Arbeid med arabiske tekstar
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- ARA210
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk, engelsk og arabisk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Hovudmålet med emnet er å lære om korleis tilnærma seg autentiske tekstar på ein fagleg og kritisk måte. Språkferdigheitene og grammatikkunnskap vert framleis vidareutvikla frå ARA120, men i dette emnet er tekstane i stor grad autentiske og forfattarskap, kontekst og kommunikasjonssituasjonen er difor med i analysen. Språkteknologiske verktøy er tillatne på eksamen og tatt med i undervisninga og studentane skal kunne forklare fordelane og ulempene med til dømes digitale omsetjingsverktøy.
Emnet inneheld nokre få utvalde, viktige tekstar og sjangrar i arabisk litteraturhistorie, religion og samfunn, men hovudfokuset er på å forstå, analysere og omsetje tekstar eller tekstutdrag med eit moderne mediespråk- og generell sakprosa på middels nivå. Emnet inneheld og grunnleggjande dialektlære og den systematiske forskjellen mellom moderne standardarabisk og ei vald dialekt.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha oppnådd følgjande læringsutbyte:
Kunnskap
Studenten
- kan analysere og beskrive ein autentisk arabisk tekst, eller utdrag av ein tekst, med fagomgrepa frå dette og tidlegare disiplinemne.
- kan reflektere og argumentere for ulike tolkingar og omsettingar.
- kan nytta grammatikk som til dømes konjunksjonar, vilkårssetningar og relativsetningar i tillegg til grammatikken frå ARA120, til analyse og kortare tekstproduksjon på middels høgt nivå.
- kan formidle sentrale trekk om utvalde tekstar og sjangrar frå arabisk litteraturhistorie, religion og samfunn.
- har innsikt i dialektlære og systematiske forskjellar mellom moderne standardarabisk og ei vald dialekt og kunne gje att hovudtrekka i desse.
Ferdigheiter
Studenten
- kan lese, forstå og omsetje mediatekster og generelt fagspråk på høgt mellomnivå med hjelpemiddel.
- kan identifisere rota og slå opp i ei rot-basert ordbok alle ord med sterke røter og 90 % av ord med svake røter.
- kan bruke ein referansegrammatikk på høgt mellomnivå.
- kan bruke språkteknologiske hjelpemiddel til eigen tekstproduksjon, omsetjing og språklæring på ein fagleg og kritisk måte.
- kan skrive på mellomnivå med hjelpemiddel og delta i enkle samtaler.
Generell kompetanse
Studenten
- kan formidle innhald i arabisk tekstar på ein fagleg og kritisk måte.
- kan drøfte og reflektere omkring eigen språklæring.
- kan drøfte eigen bruk av digitale, språkteknologiske hjelpemiddel i språklæring og omsetjing.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga i emnet er bygd opp av tolv veker med to timar førelesingar og fire timar seminar (totalt seks timar med undervisning per veke).
Det vert lagt opp til bruk av studentaktive læringsformer til døme gruppearbeid med rom for å diskutere tekstar og kontekst. Gjennom semesteret vil det vere stor vekt på eigenaktivitet. Det er venta at studentane førebur seg grundig til timane og gjennomfører etterarbeid til døme oppgåveløysing og liknande.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
I emnet er det krav om å gjennomføre og få godkjent fire undervisningsaktivitetar. Alle fire må vere greidd i same semester. Kvar student må:
- møte til minimum 50 % av undervisinga.
- skrive tre obligatoriske oppgåver som kvar for seg dekker følgande tema:
- samanlikning av moderne standardarabisk og vald dialekt.
- grammatisk analyse, kommentar og omsetjing av vald tekst eller tekstutdrag frå pensum.
- eit essay om refleksjonar omkring eigen språklæring.
Gjennom oppgåvene får kvar student øvd på analyse- og utgreiingsarbeid, samt trening i å skrive ein reflekterande tekst. Kvar student får tilbakemeldingar på oppgåvene undervegs i semesteret med svar på kva ein har forstått eller kva ein bør arbeide meir med før eksamen.
Alle obligatoriske arbeidskrav må vere bestått i same semester. Godkjenninga av dei obligatoriske arbeidskrava er gyldig i undervisningssemesteret og i dei to påfølgjande semestera.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Studentane har alle hjelpemiddel tilgjengelege då eksamen vert løyst heime frå, men ein minner om at den innleverte oppgåva skal vere studenten sitt sjølvstendige arbeid.
Ein viser elles til UiB sine retningslinjer i høve fusk og plagiat, inkludert kunstig intelligens. Emneansvarleg vil ved semesterstart gjere greie for dei faglege retningslinjene kring bruk av kunstig intelligens i akkurat dette emnet.