Tett på forskningen som masterstudent
Masterstudenten Marianne Borchgrevink-Brækhus merker stor forskjell på å studere bachelor og master. På masternivå blir hun mer inkludert i fagmiljøet og får samarbeide med gode veiledere.
Psykologi er vitskapen om åtferd og mentale prosessar hos menneske. Det handlar om kva som påverkar oss og korleis vi samhandlar med kvarandre. Med ein master bygger du vidare på grunnleggande psykologikunnskap og viser korleis faget kan nyttast i ulike samfunnsområde.
Master i psykologi bygger på forsking og ekspertise. Du får høg kompetanse, og du kjem tett på forskingsmiljøa. Sentralt i utdanninga er kunnskap om:
Du lærer korleis du kan bruke kunnskapen og evnene dine på nye område for å gjennomføre avanserte prosjekt, og å bruke relevante metodar for forsking og fagleg utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte.
Utdanninga har to ulike studieretningar, der det mest sentrale i kvar studieretning er:
Studieprogrammet er tilpassa fulltidsstudentar som bur i Bergen.
Undervisning og litteratur er på norsk og engelsk.
Undervisninga skjer gjennom blant anna forelesingar, seminargrupper og praktiske øvingar. Det er òg bedriftsbesøk, forskingspraksis og labøvingar på studiet, avhengig av studieretning. På delar av studiet er oppmøte obligatorisk.
Kvar veke bruker du omlag ti timar på undervisning. Saman med sjølvstudium og studentaktivitetar bør du rekne med å bruke om lag like mykje tid på studia som på ein heiltidsjobb.
Vi har eit godt sosialt samhald på tvers av studieretningane og mellom dei to årskulla, med fleire faste sosiale møtepunkt i semesteret.
Som student vil du halde til på campus i Bergen sentrum, på hovudbygget for Det psykologiske fakultetet. Her finn du masterlesesalar, undervisningsrom, grupperom og kantine.
Med master i psykologi har du kunnskap og teoretiske rammeverk for prosessar og mekanismar som formar åtferd. Du har òg kompetanse til å tileigne deg og skaffe oversikt over kompleks informasjon, og evna til prosjektstyring, kritisk tenking og formidling. Dette gjer deg kvalifisert og attraktiv for ei rekke yrke.
Du kan til dømes arbeide med
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:
dei generelle opptakskrava for master på UiB
dei spesielle opptakskrava for dette studiet
Undervisningsspråk: Norsk
Dette masterprogrammet består av to ulike studieretningar. På det første året tar du to obligatoriske fellesemne. Desse tar du i lag med dei som går på master i arbeids- og organisasjonspsykologi. Det første året er det også obligatoriske fordjupingsemne. Dei to studieretningane har eigne fordjupningsemne. Det siste året skal du skrive ei masteroppgåve som passar til den valde studieretninga. Som hovudregel skriv ein masteroppgåva i par. Studentar på studieretninga «sosial og kognitiv psykologi» har to val når det gjeld oppgåveskriving. Dei kan skrive ei masteroppgåve på 60 studiepoeng heile sitt tredje og fjerde semester, eller dei kan på tredje semester ta valemne eller reise på utveksling hausten på det andre året, for så å skrive ei masteroppgåve på 30 studiepoeng det fjerde semesteret.
Første år:
1. semester (haust)
Fellesemne:
Perspektiv i psykologisk vitskap (MAPSYK301, 15 studiepoeng)
Sosial- og kognitiv psykologi:
Menneskelege faktorar i kritiske situasjonar (MAPSYK332, 5 studiepoeng)
Kognitivt mangfald på tvers av kultur, språk og tid (MAPSYK333, 5 studiepoeng)
Forskingspraksis 1, (MAPSYK351A, 5 studiepoeng)
Åtferd og nevrovitskap:
Kognitiv nevrovitskap (MAPSYK336, 15 studiepoeng)
2. semester (vår)
Sosial- og kognitiv psykologi:
Risikopersepsjon og miljøåtferd (MAPSYK334, 5 studiepoeng)
Kulturelt mangfald i samfunn og arbeidsliv (MAPSYK335, 5 studiepoeng)
Forskingspraksis 2 (MAPSYK351B, 5 studiepoeng)
Åtferd og nevrovitskap:
Åtferd og nevrovitskap: Biologisk psykologi (MAPSYK337, 15 studiepoeng)
Fellesemne:
Forskingsmetodar (MAPSYK302, 15 studiepoeng)
Andre år:
Dei som går på studieretninga sosial- og kognitiv psykologi kan velje mellom å skrive 30 og 60 studiepoengs masteroppgåve.
3. semester (haust)
Sosial- og kognitiv psykologi: Utveksling/valemne eller første halvdel av Masteroppgåve (MAPSYK360, 60 studiepoeng)
Åtferd og nevrovitskap: Første halvdel av Masteroppgåve (MAPSYK360, 60 studiepoeng)
4. semester (vår)
Sosial- og kognitiv psykologi: Masteroppgåve (MAPSYK330, 30 studiepoeng), eller andre halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 studiepoeng
Åtferd og nevrovitskap: Andre halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 studiepoeng
Spesialiseringar i denne graden.
Studentar på studieretninga «sosial- og kognitiv psykologi» kan velje å skrive ei 30 studiepoengs masteroppgåve og ta 30 valfrie studiepoeng på utveksling. I nokre tilfelle kan det ordnast med utveksling også for dei som skriv 60 studiepoengs masteroppgåve, for eksempel i form av utveksling for datainnsamling i tredje semester.
Med ein mastergrad i psykologi kan du søke opptak til forskarutdanning (ph.d.), les meir her Ph.d.-utdanning ved Det psykologiske fakultet.
Du kan og ta praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) etter fullført master og bli lærar og undervise frå 5. til 13. trinn i skulen.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.