Tvisteløysing i kommersielle forhold

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Rettstvistar i næringslivet har nokre typiske særtrekk. Tvistane er gjerne omfattande og komplekse både når det gjeld rettsspørsmål og bevissituasjon. På grunn av omfattande næringsverksemd over landegrensene er tvistane også ofte internasjonale. Når ein tvist først er oppstått, har partane gjerne eit særskilt behov for rask avklaring, og nokre gonger særleg behov for konfidensialitet. Nokre gonger skal partane samarbeida også etter at tvisten er løyst.

Desse særtrekka gjer at ordinær domstolshandsaming ikkje alltid er den mest føremålstenlege tvisteløysingsforma i kommersielle forhold. Både nasjonalt og internasjonalt er det difor utvikla alternative tvisteløysingsformer i tillegg til domstolshandsaming. Ofte kan partane på førehand avtala kva tvisteløysingsform som skal nyttast ved usemje mellom dei. Det kan vera statleg domstolshandsaming eller privat valdgift, men ofte finst det òg andre tvisteløysingsmetodar - som forhandlingar, mekling, oppmannsordningar eller nemndhandsaming.

Emnet JUS3552 Tvisteløysing i kommersielle forhold handlar om dette mangfaldet av tvisteløysingsmetodar. Studentane lærer om ulike alternativ, føremonar og ulemper ved kvart av dei og vurderingar om kva alternativ som er best for kvar einskild tvist. Det er partane som vel tvisteløysingsmetode, men nesten alltid etter innspel frå advokat. Emnet fokuserer difor òg på den rolla advokatane har når det gjeld å løysa slike tvistar, medrekna det ansvaret advokaten har for å føra tvisten inn i eit godt spor og det moglege erstatningsansvaret advokaten har overfor klient, motpart eller tredjepersonar.

Emnet tek særleg for seg valdgift, både internasjonalt og etter norske reglar og tradisjonar. Emnet dreier seg om internasjonale konvensjonar og modellreglar for valdgift, og korleis dette har påverka norsk valdgiftsrett. Studentane lærer òg om ulike former for valdgift, særleg skilnaden mellom institusjonell valdgift og den forma for adhoc-valdgift som er vanleg i Noreg. Emnet vil òg ta opp ein del kryssingspunkt mellom valdgift og vanleg sivilprosess, og det vil verte gjort samanlikningar mellom valdgift og vanleg sivilprosess.

Også domstolshandsaming av kommersielle tvistar, både nasjonalt og internasjonalt, er eit sentralt tema. Det gjeld særleg spørsmål knytte til kva lands domstolar partane bør velja, vernetingsavtaler, anerkjenning og fullbyrding av utanlandske dommar og mellombelse åtgjerder. Prosessuelle spørsmål som oppstår relativt hyppig ved handsaminga av større, komplekse tvistar, vert òg handsama, t.d. aktiv saksstyring og bevistilgang.

Emnet passar spesielt godt for studentar som er interesserte i å arbeida som prosedyre- og forretningsadvokatar, men vil òg vera relevant for studentar som er interesserte i å verte dommarar og for ei rekkje andre stillingar ein kan ha som jurist.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Etter å ha gjennomført emnet skal studentane kunna gjera greie for:

det breie spekteret av tvisteløysingsformer som står til disposisjon for kommersielle tvistar, mellom anna

  • kjenneteikna, føremonene og ulempene ved ulike tvisteløysingsformer som er aktuelle for å løysa kommersielle tvistar

valdgift i Noreg og internasjonalt, mellom anna

  • det rettslege rammeverket for nasjonal og internasjonal valdgift, medrekna internasjonale konvensjonar, modellreglar og korleis dei påverkar den norske valdgiftslova
  • kva valdgift er, og kva tvisteløysingsformer som vert omfatta av internasjonale konvensjonar om valdgift og den norske valdgiftslova
  • hovudformene for valdgift
  • kva som kan vera gjenstand for valdgift
  • krava til ei valdgiftsavtale, når ho er bindande, og kva verknader ho har for partane og eventuelt for tredjepartar
  • kompetansen til valdgiftsdomstolen, utnemning av valdgiftsdommarar og krava til valdgiftsdommarar og deira habilitet
  • valdgiftsprosessen og den fridommen partane har til å avtala dette
  • konfidensialitet
  • valdgiftsdommar og deira innhald, verknader og gyldigheit, særleg basert på internasjonale konvensjonar om anerkjenning av slike dommar

høvet mellom valdgiftsretten og tingretten, mellom anna

  • bruk av tingrettane for å gjennomføra spesielle rettargangsteg, som mellombelse åtgjerder eller pålegg om bevistilgang, undervegs eller i forkant av ein valdgiftsprosess
  • bruk av tingretten for å kjenna ein valdgiftsdom ugyldig
  • valdgiftsdommar og deira rettskraft, tvangskraft og andre prosessrettslege verknader

sivilprosessrettslege spørsmål med særleg tydning for store kommersielle tvistar, mellom anna

