Jobb etter studiene
91 prosent av våre tidligere studenter får relevant jobb etter kort tid og 42 prosent får jobb før de er ferdig med studiene. Les hvorfor høyere utdanning blir viktigere i fremtiden.
Datamaskinar og mobiltelefonar kan bli utsett for datainnbrot, spionasje eller sabotasje. Slike angrep kan gjere mykje skade for enkeltpersonar og samfunnet og må motkjempast med spesialisert kunnskap. Studiet gir deg verktøya du treng for å bygge sikre IT-tenester og beskytte mot hacking og angrep.
I løpet av utdanninga lærer du om dei vanlegaste sikkerheitsutfordringane og sårbarheitene i data- og kommunikasjonssystem. Du får erfaring med ulike metodar og programvarer for å utvikle robuste og sikre system mot desse utfordringane.
Bachelorstudiet i informatikk: datasikkerheit er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb.
I løpet av ei typisk veke vil du ha seks forelesingar og tre seminargrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Vi held til på Høyteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar for informatikkstudentar. Her kan du studere aleine eller saman med medstudentar. Du kan òg sitte på Realfagsbiblioteket.
Studentane på Institutt for informatikk har ei eiga linjeforeining som blant anna organiserer faglege og sosiale arrangement.
Det er stor mangel på spesialistar innan IT-sikkerheit, så det er gode mogelegheiter til å få jobb med denne utdanninga, både i Noreg og i utlandet. Du kan for eksempel jobbe med
I Primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.
I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.
Generell studiekompetanse og MATRS:
Matematikk R1 eller Matematikk S1 og S2.
Undervisningsspråk: Norsk
1. semester
Introduksjon til datatryggleik (10 studiepoeng)
Innføring i programmering (10 studiepoeng)
Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng) eller
Brukarkurs i matematikk I (10 studiepoeng)
2. semester
Datanett (10 studiepoeng)
Objektorientert programmering (10 studiepoeng)
Diskrete strukturar (10 studiepoeng)
3. semester
Grunnkurs i statistikk (10 studiepoeng)
Algoritmar, datastrukturar og programmering (10 studiepoeng)
Innføring i operativsystem (10 studiepoeng)
4. semester
Anvendt kryptografi (10 studiepoeng)
Examen philosophicum - enten seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng)
Lineær algebra (10 studiepoeng)
5. semester
Avansert cybersikkerheit 10 studiepoeng)
Multiprogrammering (10 studiepoeng)
Programvaresikkerheit (10 studiepoeng)
6. semester
Valemne (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
Benytt sjansen til å studere eit år eller halvår ved eit anna universitet i utlandet. Vi anbefaler at du reiser på utveksling i det sjette semesteret. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Austerrike, Spania, Tyskland eller ein annan plass.
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i programutvikling eller informatikk. Vel mellom sju studieretningar – herunder sikker og påliteleg kommunikasjon – eller masterprogram i programutvikling ved Institutt for informatikk.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.