Jobb etter studiene
91 prosent av våre tidligere studenter får relevant jobb etter kort tid og 42 prosent får jobb før de er ferdig med studiene. Les hvorfor høyere utdanning blir viktigere i fremtiden.
På teatervitskap studerer vi skodespelarkunst, regi, dramaturgi og scenografi, og korleis teateret kommuniserer med samfunnet og publikum. Teatervitskap er viktig for å forstå teateret i seg sjølv, men òg for å forstå litteratur, kunst, film og andre kultur- og kommunikasjonsformer.
Gjennom bachelorprogrammet i teatervitskap lærer du korleis du kan engasjere deg og bli ein god medspelar i kultur- og teaterlivet.
I teatervitskapen drøftar vi spørsmål som:
Dette studiet gir deg kunnskap om teateret si historie og om skodespelarkunst, dramaturgi og regikunst. Du lærer om teaterteoriar og estetiske teoriar, og om korleis faget er relevant i teaterproduksjon, kritikk og formidling.
Bachelorprogrammet i teatervitskap er eit fulltidsstudium. Som student får du tilgang til eit tett og engasjert fagmiljø, som gir nær oppfølging til kvar student. Du kan få kontaktar innanfor og utanfor universitetet, og arbeidspraksis som kan gi deg ein forsmak på arbeidslivet.
Teatervitskap samarbeider med teater- og kulturinstitusjonar i Bergen og resten av landet. Vi har dessutan nær kontakt med Studentteateret Immaturus, der mange av studentane våre er engasjert. Bergen har eit av dei mest attraktive studiemiljøa i Noreg.
Workshops med teaterutøvarar, ekskursjonar til utlandet og felles besøk på teaterframsyningar inngår i undervisninga. Ei typisk veke vil òg innehalde forelesingar, seminargrupper og praktiske øvingar. I tillegg kan du ha praksis ved teaterinstitusjonar eller i det frie scenekunstfeltet.
Med ein bachelorgrad i teatervitskap får du kunnskap som mellom anna mediebransjen har stort behov for. I tillegg får du unike kunnskapar om teater, samtidskunst og kritikk. Studiet gir eit godt fagleg grunnlag for deg som ønsker å arbeide med teater, media eller film.
Teatervitskapleg kompetanse er etterspurt i teaterinstitusjonar og det frie scenekunstfeltet, i offentleg kulturforvaltning, mediebransjen og innan undervisning og opplæring.
Du kan for eksempel arbeide med:
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Undervisningsspråk: Norsk
Oppbygginga av studieløpet ditt kan sjå slik ut:
1. semester
Introduksjon til kunst, teater og digital kultur (10 studiepoeng)
Akademisk skriving eller Språkkunnskap (10 studiepoeng)
Examen philosophicum, anten seminarmodell eller skuleeksamen (10 studiepoeng)
2. semester
Moderne teaterhistorie (15 studiepoeng)
Framsyningsanalyse og teaterkritikk (15 studiepoeng)
3. semester
Eldre teaterhistorie (15 studiepoeng)
Dramaturgi i teori og praksis (15 studiepoeng)
4. og 5. semester
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (60 studiepoeng)
6. semester
Teaterestetikk og teaterteori (15 studiepoeng)
Det er lagt til rette for at du skal kunne reise på utveksling til utlandet. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.
Dei fleste vel å dra på utveksling når dei skal ta frie emne. UiB har utvekslingsavtalar over heile verda.
Med ein bachelorgrad kan du søke opptak til masterprogrammet i teatervitskap. Med ein mastergrad har du enda betre moglegheiter for ein relevant jobb der du får spesialisere deg innanfor dine interesseområde.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.