Arabisk sosiolingvistikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- ARA122
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Medan alle i den arabiske verda veks opp med ei arabisk dialekt er moderne standardarabisk (og kalla fusha) eit språk som nesten ingen snakkar til dagleg. Likevel er moderne standardarabisk det einaste språket brukt i offentlegheita og i skrift, og er likt i heile den arabiske verda. Moderne standardarabisk er noko som må lærast i utdanning for alle, også arabiske språkbrukarar. Dialekt og moderne standardarabisk kan vere nokså ulike i både ordforråd og grammatikk. I munnleg, men og noko i skriftleg arabisk, ser vi at språkbrukarar kombinerer dei to variantane alt etter språksituasjon og utdanningsnivå. Dette fenomenet heiter på fagspråket kodeveksling. Kunnskap om spenninga mellom moderne standardarabisk og dialekt, og korleis språkbrukarar aktivt bruker denne i ulike settingar er sentral for å kunna forstå, omsetje og bruke arabisk riktig. Dette emnet tar opp den generelle språksituasjonen i den arabisk verden og studenten lærer å bli kjend med grunntrekka i hovudskilnaden mellom moderne standardarabisk og dialekt inkludert dei viktigaste teoriane om kodeveksling og korleis nyttiggjere seg desse i omsetjing og språklæring.
Dersom studenten studerer deltid dette semester anbefalast det først å ta ARA120.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- kjenner til dei viktigaste hovudtrekka om den generelle språksituasjonen i den. arabisk verden, inkludert språkpolitikk og relasjonen mellom språk, ideologi og religion.
- kan forklare dei viktigaste og mest praktiske teoriane om likskapane og ulikskapane mellom moderne standardarabisk og dialekt og korleis språkbrukarar forhald seg til dette i ulike situasjonar.
- kan forklare korleis kunnskap om kodeveksling er nyttig for språkforståing, kommunikasjon, omsetjing og språklæring.
Ferdigheiter
Studenten
- kan kjenne att sentrale markørar for ulike språknivå.
- kan reflektere over sentrale arabiskfaglege sosiolingvistiske teoriar.
Generell kompetanse
Studenten
- kan skrive eit sjølvstendig arbeid som formulerer, presenterer og analyserer faglege problemstillingar.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga i emnet er bygd opp av fem veker med dobbeltimar førelesningar (totalt to timar med undervisning per veke).
Det vert lagt opp til bruk av studentaktive læringsformer til døme studentane kommenterer på tekstane, og gjennom semesteret vil det vere stor vekt på eigenaktivitet. Det er venta at studentane førebur seg grundig til timane og gjennomfører etterarbeid og oppgåveløysing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
I emnet er det krav om å gjennomføre og få godkjent tre undervisningsaktivitetar. Alle tre må vere greidd i same semester. Kvar student må:
- møte til minimum 50 % av undervisinga.
- skrive ei oppgåve på omlag 1000 ord.
- delta på kurs hos universitetsbibliotek i byrjing av emnet.
Gjennom arbeid med oppgåva får studenten bli kjent med ulike sosiolingvistiske teoriar. Kurset på biblioteket skal gi studentane innføring i korrekt kjeldebruk og sitering. Kvar student får tilbakemeldingar på den skriftlege oppgåva med svar på kva ein har forstått og kva ein bør arbeide meir med før eksamen.
Alle obligatoriske arbeidskrav må vere bestått i same semester. Godkjenninga av dei obligatoriske arbeidskrava er gyldig i undervisningssemesteret og i dei to påfølgjande semestera.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Studentane har alle hjelpemiddel tilgjengelege då eksamen vert løyst heimefrå, men ein minner om at den innleverte oppgåva skal vera studenten sitt sjølvstendige arbeid.
Ein viser elles til UiB sine retningslinjer i høve fusk og plagiat, inkludert kunstig intelligens. Emneansvarleg vil ved semesterstart gjere greie for dei faglege retningsinjene kring bruk av kunstig intelligens i akkurat dette emnet.