Tysk (årsstudium)

På årsstudiet i tysk utforskar vi tysk språk, kultur og litteratur. I løpet av eitt år styrker du språkferdigheitene dine, les spennande litteratur og får ei betre forståing av tysk kultur og kommunikasjon.

Kva lærer du?

Årsstudiet har tre tematiske hovuddelar: språk, kultur og litteratur. I språkdelen arbeider du praktisk med lingvistikk (språkvitskap) og grammatikk og får bruke språket aktivt. I litteraturdelen vil du lese tekstar frå 1750 fram til i dag, blant anna Goethe, Thomas Mann, Franz Kafka og Ingeborg Bachmann, i tillegg til nyare forfattarar. Saman diskuterer vi tekstane og deira betydning.  

  • Du lærer å kommunisere på eit framandspråk og ta del i ein annan kultur.  
  • Du blir trygg i dine språkferdigheiter, og i stand til smidig kommunikasjon som opnar dører og skaper moglegheiter.
  • Du lærer å orientere deg i eit vidt spekter av tekstar og formidle innhaldet klart og effektivt.

Studiet tar utgangspunkt i at du har forkunnskapar, til dømes frå tyskundervisning på vidaregåande skole.  

Studiekvardag

Dette er eit fulltidsstudium. I ei typisk veke har du om lag 8 timar med undervisning og mykje tid til sjølvstudium aleine eller saman med medstudentar. Eit par gongar i semesteret møtest studentar og tilsette til felles lunsj, gjerne med små innslag og aktivitetar.  

I første semester kan du reise på eit tre-vekers studieopphald ved Det tysk-norske studiesenteret i Kiel mellom siste undervisningsveka og eksamen. Her får du intensiv språkundervisning ved sida av at du deltar på ekskursjonar, besøker delstatsparlamentet Landtag og utfører intervju med ein sjølvvald person.  

Som student hos oss har du det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. 

Kva kan du jobbe som?

Nokre av dei jobbane som kan være aktuelle for deg som har studert tysk, er:   

  • lærar  
  • journalist  
  • omsettar   
  • tilsett i statleg verksemd 
  • tilsett i næringslivet  
Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk og tysk

Studiet tar utgangspunkt i at du har forkunnskapar, til dømes frå tyskundervisning på vidaregåande skole.  

Studiets oppbygging

Årsstudium i tysk har oppstart i januar. Du har studierett frå hausten av og kan ta andre fag ved UiB. 

Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.   

Slik er studiet lagt opp:  

1. semester

Grunnemne i tysk språk I (10 studiepoeng)    

Tyskspråkleg kultur og historie (10 studiepoeng)    

Tysk språk og tekstkunnskap (10 studiepoeng)   

2. semester

Grunnemne i tysk språk II (10 studiepoeng)   

Tyskspråkleg litteratur (10 studiepoeng)  

Samanliknande europeiske kulturstudium (10 studiepoeng)  

Utveksling

Du kan ikkje reise på utveksling som del av årsstudiet. 

Vidare studiemoglegheiter

Dersom du vil fortsette å studere, kan du søke om å byte studieprogram til bachelorprogrammet i tysk. Årsstudiet i tysk kan i sin heilskap inngå i bachelorprogrammet.

Fullført årsstudium saman med ein fullført mastergrad i eit anna skolefag kvalifiserer for opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) med tysk som undervisningsfag.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar@if.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Årsstudium i tysk