Latinamerikansk litteratur og kultur II (nett)
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- SPLA638
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Spansk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet gjev kunnskapar om sentrale delar av moderne spanskspråkleg litteratur og kultur, med hovudvekt på tendensar i latinamerikansk samtidslitteratur.
Studentane skal arbeida med eit representativt utval tekstar og filmar som representerer ulike sjangrar og epokar, og utvikla ei analytisk forståing for eigenarten ved tekstane og bileta. Studiet skal gjeva innsyn i sentrale tema og problemstillingar innan latinamerikansk og spansk litteratur og kultur, og studentane skal utvikla evne til å analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten
- har auka kunnskap om representative tekstar og film som representerer ulike sjangrar og straumdrag innan moderne spanskamerikansk litteratur.
Ferdigheiter:
Studenten
- har vidareutvikla grunnleggjande tekstanalyse og evne til å lesa og tolka moderne litterære verk på spansk.
- har vidareutvikla evne til å uttrykkja seg skriftleg og munnleg på spansk, både om litteratur- og kulturfaglege emne og meir ålment.
Generell kompetanse:
Studenten
- kan analysere fagstoff og trekkja eigne slutningar.
- kan demonstrere kunnskap og evne til fagleg drøfting i mindre skriftlege arbeid på eit klart og korrekt spansk språk.
- kan vidareutvikle kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga går over ein 8 til 10 vekers periode med ei digital førelesing og normalt to digitale seminar for veka, så sant ressursane tillét det. Det vert lagt hovudvekt på kommentar og analyse av pensumtekstane. Emnet gjer bruk av studentaktive læringsformer, og det er venta at studentane førebur seg grundig til timane og gjennomfører etterarbeid og oppgåveløysing.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er tre obligatoriske oppgåver: to individuelle tekstkommentarar og ein som skal gjennomførast i samarbeid mellom to eller tre studentar. Begge oppgåvene må utførast innan fristen for desse aktivitetane. Karakterskala: godkjent/ikkje godkjent.
I samsvar med UiB sitt grads- og studiereglement har studentane høve til å få eit nytt forsøk per oppgåve, om ei eller fleire av dei ikkje vart godkjende ved fyrste innlevering. Oppgåvene må vera godkjende før ein kan gå opp til endeleg vurdering i emnet.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum (om lag 500 sider) er sett saman av litterære tekstar (romanar, drama, noveller og dikt), i hovudsak henta frå spanskamerikansk samtidslitteratur. I tillegg kjem eit litteraturhistorisk referanseverk eller litteraturhistorisk oversyn henta frå antologi. Pensumutvalet tek sikte på nokolunde lik fordeling mellom kvinnelege og mannlege forfattarar.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.