Omsetjing og praktisk bruk av arabiskfagets verktøy
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- ARA121
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Arabiskfaget slik det har utvikla seg i vestlege universitet har utvikla mange verktøy meint til bruk i språklæring og omsetjing til og frå moderne standardarabisk på alle nivå. I dette emnet får du ein oversikt over desse verktøya på alle nivå og korleis bruke dei mest kjente verktøya tilpassa nivået for resten av programmet.
Translitterasjon vart introdusert i ARA100, men her tatt opp igjen grundigare både til hjelp i språklæring (uttale) og for korrekt gjengjeving av namn og kjelder i akademiske og profesjonelle tekstar.
Både vestlege og arabiske ordbøker på mellomnivå er ikkje alfabetisk ordna fordi arabiske ord med rot (same tre hovudkonsonantar) ofte har relatert tyding, noko som er svært nyttig både i innlæring av vokabular og omsetjing. Ferdigheita å kunne bruke ei god fysisk eller digitale ordbok heng nøye saman med grammatikken frå ARA120 fordi for å finne dei tre rot-konsonantane i ordet, må bøyingsmønsteret til ordet identifiserast.
Referansegrammatikk er oversiktsverk av ulike lengde og av vanskegrad som gir studenten moglegheit til raskt å finne bøyingsmønster. Emnet gjer studenten kjend med og trygg på nokre få, kjente referansegrammatikkar.
I dei siste åra har mange nyttige digitale verktøy kome til og nesten alle som lærer arabisk som framandspråk bruker desse verktøya både i språklæring og i omsetjing. I dette emnet lærer studenten fordelane og ulempene med nokre av dei mest kjende verktøya, korleis dei verkar, og korleis det er mogleg å bruke dei på en kritisk og konstruktiv måte.
I dette emnet jobbar vi med grammatisk forenkla tekster og omset til og frå arabisk og norsk. Saman med ARA120 og ARA122 utgjer også ARA121 ein del av språkopplæringa i programmet som byggjer vidare på introduksjonsemnet ARA100.
Dersom studenten studerer på deltid dette semester anbefalar vi å ta ARA120 før ARA121.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskap
Studenten
- har oversikt over breidda av faglege verktøy og hjelpemiddel, inkludert digitale og språkteknologiske.
- kan anvende ei rot-basert ordbok (arabisk-engelsk) på middels nivå, og identifisere rot og slå opp alle ord med sterk rot og 50% av ord med svak rot (det vil seie der ein eller to av rot-konsonantane er yāʾ, wāw eller hamza).
- er kjent med 2-3 praktiske referansegrammatikkverk og kjenner hovudstrukturane i og ulikskapane mellom desse.
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke dei mest sentrale av arabiskfagets verktøy i sjølvstendig omsetjing og språklæring.
- kan lese og omsetje nivåtilpassa tekster (lærebok-tekster tilpassa nivået) på ein korrekt måte.
- har eit større og meir aktivt ordforråd i arabisk på ca. 1200 ord.
Generell kompetanse
Studenten
- kan bruke akademiske og praktiske digitale verktøy på ein sjølvstendig og kritisk måte.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga i emnet er bygd opp av tolv veker med seminar (totalt to timar med undervisning per veke).
Det vert lagt opp til bruk av studentaktive læringsformer til dømes gruppearbeid og diskusjonar, og gjennom semesteret vil det vere stor vekt på eigenaktivitet. Det er venta at studentane førebur seg grundig til timane og gjennomfører etterarbeid og oppgåveløysing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
I emnet er det krav om å gjennomføre og få godkjent to undervisningsaktivitetar. Begge desse må vere greidd i same semester. Kvar student må:
- møte til minimum 50 % av undervisinga.
- svare skriftleg på ei obligatoriske oppgåve med omsetjingseksempel og skrive eit refleksjonsnotat.
Gjennom arbeid med oppgåva får studenten brukt ulike språkteknologiske hjelpemiddel og reflektert over bruken på ein kritisk måte. Kvar student får tilbakemeldingar på kva ein har forstått og kva ein bør arbeide meir med før eksamen.
Alle obligatoriske arbeidskrav må vere bestått i same semester. Godkjenninga av dei obligatoriske arbeidskrava er gyldig i undervisningssemesteret og i dei to påfølgjande semestera.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Under skoleeksamen kan studentante bruke rot-basert ordbok, arabisk-engelsk. Studentane vil få ordbøkene tildelt i eksamenslokale.
Alle verktøy er tillatt på munnleg eksamen.