Fordjupning i historie

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Studentane skal skrive ei oppgåve som skal bidra til å gi auke forståing og kunnskap innafor eit spesialisert felt i historiefaget. Det spesialiserte feltet kan vere ein teknikk, ein metode eller eit avgrensa og relevant tema for masterprosjektet.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Ved fullført emne har studenten grunnleggjande og praktiske kunnskapar innan den valde spesialiseringa.

Ferdigheiter:

Studenten kan praktisk bruke det valde spesialiserte feltet sjølvstendig i eige arbeid, og kan vurdere spesialiseringa kritisk.

Generell kompetanse:

Studenten har evne til å setja seg inn i relevant litteratur og bruke denne innsikta på ein praktisk-metodisk måte.

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Emnet er eit spesialeemne for studentar som av faglege årsaker og etter tilråding frå instituttet har delerstatta HIS304 med eit emne på 10 studiepoeng. Studentar bør ha avlagt eksamen i HIS301 før dei kan melde seg til eksamen i HIS307.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for alle tekne opp på masterprogrammet i historie, UiB
Arbeids- og undervisningsformer
Studentane sitt arbeid med emnet er knytt til utarbeiding av ei rettleia skriftleg oppgåve.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

Studenten skal skrive ei oppgåve på 2000 - 4000 ord (ca. 5-10 sider).

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Oppgåva blir vurdert til bestått/ikkje-bestått
Vurderingssemester
Litteraturliste
Studentane må velje ut eit pensum i samråd med rettleiar. Pensum kan ha eit omfang på opp til 400 sider.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
Programansvarlig
Emneansvarlig
Administrativt ansvarlig