Planlegging og berekraftig utvikling av byar og tettstader

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Kurset ser på moglegheiter og utfordringar for berekraftig utvikling i byar og tettstader. Det gir innsikt i sentrale samfunnsgeografiske perspektiv på byar og planlegging, og kunnskap om korleis bruke desse perspektiva på byutvikling globalt og i Norge.

Meir enn halvparten av verdas befolkning bur no i byar. Urbaniseringa skaper sosiale og miljømessige utfordringar for planleggarar, politikarar og borgarar. Byar kan bidra til berekraftig omstilling - men dette avheng av korleis dei blir bygd og styrt. Dette kurset ser på korleis globale, nasjonale og lokale prosessar former byar og tettstader, og korleis aktørar i byane kan handtere utfordringane med omstilling til berekraftig byutvikling. Kva gjer at enkelte byar er meir berekraftige og betre å bu i enn andre? Kurset tar i bruk samfunnsgeografisk perspektiv på stad, rom og skala, og ser på byutvikling heilt frå gatenivå og opp til global skala. Det blir lagt vekt på utfordringar og løysingar i norsk kontekst, med fokus på norske rammeverk for byutvikling og rolla lokale myndigheiter har i berekraftig byutvikling. Gjennom eksempel som blir gitt i forelesingane vil studentane bli kjent med handfaste løysningar som blir sett i verk i byane. De skal også lære å ta i bruk systemtenking og teoriar til kritiske analyser av desse løysingane.

Kurset er samkjørt med GEO223, og fellesforelesingar går på engelsk. Der GEO224 har ein kursdel på norske forhold som blir undervist på norsk, har GEO223 ein kursdel på engelsk som fokuserer på migrasjon og urbanisering i ei globalisert verd.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse::

Kunnskap

  • Studenten kan gjere greie for sentrale samfunnsgeografiske perspektiv på urbanisering, planlegging og berekraft
  • Studenten kan drøfte utfordringar i samtida for berekraftig utvikling og omstilling av byar og tettstader
  • Studenten kan kritisk drøfte ulike strategiar og løysingar som blir brukt for å fremme berekraftig byutvikling
  • Studenten har kjennskap til det norske systemet for planlegging og forvaltning, og kommunane si rolle i berekraftig omstilling

Ferdigheter:

  • Studenten kan bruke innsikter frå kurset i gruppediskusjonar.
  • Studenten kan skrive akademiske tekstar som drøftar og refererer til relevant faglitteratur, som ser samfunnsutfordringar frå flere perspektiv, og set desse perspektiva opp mot kvarandre.
  • Studenten evnar å bruke relevant teori i analysen av empiriske case.

Generell kompetanse:

  • Studenten har tileigna seg teoretisk kunnskap og innsikt om byar, planlegging og berekraftig omstilling, og kan bruke samfunnsgeografiske perspektiv til å analysere samfunnsutviklinga.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskaper
GEO121/GEO125 or GEO123/GEO124 eller tilsvarande kunnskap i samfunnsgeografi eller byplanlegging.
Studiepoengsreduksjon
GEO221, GEO222 og GEO223 (10 studiepoeng)
Krav til studierett
Ope for studentar ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

1-2 forelesingar á 2 timar pr veke.

Totalt: 12-14 forelesingar.

1 seminar á 2 timar pr veke.

Totalt: 6-8 seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Minst to presentasjonar på seminar.
Vurderingsformer

Eksamen i emnet har to delar:

  • Essay, 40% av samla karakter
  • Saleksamen 5 timar, 60% av samla karakter

Delkarakterar og samla karakter blir publisert i Studentweb. Begge deler må vere bestått i same semester for å få karakter i emnet.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester

Vurdering i undervisningssemester.

Eksamensdel 1: Essay

Studentar med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til studieveileder.geog@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Eksamensdel 2 - Saleksamen

Det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskrifta § 5-5.

Dersom det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær kan alle studentar med godkjent obligatorisk aktivitet melde seg til kontinuasjonseksamen. Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen kan du etter 15. august melde deg opp sjølv i Studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet
Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for geografi har det administrative ansvaret for emnet.