Forskingsdesign

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Siktemålet med dette emnet er å gje studenten inngåande kunnskap om og praktisk røynsle med det å utforme eit forskingsdesign. Emnet forstår forskingsdesign som samanhengen mellom trinna eller byggjeklossane til ein studie der vala på kvart einskild trinn må vurderast og argumenterast nøye for. Såleis tek emnet for seg samanhengen mellom det å, i), identifisere og avgrense ei problemstilling, ii), formulere forskingsspørsmål, iii), gjennomføre litteraturgjennomgangar, iv), utvikle eit teoretisk rammeverk med konseptualiseringar og operasjonaliseringar, v), velje metodisk tilnærming, vi), velje case og data, og vii), vurdere dei etiske sidene til eit forskingsprosjekt.

Læringsutbytte

Ved avslutta undervisning i emnet skal studenten ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten...

  • har inngåande kunnskap om dei viktigaste trinna i samfunnsvitskaplege forskingsdesign, korleis dei heng saman og kva val og vurderingar som må gjerast på kvart trinn i designet
  • har inngåande kunnskap om styrkane og svakheitene til forskingsdesign som nyttar kvantitative, kvalitative eller som kombinerer kvantitative og kvalitative metodar

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan utvikle eit sjølvstendig forskingsdesign som er godt tilpassa den spesifikke problemstillinga som er vald, og som klart får fram korleis teori skal nyttast i analysen
  • kan identifisere trinna og vala som er gjort i andre sine forskingsdesign
  • kan kan reflektere kritisk og konstruktivt over styrker og svakheiter ved dei vala som er gjort i eige og andre sine forskingsdesign
  • kan vurdere og diskutere vilkår for validitet og reliabilitet

Generell kompetanse

Studenten...

  • kan identifisera relevante datakjelder og metodar for datainnsamling
  • kan kritisk vurdera kjelder, akademisk argumentasjon og nytte referansar
  • kan samarbeide med andre i utforminga av designet til eit forskingsprosjekt

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
  • AORG332 (10 studiepoeng)
  • GOV332-2 (10 studiepoeng)
Krav til studierett
Emnet er for studentar som er tatt opp til masterprogram ved Institutt for politikk og forvaltning
Arbeids- og undervisningsformer
Gruppearbeid og seminar, førehandsinnspelte forelesingar og nettdiskusjon (såkalla "flipped classroom" tilnærming)
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltakelse i gruppearbeid (minst 60%). Oppmøtekravet gjelder uavhengig av om en leverer legeattest eller ikke. Svar på spørsmål om pensum i diskusjoner på MittUiB. Godkjent utkast til paper og obligatorisk oppmøte på seminar.

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle semesteret samt dei to påfølgande semestra. Arbeidskrava må være godkjent før eksamen kan avlegast.

Vurderingsformer

Innlevering av paper 5000 ord (+/-10 %, unnteke fremside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar, og vedlegg).

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester

Eksamen tilbydd kun i eksamenssemesteret.

Studentar med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskrifta i UiB kan søke om utsatt innleveringsfrist (kontinuasjonseksamen). Søknaden sendes til studieveileder.gov@uib.no innan innleveringsfristen.

Det gis maksimalt 3 dagars utsatt frist.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet.