Fordjupingsemne i allmenn og nordisk litteraturvitskap
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- NORALLV201
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og/eller eit anna skandinavisk språk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet har som mål å gi studenten ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innafor nordisk og allmenn litteraturvitskap. Det skal gi kunnskapar og kompetanse som går ut over det studentane har tileigna seg på 100-nivå.
Tema for emnet vil variere frå semester til semester. Emnet kan gi tilbod om fordjuping i t.d. retorikk, kjønn, ein sjanger, ein forfattarskap, ein litterær tradisjon, epoke, osb., avhengig av aktuell forsking og undervisar.
Tema for kvart semester vil bli oppdatert i emneplanen på uib.no innan frist for publisering av litteraturlister.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Studenten har
- brei og inngåande kjennskap til skjønnlitteraturen på pensumet
- god kjennskap til sentrale poeng i fagtekstane og dei grunnleggjande argumentasjonsformene i dei
- oversyn over relevant forsking innanfor emneområdet
- kunnskap om sentrale forskingsproblem knytt til emneområdet
Studenten kan
- vise sjølvstendig evne til å utvikle, avgrense og formulere fruktbare litteraturvitskaplege problemstillingar
- demonstrere ferdigheiter i å analysere verk og litteraturteori, i tillegg til å posisjonere forskingslitteraturen litteraturvitskapleg
- velje ut og vurdere bruken av teori i eigne konklusjonar
Studenten er i stand til å
- skrive sjølvstendige fagtekstar innanfor eit avgrensa fagområde
- grunngi valet og bruken av omgrep og metodar i eige tekstarbeid
- velje ut relevant teori knytt til eit forskingsområde
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Følgjande obligatoriske aktivitetar må vere godkjende av faglærar før studenten kan ta eksamen:
- Studenten må vere til stades minst 70 % av undervisinga for å få emnet godkjent.
- Det er obligatorisk med minst ei skriftleg innlevering i løpet av semesteret.
- Det er obligatorisk å levere utkast til semesteroppgåva og motta rettleiing på ho.
Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldige i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Semesteroppgåve.
Ei semesteroppgåve skriven under rettleiing. Oppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid og skal ha eit omfang på inntil 5000 ord. Litteraturliste, eventuell forside, innhaldsliste og vedlegg er ikkje inkludert i ordteljinga.
Oppgåva må vise ein jamt god prestasjon der kandidaten viser god vurderingsevne og godt sjølvstende på dei viktigaste områda.
Oppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum er på ca. 1000 sider (6-8 verk) kor minst to verk (30%) skal vere frå det skandinaviske språkområdet og normalt minst to verk frå eit anna språkområde.
Dei litterære verka skal om mogleg lesast på originalspråket. Pensum ska innehalda eit stort innslag av skjønnlitteratur.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.