
Seks egenskaper du får på UiB
Mange jobber i samfunnet krever noen spesielle egenskaper. Mange av disse egenskapene utvikler du gjennom et universitetsstudium.
Masteren gir deg relevant pedagogisk kunnskap om korleis menneske lærer/kommuniserer, korleis kunnskap vert utvikla, og kva betydning utdanning har for samfunnet. Dette nettbaserte deltidsstudiet gir fleksibiliteten til å kombinera studiar og jobb. Opptak annankvart år i partalsår (2024, 2026 osv).
Ønsker du deg høg kompetanse innan blant anna kunnskapsutvikling og læringsprosessar? På studiet kan du fordjupe deg i eit valt område og drive eiga forsking innan pedagogikk. Du vil utforske samanhengen mellom ulike kunnskapsformer, læringssyn, utdanningspolitikk og pedagogisk praksis. Vidare lærer du korleis du vurderer, analyserer og, kritisk refleksjon til pedagogiske prosessar i utdanningsinstitusjonar, forvaltning og organisasjonar.
På masterstudiet vil du utforske spørsmål som:
Etter fullført mastergrad har du moglegheita til å nyttiggjere pedagogisk kunnskap på nye område der pedagogikk er relevant. Du vil kunne formidle faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar på ein effektiv måte.
Dette er eit nettbasert deltidsstudium som gir deg fleksibiliteten til å kombinere studiane med andre forpliktelser, arbeidsmengden tilsvarar 15-20 studietimer i veka. Eit særpreg ved dette masterstudiet er at undervisninga er prosessorientert. Vi legg stor vekt på dialogbasert undervisning og inkluderer skriveopplæring som ein integrert del av studiane. Alle undervisnings- og arbeidsformer er designa for å førebu deg på eksamensformene i studiet. Skriving er ein viktig del av læringsprosessen i studiet.
Studiet inkluderer:
Ein mastergrad i pedagogikk gir deg ein allsidig bakgrunn og kompetanse som kvalifiserer til mange ulike stillingar i både privat og offentleg sektor. Med ein master i pedagogikk er du kvalifisert for ei rekke stillingar innanfor kommunen, staten, frivillige organisasjonar eller bedrifter, for eksempel som:
Tidlegare studentar med mastergrad i pedagogikk har for eksempel jobb innanfor:
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
Snitt 2024: 3,94
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:
dei generelle opptakskrava for master på UiB
dei spesielle opptakskrava for dette studiet
Dette studiet har kun oppstart annankvar haust i partalsår.
Undervisningsspråk: Norsk
Dette er eit fireårig deltidsstudium med oppstart annankvar haust i partalsår. Graden er bygd opp av 120 studiepoeng og alle emna er obligatoriske i graden.
Under ser du den anbefalte oppbygginga av studiet.
1. semester
PED321 Pedagogisk filosofi (15 studiepoeng)
2. semester
PED323 Kunnskap og kunnskapsprosessar (15 studiepoeng)
3. semester
PED322 Forskingsmetode (15 studiepoeng)
4. semester
PED324 Fordjuping og prosjektplan (15 studiepoeng)
5. til 8. semester
PED396 Masteroppgåve i pedagogikk (60 studiepoeng)
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling i løpet av dette studiet.
Med ein mastergrad i pedagogikk får du kvalifikasjonar for vidare forsking, formidling og undervisning på høgare nivå. Du kvalifiserar til vidare ph.d.-utdanning ved Det psykologiske fakultet.
Les meir om phd-programmet her
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.