Videregående matematikk og optimering
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- ECON243
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk og/eller norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Kurset skal gje studentane eit godt matematisk grunnlag for videre samfunnsøkonomistudier. Emnet inneheld tema som differensiering av funksjonar av fleire variablar, optimering med og uten sidevilkår, omhylning, integralrekning, differensiallikningar, rekker og føljer, grenseverdiar, forventning og varians, samt rekning med vektorer og matriser.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- kan gjere greie for differensiering (også implisitt) av funksjonar av fleire variablar og optimering med og uten sidevilkår.
- kan gjere greie for omhylning, integralrekning, differensiallikningar, rekker og føljer, grenseverdiar, forventning og varians.
- kan gjere greie for tydinga til vektorar og matriser.
Ferdigheiter
Studenten
- kan reikne på og differensiere funksjonar av ein eller fleire variablar (også implisitt), og optimere desse med og utan sidevilkår, og over tid.
- kan løyse likningar i fleire ukjende og reikne med inverse funksjonar, integral, nåverdi, forventning, varians, rekker, grenseverdiar, vektorer og matriser.
- kan formidle den økonomiske forståinga som kjem frå modellane, eksempla og resultata frå kurset og frå utreikningane studenten gjer.
Generell kompetanse
- kan formulere økonomiske problem matematisk, løysa desse og tolka resultata.
- kan nytte metodane i kurset til å forstå og tolke økonomiske artiklar og teori.
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Høst
Krav til forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Ope
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesningar og seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Mappevurdering med samla karaktervurdering basert på to deler i følgjande rekkefølge:
- 2 timars skriftlig midtvegseksamen (30%)
- 2 timars skriftlig slutteksamen (70%).
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Kalkulator: Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
- Casio FX-82, Casio FX-82ES PLUS eller Casio FX-82EX
- Hewlett-Packard HP30
- Texas instruments TI-30
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet.