Bacheloroppgåve i engelsk lingvistikk: språkhistorie

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet gir ei innføring i viktige aspekt ved den historiske utviklinga av engelsk. Kurset kan ta opp fleire av stadia i denne utviklinga eller konsentrere seg om ein periode. Dessutan kan kurset omfatte språkeksterne så vel som språkinterne tilhøve, og ta for seg trekk ved ord- og setningsstruktur, uttale, vokabular og staving. Normalt vil det òg omfatte studium av primærtekstar frå tidlegare stadium av språket i tillegg til teoretisk litteratur.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har utvida kunnskap om engelsk språk i eit historisk perspektiv
  • har innsikt i prinsippa for språkendring generelt og kunnskap om endring i engelsk spesielt

Ferdigheiter

Studenten

  • kan greie ut om og analysere engelsk språk i lys av historisk utvikling

Generell kompetanse

Studenten

  • har øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar
  • kan uttrykke seg korrekt på akademisk engelsk

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen formelle krav til forkunnskapar, men sjå "Tilrådde forkunnskapar".
Anbefalte forkunnskaper
Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet, ENG110 [og det nye lektortilpassa fellesemnet], eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp får ein ikkje studiepoengutteljing for ENG265L om det blir kombinert med ENG221, ENG221L (5 poeng reduksjon), ENG261, ENG211, ENG251, ENG225 eller ENG265. Ein kan ikkje få utteljing for både ENG265L og ENG225L.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak til lektorutdanninga ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: opp til 20 timar (normalt 2 timar i veka i 10 veker).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte. Studentane må vere til stades på minst 80% av seminarundervisninga.

For å kunne ta eksamen må studentane òg gjennomføre og bestå éi obligatorisk oppgåve i tilknyting til seminara.

Studentane skal levere eit utkast på semesteroppgåva på 1000 ord (±10%). Tilbakemelding blir berre gitt éin gong.

Det blir gitt rettleiing individuelt eller i gruppe. Studentane har rett og plikt til rettleiing i arbeidet med semesteroppgåva. Det er obligatorisk å få rettleiing to gonger. Studentane pliktar å halde dei fristane for innleveringar og rettleiing som blir sette av faglæraren. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinjene, misser retten til å ta eksamen i emnet.

Alle obligatoriske arbeidskrav må gjennomførast i same semester.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Eksamen er ei rettleidd oppgåve på 4500 ord (±10%). Tema for oppgåva vel studentane i samråd med faglærar. Talet på ord i litteraturliste og vedlegg er ikkje medrekna.

I tillegg er det ei munnleg prøve der studentane blir eksaminerte i heile pensum og i det skriftlege arbeidet dei har levert. Den munnlege prøva er justerande med ein karakter. Ein må få ståkarakter i begge prøvene for å få ståkarakter i heile emnet, og begge eksamensdelane må gjennomførast i same semester.

Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgjande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste

Pensum omfattar ei framstilling av grunnleggande emne i engelsk språkhistorie og primærtekstar.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for engelsk.
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.