Jobb etter studiene
91 prosent av våre tidligere studenter får relevant jobb etter kort tid og 42 prosent får jobb før de er ferdig med studiene. Les hvorfor høyere utdanning blir viktigere i fremtiden.
Dette studiet er for deg som vil lære om språket, historia, litteraturen og kulturen til Russland. Her får du gå bak nyheitene og forstå utviklinga i landet. Russiskkunnskapar er viktige òg i tider der vi har mindre direkte kontakt med landet kulturelt og politisk, og innanfor handel og næringsliv.
Nokre av spørsmåla vi diskuterer på bachelorprogrammet i russisk, er:
Du lærer å forstå, snakke og skrive russisk, og å omsette mellom norsk og russisk. Du får bruke digitale hjelpemiddel, og kan dermed bruke kyrillisk både som handskrift og på tastatur.
Du fordjupar deg i landet sin kultur, samfunn og historie. I tillegg utformar du sjølvstendige tekstar på russisk og utviklar evnene dine til kritisk refleksjon og strukturert formulering av det skriftlege arbeidet.
Dette bachelorprogrammet er eit fulltidsstudium. Ei typisk veke kan innehalde:
På dette studiet får du tett oppfølging og mykje undervisning dei første semestera. Du vert del av eit relativt lite - men hyggeleg - miljø, og kjem i god kontakt med andre studentar på faget. Studentane har tilgang til lesesalar på Sydneshaugen skole og dei kan booke eigne rom om dei ønsker å jobbe i grupper.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di.
Med utanning i russisk får du innsikt i det russiske samfunnet og kompetanse i språk, kultur og sjølvstendig refleksjon, noko som gjer deg attraktiv for ei rekke arbeidsgjevarar.
Nokre aktuelle arbeidsplassar kan vere:
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Undervisningsspråk: Norsk og russisk
Bachelorprogrammet i russisk er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester
Grunnkurs i skriftleg og munnleg russisk (10 studiepoeng) dersom du ikkje kan dokumentere forkunnskap i russisk
Examen philosophicum, vel enten seminarmodell eller skulemodell (10 studiepoeng)
Språkkunnskap eller Akademisk skriving (Språkkunnskap er anbefalt) (10 studiepoeng)
2. semester
Russisk språk I (20 studiepoeng)
Russisk historie og kultur (10 studiepoeng)
Sommarkurs i russisk språk i utlandet er anbefalt
3. semester
Russisk språk II (10 studiepoeng)
Russisk litteratur I (10 studiepoeng)
Russisk språk og kultur (utanlandsstudium) (10 studiepoeng) eller Samanliknande europeiske kulturstudium (10 studiepoeng)
4. semester
Russisk språk og språkvitskap (15 studiepoeng)
Russisk litteratur II (15 studiepoeng, bacheloroppgåve)
5. semester
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)
6. semester
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)
Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. Det er lagt til rette for utvekslingsopphald i utlandet i femte og/eller sjette semester. I tillegg er det lagt opp til eit utanlandsopphald i eit russiskspråkleg land for studentane som vel emnet Russisk språk og kultur i tredje semester av studiet.
Etter fullført bachelorprogram kan du ta ein mastergrad i russisk ved UiB for å fordjupe deg meir i russisk språk, kultur,litteratur eller samfunn.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.