Samanliknande politikk (master)

Samanliknande politikk er studiet av politiske institusjonar, organisasjonar, prosesser og åtferd på lokalt, nasjonalt og internasjonalt plan. På masterstudiet får du fordjupe deg i samanliknande politikk-greina av statsvitskapen. Du får svært gode metodekunnskapar og analytiske ferdigheiter.

Kva lærer du?

Masterstudiet lar deg fordjupe deg i samanliknande politikk-greina av statsvitskapen frå første dag, og er konsentrert om retninga der samanlikningar på tvers av politiske system og endringar over tid står sentralt.  

Studiet tar for seg eit breitt spekter av teoretiske, metodiske og empiriske tema. Som masterstudent kan du bruke dine analytiske ferdigheiter til å analysere ei rekke former for kvalitative og kvantitative data i landsspesifikke studium, og på breie tverrnasjonale studium.  

Instituttet har lange tradisjonar for internasjonal verksemd og har mange gode utvekslingsavtalar rundt om i verda, blant anna med University of North Carolina, Chapel Hill, eit av dei beste universiteta i USA, der instituttet sin utvekslingsavtale sikrar studentane ekstra økonomisk støtte.

Masterprogrammet legg vekt på opplæring i forskingsdesign og forskingsmetodar (kvalitative, kvantitative og blanda).

Studiekvardag

Dette er eit krevjande fulltidsstudium med tilnærma fulle arbeidsveker. Du må rekne med mykje sjølvstudium og rundt 6-8 timar undervisning kvar veke. Den vanlegaste undervisningsforma på studiet er seminarundervisning i mindre grupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du får tilgang til arbeidsplass på eigen lesesal for studieprogrammet.  

Som masterstudent får du god oppfølging av rettleiaren din. Du vil òg bli involvert i ei forskingsgruppe med dei vitskaplege tilsette både gjennom valemne og aktiv gruppedeltaking i arbeidet med masteroppgåva. Masterstudentane vert raskt godt kjent med medstudentar og dei tilsette.  

Instituttet har ein eigen kodeklubb som er eit fagleg-sosialt møtepunkt tidleg i studieløpet, og som hjelper deg med statistikkprogrammet R. 

Det er eit godt miljø på faget med mykje sosialt du kan velje å vere med på.

Kva kan du jobbe som?

Med ein mastergrad i samanliknande politikk får du metodekunnskapar og analytiske ferdigheiter, kvalifikasjonar som er ettertrakta på arbeidsmarknaden. Både offentleg og privat sektor kan vere aktuelt.

Du kan arbeide  

  • i offentleg forvalting, frå kommune til departement 
  • i organisasjonar og sivilsamfunn 
  • i utanrikstenesta og internasjonale organisasjonar 
  • i skoleverket, høgare utdanning og forsking 
  • med utgreiing og analyse, og med informasjons-, journalist- og kommunikasjonsarbeid 
Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (3.0)
Krev minimum snittkarakter C (3,0) i den faglege fordjupninga. Sjå eigne sider om korleis du reknar ut snittet ditt."

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.

Søknadsfristen er 15. april.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

Masterstudiet i samanliknande politikk er eit toårig fulltidsstudium som startar i august.

1. semester

SAMPOL305 Multivariat dataanalyse (15 studiepoeng)

SAMPOL306 Masterseminar i samanliknande politikk (15 studiepoeng)

2. semester

SAMPOL307 Forskingsdesign og kvalitative metodar (10 studiepoeng)

Valfritt emne (10 studiepoeng)

Valfritt emne (10 studiepoeng)

Det vert normalt tilbydd fem valfrie emne i andre semester. Dei valfrie emna er knytt til forskingsgruppene og utgjer eit breitt tilbod innan faget. Det er moglegheit for å reise på utveksling i andre semester. 

3. og 4. semester 

SAMPOL350 Masteroppgåve (60 studiepoeng) 

Du vel sjølv tema for masteroppgåva.  

Utveksling

Utveksling gir deg nye perspektiv, moglegheit til å lære språk og få internasjonal erfaring, noko som vert verdsett av mange arbeidsgjevarar. Du vert oppmoda til å reise på utveksling i andre semester. På utveksling tar du emne til erstatning for valfrie forskingsemne, samt erstatning for eller ein tilrettelagt versjon av Forskningsdesign og kvalitative metodar

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Du kan søke om å ta doktorgradstudiet (ph.d.).

Du kan bli lektor om du tar eitt år med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), som gir undervisningskompetanse i samfunnsfag.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 98 50
E-post: studieveileder.svfa@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i sammenliknende politikk