Videregåande mikroøkonomi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med kurset er å gi studentane ei innføring i sentrale delar av teorien for ressursallokering, velferdsteori og marknadssvikt.

Det vert gitt ein introduksjon til teorien om generell likevekt, som fører til velferdsteorema. Vidare vil ein i kurset gjera greie for korleis ein kan sikre mest mogleg effektiv ressursbruk når ein har marknadssvikt av forskjellige slag. I høve til dette blir grunnleggande spelteori og konsumenten sine val under usikkerheit gjennomgått. Prinsipp for best mogleg skattlegging er også ein del av kurset.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

  • forstår og kan beskrive normativ velferdsteori
  • kan gjere greie for grunnleggjande spelteori
  • kan gjere greie for konsumentens val under usikkerheit
  • kan forklare korleis forskjellige former for marknadssvikt verker på økonomien og kva det offentlege kan gjere for å betre situasjonen
  • kan gjere greie for grunnleggande skatteteori

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • kan gjere greie for og bruke modeller til å analysere velferdsteori og optimal allokering av ressursane i økonomien
  • kan analysere spel uten usikkerheit
  • kan modellere og analysere konsumenten sine val under usikkerheit
  • kan gjere greie for og bruke modellar til å analysere forskjellige formar for marknadssvikt, samt vise korleis ein kan løyse problema
  • kan analysere problemstillingar knytta til skattlegging og optimale skattar

Generell kompetanse

Kandidaten...

  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg om munnleg

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen, men se "Tilrådde forkunnskapar"
Tilrådde forkunnskapar
ECON100, ECON140 og ECON110 eller tilsvarande emne.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Ope
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar. Seminarundervisning.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei obligatorisk innlevering som må vere godkjend for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi må delta på obligatoriske seminar (minst 4 av 6 seminar) og levere to obligatoriske oppgåver som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Studentar på ITØK må delta på obligatoriske seminar (minst 4 av 6 seminar) og levere fire obligatoriske oppgåver som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.

Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

I dette emnet tilbys ordinær eksamen i undervisningssemesteret.

Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:

  • Avbrot under eksamen
  • Stryk/ikkje bestått

Studentar kan etter 15. januar/1. august melde seg opp sjølv i studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
  • Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters.
  • Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitetets reglar.
  • Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet.

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet.