Politisk mobilisering
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- SAMPOL107
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Læringsutbytte
Studenten skal ved fullført emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten kan
- gjere greie for dei dominerande teoriane om demokratisk deltaking og mobilisering
- skildre dei grunnleggjande (historiske) formene for politisk mobilisering, korleis desse formene varierer i struktur og innhald og kva som er samspelet mellom dei
- vise til mikro- og makroforklaringar på variasjonar i politisk deltaking og mobilisering
- gjere greie for korleis moderne teknologi endrar føresetnadene for politisk deltaking og mobilisering og kva dette kan ha å seia for makt og innverknad
Ferdigheiter
Studenten kan
- demonstrere grunnleggjande forståing av føresetnadane for politisk deltaking og mobilisering, og kva former den politiske mobiliseringa har tatt og tar i dag
- diskutere ulike standpunkt og vurdere ein påstand med utgangspunkt i teoretisk og empirisk kunnskap om politisk deltaking og mobilisering
- nytte teoretisk kunnskap om politisk deltaking og mobilisering til å vurdere aktuelle empiriske fenomen eller hendingar
Generell kompetanse
Studenten kan
- diskutere faglege problemstillingar på ein sakleg måte
- skrive faglege tekstar basert på prinsippa for akademisk skriving og god kjeldebruk
- halde empiriske døme opp mot modellar, teoriar og kategoriar
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Form: Førelesingar og seminar
Timer per veke: 2 timer førelesing og 2 timer seminar
Mengd veker: 12
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på seminar (minimum 70 %)
Ei obligatorisk oppgåve, maksimalt 2000 ord.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Seks timar skriftleg skuleeksamen.
Eksamensoppgåvene blir gjevne på undervisningsspråket i emnet. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen tilbys i undervisningssemesteret
Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.
Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:
- Avbrot under eksamen
- Stryk/ikkje bestått
Studentar kan etter 1. august melde seg opp sjølv i studentweb.