  • den tilgangen partane har til å inngå avtaler om prosessuelle spørsmål
  • bevistilgang
  • verktøy og rammene for den aktive saksstyringa dommaren har for å handtera komplekse tvistar
  • høva til bruk av moderne teknologi for å avvikla prosessen
  • alternativ til det vanlege prosessporet, slik som gruppesøksmål og særlege prosessformer
  • internasjonal privat- og prosessrett med tydning for kommersielle tvistar, mellom anna
  • lovvalspørsmål for tvisteløysingsklausular og valdgiftshandsaming
  • inngåing, form og verknad av vernetingsavtaler
  • reglar om mellombels åtgjerd og bevistilgang
  • anerkjenning og fullbyrding av utanlandske dommar

den rolla advokatane har når det gjeld å handtera store nasjonale og internasjonale tvistar, mellom anna

  • det etiske ansvaret advokatane har, reglane for det erstatningsansvaret advokatane sit på, og samanhengen mellom dei etiske normene og rettsreglane
  • rolla til advokaten ved risikoidentifikasjon, analyse og evaluering («risk assessment»), og dessutan kunnskap om kognitive utfordringar i prosessen og måtar å handtera desse utfordringane på
  • vern av konfidensialitet mellom advokat og klient

Ferdigheiter

Etter å ha gjennomført emnet skal studenten vera i stand til å

  • analysera komplekse tvistar med sikte på å gje ei rask, effektiv og rasjonell løysing
  • gje råd til klientar og andre om kva som er den beste måten å løysa ein kompleks rettstvist
  • tolka og nytta internasjonale konvensjonar i seg sjølv og i samspel med norske rettskjelder
  • inngå, tolka og nytta nasjonale og internasjonale avtalar om valdgift eller andre tvisteløysingsmetodar
  • ta stilling til korleis ein valdgiftsprosess skal vera basert på valdgiftsavtala og internasjonal eller nasjonal bakgrunnsrett
  • vurdera kva verknader ein valdgiftsdom har, om dommen kan anerkjennast og om han er gyldig

Generell kompetanse

Etter å ha gjennomført emnet skal studenten vera i stand til å:

  • nytta juridisk metode for å løysa komplekse rettsspørsmål der nasjonale og internasjonale komponentar er fletta saman
  • systematisera og avvega argument og gje råd til klientar og andre basert på desse argumenta
  • følgja med i rettsutviklinga på tvisteløysingsområdet
  • handtera akademiske krav til påliteleg og sjølvstendig bruk av kjelder og arbeidet til andre
  • planleggja og gjennomføra større arbeidsoppgåver innan ein viss frist
  • arbeida sjølvstendig og i grupper til dømes ved å gje tilbakemeldingar til tekstane eller dei munnlege presentasjonane frå andre
  • vurdera om moderne teknologi kan automatisera avgjerdsprosessar eller på andre måtar vera til hjelp når avgjerder skal takast.

Studiepoeng, omfang

20 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen
Krav til forkunnskaper

Det krevs at alle emne på tidligere studieår er bestått, sjå «Rekkjefølgje for emne i studiet» i Studieplan for integrert masterprogram i rettsvitenskap ved Det juridiske fakultetet i Bergen. Sjå likevel § 2-3 i Utfyllende reglar for studium ved Det juridiske fakultetet, Universitetet i Bergen om tilpassa utdanningsplan. Det kan ikkje dispenserast frå kravet til bestått karakter i JUS346 Rettergang.

For studentar på JUSVALG: Minst 4 år av femårig mastergrad i rettsvitskap, eller minst eitt år av toårig mastergrad i rettsvitskap. Det er eit absolutt krav med bestått karakter i JUS346 Rettergang eller eit tilsvarande emne.

Studiepoengsreduksjon
Ingen overlapp med andre emne.
Krav til studierett
MAJUR, MAJUR-2, POSTMAJUR, JUSVALG
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga i emnet består av ei blanding av førelesingar, seminar og skriveseminar. Det vil òg verte tilbode ekskursjonar til relevante aktørar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet har 20 dobbeltimar med obligatorisk undervisning. Det krevst frammøte på 14 av desse for å få gå opp til eksamen.

Under kurset skal det leverast svar på ei obligatorisk oppgåve med ei ordgrense på inntil 4000 ord. Tidsramma for oppgåva vert gjord kjend då kurset starta. Oppgåva må vera godkjend for å få ta avsluttande eksamen.

Vurderingsformer

Obligatoriske undervisingsaktivitetar er ein del av sertifiseringsgrunnlaget.

Etter kurset vert det avlagt 4 timars digital skuleeksamen, med ei absolutt ordgrense på 4500 ord.

Informasjon om digital eksamen finn du her: www4.uib.no/for-studenter/eksamen-og-innleveringer/saleksamen

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester

Høst

Kontinuasjonseksamen avholdes mot slutten av påfølgende semester. Se Utfyllende regler § 3-6 for adgang til kontinuasjonseksamen.

Litteraturliste
Litteraturlista vert publisert 1. juli.
Emneevaluering

I samsvar med retningslinjer for evaluering av emne ved Det juridiske fakultetet.

Hjelpemiddel til eksamen

Sjå dei utfyllande reglane for fakultetet § 3-8. Digitale utgåver av Bokmålsordboka og Nynorskordboka vil vera tilgjengelege i Inspera under eksamen.

I tillegg er alle rettskjelder i Lovdata tillate hjelpemiddel på eksamen.

Analoge hjelpemiddel er ikkje tillatne hjelpemiddel på eksamen.

Programansvarlig
Studieutvalet ved Det juridiske fakultetet.
Emneansvarlig
Professor Anna Nylund og førsteamanuensis Knut Høivik
Administrativt ansvarlig
Det juridiske fakultet, studieadministrasjonen