Digital mediebruk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- MEVI232
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mediebruk er individualisert og prega av forskjellar, og knytte menneske saman i kulturelle, sosiale og politiske fellesskap. Dette fordjupingsemnet gjer forståing for slike prosessar. Emnet tar for seg korleis media brukast i dag - i ein kvardag prega av digitale plattformar, algoritmar og kunstig intelligens. Pensumlitteraturen gir kritiske perspektiv på tema som skjermbruk, sjølvframstilling på nettet, nyheitsbruk og samfunnsorientering, eller skiljelinjer i mediebruk mellom grupper og ulike stader i verda.
Undervisninga vektlegg praktisk fordjuping i metodiske tilnærmingar som er særskilt relevante for å studere digital mediebruk. Gjennom arbeid med eit forskingsprosjekt får ein innsikt i planlegging, forskingsetikk, datainnsamling, analyse og formidling. Emnet vektlegg studentaktiv læring, samarbeid i grupper og individuell fordjuping.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten...
- har kunnskap om mediebruk i samfunnet og i identitetsskapande prosessar
- har kunnskap om bruk av sosiale, digitale og algoritmiske medium
Ferdigheiter
Studenten...
- kan analysera mediebruk ved hjelp av metodar som er sentrale i forskinga
- kan reflektera over mediebruk i ein digital kvardag
Generell kompetanse
Studenten...
- kan utvikla relevante problemstillingar, forskingsdesign og analysar for avgrensa prosjekt
- kan arbeide i grupper med avgrensa prosjekt
- kan ta del i fagleg formidling
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga inneheld forelesingar og seminar.
Arbeid med eit forskingsprosjekt i grupper er sentralt både for forelesningar og seminar.
Forelesningane vektlegg studentaktiv læring og refleksjonar om metode.
Seminara kan vere organisert som litteraturseminar med lesing og diskusjon av pensum, og/eller som workshops retta mot utforsking av spesifikke problemstillingar, metodar og analyser.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjend deltaking (80%) på seminar.
Godkjende arbeidskrav knytt til forelesningar og seminararbeid.
Innleveringar kan til dømes inkludere individuelle refleksjonsnotat frå gruppearbeid, formidling frå gruppearbeid, og individuell tekstpresentasjon.
Godkjende arbeidskrav er avgrensa til undervisningssemesteret og påfølgjande semester.
Vurderingsformer
Eksamen har to delar:
- Innlevering av presentasjon frå prosjektarbeidet, produsert i grupper. Tél 40 prosent av samla karakter.
- Munnleg individuell eksamen. Tél 60 prosent av samla karakter.
Delkarakterar og samla karakter blir publisert i Studentweb. Begge deler må vere bestått for å få karakter i emnet.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Gruppevis prosjektarbeid:
Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.
Munnleg eksamen:
Ny eksamen blir arrangert for studenter med gyldig fråvær på eksamensdagen, forutsatt at presentasjon frå prosjektarbeidet er levert. Studentar med gyldig fråvær slik det er definert i UiB-forskrifta § 5-5 kan søke om ny eksamensdag.