Politisk mobilisering

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Studentane skal tileigne seg ei grunnleggjande forståing av føresetnadane for politisk deltaking og mobilisering, og kva former den politiske mobiliseringa har tatt og tar i dag. Emnet vil særleg konsentrere seg om rolla til sosiale masserørsler, politiske parti og frivillige organisasjonar, samt relasjonane mellom desse hovudformane for politisk mobilisering. Emnet diskuterer òg både formelle og meir uformelle former for mobilisering, som kan vera nokså laust tilknytt dei andre hovudformane eller ikkje tilknytt i det heile, slik som ulike alternative deltakingsformer og former for politisk aktivisme. Emnet vil òg diskutera i kva grad moderne teknologi endrar føresetnadene for politisk mobilisering og kva konsekvensar det eventuelt vil ha for politisk mobilisering og demokratisk styring meir generelt.

Læringsutbyte

Studenten skal ved fullført emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten kan

  • gjere greie for dei dominerande teoriane om demokratisk deltaking og mobilisering
  • skildre dei grunnleggjande historiske formene for politisk mobilisering, korleis desse formene varierer i struktur og innhald og kva som er samspelet mellom dei
  • vise til mikro- og makroforklaringar på variasjonar i politisk deltaking og mobilisering
  • gjere greie for korleis moderne teknologi endrar føresetnadene for politisk deltaking og mobilisering og kva dette kan ha å seia for makt og innverknad

Ferdigheiter

Studenten kan

  • demonstrere grunnleggjande forståing av føresetnadane for politisk deltaking og mobilisering, og kva former den politiske mobiliseringa har tatt og tar i dag
  • diskutere ulike standpunkt og vurdere ein påstand med utgangspunkt i teoretisk og empirisk kunnskap om politisk deltaking og mobilisering
  • nytte teoretisk kunnskap om politisk deltaking og mobilisering til å vurdere aktuelle empiriske fenomen eller hendingar

Generell kompetanse

Studenten kan

  • diskutere faglege problemstillingar på ein sakleg måte
  • framstille fagstoff skriftleg eller ved hjelp av andre verkemiddel som video/film/animasjon/audiovisuell produksjon, foredrag eller liknande

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Generell studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
  • SAMPOL110 (10 sp)
  • SAMPOL105, SAMPOL106 og SAMPOL107 har 10 studiepoeng overlapp med SAMPOL120
  • Krav til studierett
    Emnet er ope for studentar ved UiB
    Arbeids- og undervisningsformer

    Form: Førelesingar og seminar

    Timer per veke: 2 timer førelesing og 2 timer seminar

    Mengd veker: 12

    Obligatorisk undervisningsaktivitet

    Deltaking på seminar (minimum 70 %) og to godkjende arbeidsoppgåver, kvar på maksimalt 1500 ord. Arbeidsoppgåvene må være godkjende før ein kan gå opp til eksamen. Ei av oppgåvene kan erstattast av video/film/animasjon/audiovisuell produksjon, foredrag eller liknande etter avtale med emneansvarleg.

    Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav har inga tidsavgrensing.

     

    Vurderingsformer

    Ti timars skriftleg heimeeksamen.

    Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
    Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

    Karakterskala
    Det blir brukt gradert karakterskala frå A til F.
    Vurderingssemester

    Eksamen tilbys i undervisningssemesteret

    Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, inkludert avbrutt eksamen (må dokumenteres med attest fra lege eller annen sakkyndig). Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar som strøk på eksamen få tilgang til kontinuasjonseksamen. Desse kan melde seg opp i Studentweb etter 1. august.

    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret. 
    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Programansvarleg
    Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for samanliknande politikk har det administrative ansvaret for emnet