Økonometri og dataanalyse

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet tar opp ulike tema innanfor statistikk og økonometri med spesiell fokus på regresjonsanalyse. Studentane blir trena i empirisk analyse og bruk av data som støtte for avgjersler. Innhenting, analyse og tolking av økonomiske og bedriftsrelaterte data står i fokus. 

Emnet dekkjer tema som ikkje-parametrisk statistikk, lineær og ikkje-lineær regresjon, inferens, samt prognosar med tidsseriemodellar ved bruk av avansert IT-verktøy. Emnet vil også dekke tema som validitet, målefeil, utelatne variablar og seleksjonsskjeivheit. Det vert utstrakt bruk av statistikkpakkar til innhenting og tilrettelegging av data, estimering og simulering, samt presentasjon av data med tabellar og figurar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • Har grunnleggjande kunnskap om statistiske størrelsar og ikkje-parametriske metodar
  • Har inngåande kjennskap til regresjonsmodellar, tolking av desse, samt hypotesetesting
  • Har kunnskap om kausalitetsomgrepet i ein empirisk samanheng
  • Har kunnskap om ulike typer data, som registerdata og big data
  • Har grunnleggande kunnskap om korleis ein oppdagar og handsamar brot på føresetnadene i regresjonsmodellane, slik som utelatne variablar, målefeil og seleksjon
  • Kunne visualisere data på en formålstenleg måte og tolke grafiske presentasjonar av data med avanserte IT-verktøy

Ferdigheiter

  • Grunngje val av økonometrisk metode som passar best i ein realistisk problemstilling, for deretter å gjere bruk av metoden
  • Kunne innhente ulike typer data og lage deskriptiv statistikk ved hjelp av både numeriske og grafiske metodar, i aktuell programvare
  • Skilje mellom korrelasjon og kausalitet i empiriske problemstillingar ved bruk av regresjonsmodellar
  • Tolke og presist beskrive resultatet av ein økonometrisk analyse
  • Bygge ein empirisk modell ved hjelp av variable og funksjonell form for å kunne løyse bestemte problem
  • Identifisere enkle tidsrekkemodellar og lage prognoser

Kompetanse

  • Kunne tolke og kritisk vurdere ein empirisk analyse basert på økonometriske metoder
  • Kjenne ulike data for empirisk analyse
  • Være i stand til å lese og forstå prosjektrapportar og forskingsartiklar som brukar metodane i emnet 
  • Kjenne igjen empirisk argumentasjon i samfunnsdebatten og nyhetsbildet, og kritisere metodevalg, utførelse og fortolkning
  • Ha ein god bakgrunn for å gjera meir avanserte analyser seinare i studiet

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Haust.
Krav til forkunnskapar
ITØK101, MAT111, INFO132, STAT110
Studiepoengsreduksjon
ECON240: 5 sp, STAT111: 5 sp
Krav til studierett
Emnet er avgrensa til studentar opptekne på studieprogrammet Informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør), master, 5 år. 
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, seminarundervisning og datalab.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • To godkjende innleveringsoppgåver, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret.
  • Obligatorisk deltaking: Oppmøte på forelesningar (minst 80%) og på seminar (minst 67%).

Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F.
Vurderingssemester

I dette emnet tilbys ordinær eksamen i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

  • Legeattest/gyldig fravær
  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, kan du etter 15. januar melde deg opp selv i studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret. 
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning. 
Hjelpemiddel til eksamen
  • Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters.
  • Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitetets reglar.
  • Ordbok forhåndsgodkjent av fakultetet

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet.