Kultur, historie og litteratur: menneske og miljø i Latin-Amerika (nett)
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- SPLA638
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Spansk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten
- har innsyn i nokre sentrale tema og problemstillingar innan latinamerikansk historie, litteratur og kultur knytte til menneske og miljø som eit utvida konsept.
- har forståing for korleis ulike perspektiv pregar framstillingane av tilhøvet mellom menneske og miljø i Latin-Amerika i ein konkret kontekst.
Ferdigheiter
Studenten
- kan forstå og tolka ulike typar tekstar på spansk.
- kan uttrykkja seg skriftleg og munnleg på spansk, både om historiske, litteratur- og kulturfaglege emne og meir ålment.
Generell kompetanse
Studenten
- kan analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar.
- kan vidareutvikle kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga går normalt over ein 8-10 vekers periode. Det kan også verta aktuelt å leggja undervisninga i blokk. Normalt vil det vera to undervisningsøkter i veka. Det vert undervist i sentrale deler av pensum. Det vert lagt opp til bruk av studentaktive læringsformer, og gjennom semesteret vil det vera stor vekt på eigenaktivitet. Det er venta at studentane førebur seg grundig til timane og gjennomfører etterarbeid og oppgåveløysing. Studentane kan også verta bedne om å førebu og leggja fram kortare presentasjonar i timane.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall verta informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er to obligatoriske oppgåver. Desse må utførast innan fristen for desse aktivitetane. Det vert gitt informasjon om kva oppgåvene går ut på og kor tid dei skal gjennomførast, i byrjinga av semesteret. Kvar oppgåve blir vurdert til godkjend/ikkje godkjend.
I samsvar med Forskrift om studium ved UiB har studentane høve til å få eit nytt forsøk per oppgåve, om ei eller fleire av dei ikkje vart godkjende ved fyrste innlevering. Oppgåvene må vera godkjende før ein kan gå opp til endeleg vurdering i emnet.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.