Engelsk lingvistikk: språkhistorie
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Emnekode
- ENG221
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
I engelsk lingvistikk på 200-nivå tek studentane det same kurset som anten ENG221 (skoleeksamen) eller ENG261 (bacheloroppgåve).
Emnet gir ei innføring i viktige aspekt ved den historiske utviklinga av engelsk. Kurset kan ta opp fleire av stadia i denne utviklinga eller konsentrere seg om ein periode. Dessuten kan kurset omfatte språkeksterne såvel som språkinterne tilhøve, og ta for seg trekk ved ord- og setningsstruktur, uttale, vokabular og staving. Normalt vil det òg omfatte studium av primærtekstar frå tidlegare stadium av språket i tillegg til teoretisk litteratur.
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten:
- har utvida kunnskap om engelsk språk i eit historisk perspektiv
- har innsikt i prinsippa for språkendring generelt og kunnskap om endring i engelsk spesielt
Ferdigheiter
Studenten
- kan greie ut om og analysere engelsk språk i lys av historisk utvikling
Generell kompetanse
Studenten
- har øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar
- kan uttrykke seg korrekt på akademisk engelsk
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet og ENG110 (eller ENG114, ENG115) og ENG120 (eller ENG107, ENG108/118, ENG109/119), eller tilsvarande.
For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
For exchange students: Applicants have to document English language proficiency to access the course. Students should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.
Arbeids- og undervisningsformer
Seminar: opp til 16 timar (normalt 2 timar i veka i 8 veker).
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar.
Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk frammøte. Studentane må vere til stades på minst 75% av seminarundervisninga.
For å kunne ta eksamen må studentane òg gjennomføre og bestå éi obligatorisk oppgåve i tilknytning til seminara.
Alle obligatoriske arbeidskrav må gjennomførast i same semester.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum omfattar ei framstilling av grunnleggande emne i engelsk språkhistorie og primærtekstar.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.