Sosiologi (årsstudium)
I sosiologistudiet lærer du å analysere korleis menneske blir forma av samfunnet dei lever i, og korleis menneska skaper samfunnet gjennom daglege praksisar og handlingar.
- Varigheit
- 1 år
- Studieplassar
- 20
- Studiepoeng
- 60
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk
Kva lærer du?
På sosiologistudiet lærer du å sjå samfunnsforholda frå forskjellige synsvinklar og å drøfte ulike perspektiv. Ein slik kompetanse er viktig i mange bedrifter på ei rekke samfunnsområde.
Vi drøftar spørsmål som:
- Korleis kan vi analysere korleis samfunnsforholda har blitt til og korleis dei blir endra?
- Korleis kan samfunnsforholda skape sjansar og sette grenser for einskilde menneske enkeltmenneske og gruppene dei høyrer til?
- Kolonisering og imperialisme
- Klasseprosessar og endringar i kvinnene si stilling i samfunnet
- Historiske former for industrialisering og kapitalisme
Studiet passar for deg som er interessert i korleis samfunnet er organisert og endrar seg. Som sosiologistudent vil du få innsikt i levemåtane og levekåra til ulike samfunnsgrupper, og i ulike måtar å løyse samfunnsproblem på.
Studiekvardag
Studiet passar godt for deg som liker å arbeide sjølvstendig og legge opp studieveka på eiga hand. Undervisning og litteratur vil vere på norsk og engelsk, og du vil ha om lag 8-10 undervisningstimar i veka.
Som sosiologistudent vil du halde til på SV-fakultetet på Nygårdshøyden i Bergen sentrum. Som student ved SV-fakultetet kan du lese på biblioteket eller bruke lesesalane på Ulrike Pihls hus. Sosiologisk institutt og Fagutvalet legg godt til rette for at studentane skal føle seg inkludert i studiekvardagen. Fagutvalet arrangerer fleire sosiale aktivitetar som quizkveld, eksamensfrukost på instituttet og eksamensfestar.
Kva kan du jobbe som?
Teori og metodar du lærer gjennom studiet kan du bruke i mange forskjellige jobbar i arbeidslivet, for eksempel innanfor administrativt arbeid, politikk, ideelle organisasjonar eller kommunikasjon.
Årsstudiet med spesialiseringsemne i sosiologi gir deg kompetanse til å undervise i ungdomskolen og vidaregåande skole i samfunnsfaga.
Årsstudiet er ikkje eit grads- eller vitnemålsgjevande studium, men du kan bruke det som del av bachelorgraden i sosiologi. Du kan søke om intern overgang dersom du vil studere meir. Etter du har fullført bachelorgraden, kan du bygge på med ein mastergrad i sosiologi.
Opptakskrav og søknadsfrist
I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.
I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.
Studiets oppbygging
Årsstudium i sosiologi går over to semester og startar i august. Årsstudiet lar deg studere eit fagfelt i eitt år (60 studiepoeng). Det passar som eit tillegg til tidlegare utdanning, eller om du vil studere i berre eitt år.
Du vel årsstudium med innføringsemne eller spesialiseringsemne ut frå kva for bakgrunn du har.
Årsstudium med innføringsemne
Passar for deg som ikkje har studert før. Er det same som første året i bachelorstudiet i sosiologi.
1. semester, haust
SOS100A – Innføring i sosiologi med fordjupingstema (20 studiepoeng)
Examen philosophicum – seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng)
2. semester, vår
SOS121 – Klassiske sosiologiske teoriar (10 studiepoeng)
MET103 – Kvalitativ samfunnsvitenskapleg metode (10 studiepoeng)
Valemne i sosiologi (10 studiepoeng)
Årsstudium med spesialiseringsemne
Passer for deg som har studert før og vil komplettere tidlegare utdanning eller skaffe deg undervisningskompetanse.
1. semester
SOS122 – Nyare sosiologisk teori (10 studiepoeng)
SOS123 – Det norske samfunn i endring (10 studiepoeng)
MET104 – Kvantitativ samfunnsvitenskapleg metode (10 studiepoeng)
2. semester
SOS121 – Klassiske sosiologiske teoriar (10 studiepoeng)
MET103 – Kvalitativ samfunnsvitenskapleg metode (10 studiepoeng)
Valemne i sosiologi (10 studiepoeng)
Utveksling
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudium.
Vidare studiemoglegheiter
Etter årsstudiet kan du ta bachelorgraden i sosiologi, slik at du kan fortsette studiane og søke på masterprogrammet i sosiologi. Da kan du rette masteroppgåva inn mot det yrkesområdet du vil jobbe med.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.