Arabisk grammatikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- ARA120
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk, engelsk og arabisk.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Moderne standardarabisk er eit svært systematisk språk og kunnskapen om systemet bak språket er noko alle språkbrukarar må lære, også dei som har arabisk som morsmål (dialekt). Nokre ord endrar skrivemåte og form alt etter rolla ordet har i ei setning og grammatisk kunnskap er sentralt for å både lese, forstå og skrive moderne standardarabisk. Grammatikk og grammatisk analyse er naudsynt for å kunne omsetje til og frå norsk og engelsk på ein nøyaktig, fagleg og kritisk måte.
Rot-systemet i arabisk der fleste orda byggjer på tre konsonantar pluss eit mønster som kan variere, gjer at svært mange ord på arabisk eigentleg er relaterte til kvarandre på ein systematisk måte. Grammatikken ein lærer på dette emnet gjer at studenten vil kunne kjenne att og forstå langt fleire ord til skilnad frå å måtte pugge einskilde ord. Ein sentral ferdigheit er difor å kunne bruke ei rot-basert ordbok, noko som saman med grammatikken og kunnskapen om ordmønstre gjer studenten i stand til å lære arabisk vidare seinare på eigenhand. På dette emnet brukar vi den europeiske grammatiske terminologien, men og delvis den tradisjonelle arabiske som skil seg frå den europeiske, ikkje berre i termane, men og i innhaldet. Saman med ARA121 og ARA122 utgjer også ARA120 ein del av språkopplæringa i programmet som byggjer vidare på introduksjonsemnet ARA100.
Vi rår dei som studerer deltid å ta ARA120 før ARA121 og ARA122.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- kan gje att og anvende kunnskap om arabisk grammatikk på høgt mellomnivå om fenomen som til dømes: bøying av verb (i person, tempus, modus, aktiv/passiv (av sterke verb), avleidde former I-X (unntatt form IX), og idafa-konstruksjonar, dei vanlegaste akkusativ-funksjonane, og dei viktigaste bøyingane (men ikkje alle) av verb og nomen med svake røter.
- kan nok rotord for å ha eit større og meir aktivt ordforråd i arabisk skriftleg, men og munnleg.
Ferdigheiter
Studenten
- kan lese og omsetje nivåtilpassa tekster.
- kan fortelje og skrive om tema som seg sjølv, heimlandet, reise, studie, arabiske samfunn.
- kan bruke grammatikk aktivt for å omsetje nøyaktig og tekst-kritisk, og skrive. grammatisk riktig standardarabisk på eit enkelt mellomnivå.
- kan bruke arabiskfaglege grammatiske omgrep på norsk og delvis på arabisk.
- kan reflektere over systematiske grammatiske kontraster mellom arabisk og norsk. og adressere desse i praktisk omsetjing.
Generell kompetanse
Studenten
- kan drøfte betydninga til grammatikkferdigheiter i språklæring av arabisk som framandspråk.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga i emnet er bygd opp av tolv veker med førelesingar og seminar (totalt fire timar med undervisning per veke).
Det vert lagt opp til bruk av studentaktive læringsformer til dømes gruppearbeid og presentasjonar, og gjennom semesteret vil det vere stor vekt på eigenaktivitet. Det er venta at studentane førebur seg grundig til timane og gjennomfører etterarbeid og oppgåveløysing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
I emnet er det krav om å gjennomføre og få godkjent tre undervisningsaktivitetar. Alle tre må vere greidd i same semester. Kvar student må:
- møte til minimum 50 % av undervisinga.
- svare skriftleg på to obligatoriske oppgåver.
Gjennom oppgåvene får kvar student trening i analyse, bruk av sentral grammatisk kunnskap , samt trening i å skrive ein arabisk tekst. Kvar student får tilbakemeldingar på oppgåvene undervegs i semesteret med svar på kva ein har forstått eller kva ein bør arbeide meir med før eksamen.
Alle obligatoriske arbeidskrav må vere bestått i same semester. Godkjenninga av dei obligatoriske arbeidskrava er gyldig i undervisningssemesteret og i dei to påfølgjande semestera.