Elektronisk litteratur
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- DIKULT203
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk, norsk ved behov
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Elektronisk litteratur er skjønnlitteratur laga for datamaskina og Internett. Elektronisk litteratur fokuserer på språkkunst og poetikk, men har forbindingar til andre former for digital kultur som digital kunst og dataspel. I dette emnet vil studentane lese elektronisk litteratur som t.d. hypertekstfiksjon, digital poesi og teksteventyrspill ("interactive fiction¿). Studentane vil òg studere teoretiske tekstar om og tolkingar av elektronisk litteratur.
Kreativ praksis er ein viktig del av emnet, og alle studentane vil delta i eit kollaborativt, elektronisk litterært verk kor ein anten skapar ein nettstad eller liknande frå botnen av eller modifiserer eit eksisterande verk ved å redigere programkode, tekst og bilete. Ein vil få undervisning i nødvendige tekniske ferdigheitar. Studentane vil òg få praktisk trening i å analysere elektronisk litteratur. Ein vil særleg diskutere korleis element som er vanlege i elektronisk litteratur, så som bilete, rørsle, tid og rom og interaktivitet verkar inn på teksterfaringa og lesarerfaringa, og korleis dette også problematiserer vår forståing av tradisjonell forteljing og lyrikk.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Kandidaten har kunnskapar ...
- om sjangrar innan elektronisk litteratur og deira historie
- om sentrale verk innan elektronisk litteratur
- om visuelle, kinetiske, temporale og interaktive trekk og deira funksjon i elektroniske forteljingar og poesi, og korleis desse problematiserer vår forståing av lesarrolla og skjønnlitteraturen generelt
- om elementære prinsipp innan programmering
Ferdigheiter
Kandidaten kan...
- nytte teoriar om elektronisk litteratur i eigne tolkingar av spesifikke verk
- skrive spesifikt for digitale medium
- drøfte korleis programkode og design kan vere element i skrivepraksis
Generell kompetanse
Kandidaten kan ...
- reflektere over eigen kreativ praksis og justere denne under rettleiing
- nytte kreative og akademiske formidlingsstrategiar
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Dikult103, Dikult105, Dikult205.
Generelt gjeld at bachelorstudentane bør ha tatt alle emna på 100-nivå i Digital kultur før dei byrjar på 200-nivå.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femnar om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Om fråværet overstig 25% må studenten vise fram legeattest for dagane med fråvær. Studenten kan ikkje ta eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.
Studenten må delta i eit kollaborativt praktisk prosjekt.
Studenten må velje eit verk i elektronisk litteratur som han/ho presenterer munnleg for klassen og som han/ho skriv ei kritisk skildring på omlag 400 ord av.
Den skriftlege oppgåva må følgje akademisk standard for bl.a. argumentasjon og sitering (jf. skrivetreninga tileigna på DIKULT101 og på 100-nivået).
Dei obligatoriske oppgåvene (kollaborativt arbeid, presentasjonen og den skriftelege skildringa) må godkjennast av emneansvarleg før studenten kan gå opp til eksamen. Studenten får resultatet og ein kort kommentar på oppgåva i god tid før eksamen. Om oppgåva ikkje er godkjend, har studenten eitt forsøk til.
Vurderingsformer
Semesteroppgåve, som kan vere:
- eit sjølvlaga verk i elektronisk litteratur, med innleiing på omlag 1500 ord som set verket i ein større kontekst
eller
- ein komparativ analyse på omlag 4000 ord av to verk i elektronisk litteratur.
Karakterskala
Ei forklaring av skalaen finn ein på Mitt UiB.
Vurderingssemester
Litteraturliste
Læremidla vil vere ein kombinasjon av elektronisk litteratur og teoretiske tekstar rundt desse verka og rundt elektronisk litteratur generelt. Tekstane inkluderer bøker, artiklar og diverse nettressursar.
Den elektroniske litteraturen (verka) er tilgjengeleg på nett eller installert i Digital kultur sin datalab.
Alt materiale er i utgangspunktet på engelsk. Studentane kan i oppgåver og på eksamen bruke og vise til kjelder på andre språk.
Lista over obligatorisk og tilrådd fagstoff, så langt dette er kjent på forehand, er tilgjengeleg på Mitt UiB før semesterstart og vert oppdatert fortløpande etter behov. Bøkene vil vere tilgjengelege på Akademika før semesterstart, eller nedlastbare som ebøker.