Informasjonsteknologi og økonomi (integrert masterprogram, sivilingeniør)
Ønsker du eit sivilingeniørstudium med sterkt innslag av økonomi? ITØK gir unik kompetanse for å løyse komplekse problem i skjæringsfeltet mellom teknologi og økonomi.
- Varigheit
- 5 år
- Studieplassar
- 25
- Studiepoeng
- 300
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk
Kva lærer du?
ITØK-studiet gir deg
- brei kjennskap til tema som kunstig intelligens, big data, maskinlæring og finansteknologi (fintech)
- grundig kunnskap i økonomisk teori
- svært gode ferdigheiter i programmering og dataanalyse
- anledning til å jobbe både sjølvstendig og i grupper med avanserte problemstillingar innan økonomi og IKT
Her finner du svar på noen ofte stilte spørsmål om ITØK-studiet.
Studiekvardag
Som ITØK-student blir du del av ein relativt liten klasse med høgt kvalifiserte studentar. Små klassar gjer det lettare å halde kontakten og følge kvarandre opp gjennom studiet. Oppfølging frå fagleg stab er tett, blant anna gjennom skreddarsydde kurs og individuell rådgjeving.
Du er i nær kontakt med næringslivet frå starten, og allereie i fjerde semester er det utplassering i ei bedrift. Blant våre praksisbedrifter finn du blant anna Equinor, PwC, Knowit, Skatteetaten og Deloitte. Studiet har også workshops to gongar i året med bedriftspresentasjonar frå næringsliv og forvaltning.
Ei typisk studieveke vil innehalde forelesingar, seminar, praktiske øvingar, tid på lesesal, gruppearbeid, samt andre studentaktivitetar. Mange av studentaktivitetane er organisert gjennom linjeforeininga til ITØK-studentane, Enigma.
Studiet er eit fulltidsstudium og lar seg ikkje kombinere med fulltidsjobb.
Kva kan du jobbe som?
Studiet gir deg eit verktøy som gjer deg svært attraktiv i arbeidsmarknaden. Med sivilingeniørstudiet i ITØK er du aktuell for jobb innan:
- finans og bank
- høgteknologibedrifter
- IT og telekommunikasjon
- konsulentbransjen
- gründerverksemd
- offentleg forvaltning og forsking
- store industriselskap
Opptakskrav og søknadsfrist
I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.
I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.
Generell studiekompetanse og Matematikk R1 (eller S1 og S2), R2 og Fysikk 1. Om du ikkje har generell studiekompetanse kan du likevel dekke kravet om du har:
- Bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014
- Bestått 1-årig forkurs for ingeniør- og maritim høgskoleutdanning
- Bestått 2-årig teknisk fagskule (rammeplan frå 1998/99 eller tidlegare)
Informasjonsmøter
I forkant av søknadsfristen er det kvart år digitale informasjonsmøter for interesserte søkjarar med ein student og programleiar Hans K. Hvide.
Her finn du spørsmål og svar frå tidlegare nettmøter.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk og engelsk
Studiets oppbygging
ITØK-studiet er på 300 studiepoeng fordelt over fem år. Det er oppstart i august kvart år. Seks emne i studieplanen er valfrie (eitt år tilsaman). Undervisninga og pensum er på norsk og engelsk. Masteroppgåva er på 30 studiepoeng, altså eit halvt år. Det er mogleg å avtale masterprosjekt i samarbeid med næringslivet eller offentleg forvaltning.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester
ITØK101 – Mikroøkonomi (10 studiepoeng)
INFO132 – Innføring i programmering (10 studiepoeng)
MAT111 – Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng)
2. semester
ITØK102 – Makroøkonomi (10 studiepoeng)
INFO135 – Vidarekommande programmering (10 studiepoeng)
MNF130 – Diskrete strukturar (10 studiepoeng)
3. semester
INF170 – Modellering og optimering (10 studiepoeng)
ECON210 – Velferd og økonomisk politikk (10 studiepoeng)
STAT110 – Grunnkurs i statistikk (10 studiepoeng)
4. semester
ITØK281 – Utplassering i bedrift (10 studiepoeng)
ITØK264 – Financial technology (10 studiepoeng)
ECON263 – Bedriftsøkonomi for samfunnsøkonomar (10 studiepoeng)
5. semester
ITØK204 – Økonometri og dataanalyse (10 studiepoeng)
INF264 – Introduction to Machine Learning (10 studiepoeng)
INF161 – Innføring i data science (10 studiepoeng)
6. semester
ITØK170 – Energi- og miljøfysikk (10 studiepoeng)
Examen philosophicum – seminarmodell eller skuleeksamen (10 studiepoeng)
Valgemne innen informasjonsteknologi fra utvalgt liste. Tilbudet vil variere fra år til år (10 studiepoeng)
7. semester
ECON310 – Mikroøkonomisk analyse (10 studiepoeng)
ECON340 – Økonometri I (10 studiepoeng)
Valemne INFO eller INF på masternivå (10 studiepoeng)
8. semester
ITØK381 – Ekspertar i team (10 studiepoeng)
Ein av: ITØK320 – Supply Chain Analytics eller ECON364 – Corporate Finance eller ECON360 – Strategisk bedriftsadferd og markedsmakt (10 studiepoeng)
Valemne INFO eller INF på masternivå (10 studiepoeng)
9. semester
Valemne ECON på masternivå (eventuelt NHH)
Valemne ECON/INFO eller INF på masternivå (eventuelt emne frå NHH)
Valemne ECON/INFO eller INF på masternivå (eventuelt emne frå NHH)
10. semester
ITØK391 – Masteroppgåve (30 studiepoeng)
(Valemne på NHH må vere på masternivå)
Utveksling
Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester. Universitetet i Bergen har mange spennande utvekslingsavtalar i blant anna USA, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Italia, Portugal og Spania.
Som ITØK student har du også anledning til å søke på eigne avtalar med UC Berkeley og UC San Diego.
Vidare studiemoglegheiter
Med ein mastergrad kan du søke opptak til forskarutdanninga og ta ein doktorgrad (ph.d.).
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.
Studieplan for Integrert masterprogram i informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør)