrati med vekt på variasjon og ulike løysingar når det gjeld politiske institusjonar
- gi oversyn over partisystem og partifamiliar, val og valsystem med folkeavstemmingar
- gjere greie for korleis velferdsregimer og korporatisme fungerer mellom ulike land
Ferdigheiter
Studenten kan
- drøfte korleis statsmaktene i etablerte demokrati er innretta, korleis dei fungerer i høve til kvarandre, og drøfte korleis konstitusjonar, parlament, regjering og regjeringsdanning og statens territoriale-administrative struktur varierer
- diskutere og samanlikne politiske system i ulike land med utgangspunkt i omgrep, teoriar og modellar om politiske institusjonar, val- og partisystem og velferdsregimer
Generell kompetanse
Studenten kan
- skrive faglege tekstar basert på prinsippa for akademisk skriving og god kjeldebruk
- halde empiriske døme opp mot modellar, teoriar og kategoriar
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår
Krav til forkunnskapar
Generell studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
SAMPOL100 Innføring i samanliknande politikk
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
Form: Førelesingar og seminar
Timer per veke: rundt 4
Mengd veker: rundt 14 veker
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på seminar (minimum 70 %) og to godkjende arbeidsoppgåver, kvar på maksimalt 1500 ord.
Arbeidsoppgåvene må være godkjende før ein kan gå opp til eksamen.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Ti timars skriftleg heimeeksamen.
Karakterskala
Karakterskala frå A til F vert nytta.
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret. .
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for samanliknande politikk har det administrative ansvaret for emnet