Helsefremmende arbeid og helsepsykologi (master)

Vil du vere med på å fremme folkehelse og velvære i befolkninga? Det kjem stadig auka krav om kompetanse innan helsefremmande arbeid. På dette studiet får du kunnskap om individuelle, samfunnsmessige, miljømessige og politiske forhold som har betydning for utvikling av helse.

Kva lærer du?

Med master i helsefremmande arbeid og helsepsykologi får du solid kunnskap om helsefremmande arbeid, helsespykologi, folkehelse og helsepolitikk. På bakgrunn av denne kunnskapen får du konkret erfaring med korleis helsefremmande tiltak blir innført i ulike settingar, og korleis ein skal evaluere dei.

Studiekvardag

Masterprogrammet i helsefremmande arbeid og helsepsykologi er eit 2-årig fulltids- og tverrfagleg studium på eit tverrfagleg institutt. Nokre av emna er felles med studentar i barnevern og Global Development — slik at du får innsikt i ulike perspektiv.   

På studiet får du jobbe saman med andre studentar, for eksempel med prosjektarbeid i grupper og i seminar. Både undervisninga og litteraturen er på både engelsk og norsk. Undervisninga består av forelesingar, obligatoriske seminargrupper, oppgåver og sjølvstudium. 

Du har eitt år på å skrive masteroppgåva. Du kan finne tema for oppgåva blant forskinga på Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL), Det psykologiske fakultetet, og elles finne tema som er relevante på kommunalt eller fylkeskommunalt nivå.   

Kva kan du jobbe som?

Etter denne utdanninga kan du jobbe med folkehelsearbeid, med vekt på helsefremmande arbeid og helsepsykologi i kommunal, fylkeskommunal og statleg sektor, eller i frivillig sektor. 

Med master i helsefremmande arbeid er du kvalifisert for ei rekke stillingar, blant anna 

  • prosjekt- og personalleiing,
  • arbeid som folkehelsekoordinator og folkehelserådgjevar
  • helse-, miljø- og tryggleiksarbeid
  • internasjonalt folkehelsearbeid

Du er også kvalifisert til å drive undervisnings- og forskingsarbeid. Med denne mastergraden kan du også søke opptak til forskarutdanning (ph.d).

Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (3.0)
Krev minimum snittkarakter C (3,0) i den faglege fordjupninga. Sjå eigne sider om korleis du reknar ut snittet ditt."

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:
dei generelle opptakskrava for master på UiB
dei spesielle opptakskrava for dette studiet

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

1. semester    

Helsefremmande arbeid: Innføring i sentrale omgrep og teoriar (HEFR331, 20 studiepoeng)  

Resource approaches to health and wellbeing (HEFR342, 10 studiepoeng)     

2. semester    

Qualitative Methods and Research Planning, (HEM303, 15 studiepoeng) eller Quantitative Methods and Research Planning (HEM304 15 studiepoeng)  

Planlegging, implementering og evaluering i helsefremmande arbeid (HEFR343, 15 studiepoeng)  

3. og 4. semester 

Masteroppgåve i helsefremmande arbeid og helsepsykologi (HEFR395, 60 studiepoeng)  

Utveksling

Det er mogleg å legge delar av arbeidet med masteroppgåva til institusjonar i utlandet. Datainnsamling i utlandet kan òg vere aktuelt. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Fullført studium kvalifiserer til opptak på doktorgradsprogram les mei her Ph.d.-utdanning ved Det psykologiske fakultet

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 27 10
E-post: info.psyfa@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i helsefremmende arbeid og helsepsykologi