Fjernord: Norsk språk 2
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Emnekode
- NOSP602
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk. Dansk og svensk kan og bli brukte i nokon grad
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet har som mål å gi studentane eit felles utgangspunkt for studiet av norsk som eit resultat av historisk utvikling og geografisk og sosial variasjon i moderne norsk. Emnet skal bidra med kunnskap som er naudsynt for norsklærarar, språkkonsulentar og andre som utøver yrke der gode norskspråklege kvalifikasjonar er eit krav. Norsk skal òg studerast i samanlikning med dei andre nordiske språka (dansk, færøysk, islandsk og svensk).
Emnet har fire tema:
(1) grunnleggande språklydlære og grammatikk
(2) norsk språkhistorie
(3) geografisk og sosial talemålsvariasjon
(4) andre nordiske språk
Studiet av språkhistoria skal gi innsikt i framveksten av munnleg og skriftleg norsk. Det omfattar eit mindre studium av norrønt språk som bakgrunn for å forstå dei seinare utviklingane.
Studiet av talemålsvariasjon skal gi innsikt i dagens språksituasjon på ein historisk bakgrunn. Studiet av dei andre nordiske språka skal gi oversyn over noverande språktilhøve og utvalde forskjellar og likskapar mellom språka.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
•har grunnleggande kunnskap om språklydlære og grammatikk
•har kunnskap om den språkhistoriske utviklinga (lydlære, rettskriving, grammatikk, ordtilfang) fram til moderne norsk tale og skrift
•har brei kunnskap om geografisk og sosial variasjon i norsk
•har grunnleggande kunnskap om dei andre nordiske språka
Ferdigheiter
Studenten
•kan bruke kunnskapane i praktiske oppgåver med språkleg materiale
•kan bruke hjelpemiddel til å omsette ukjend tekst frå andre nordiske språk til norsk og kommentere grammatiske og leksikalske utfordringar i omsettinga
•skriv nynorsk korrekt og godt
Generell kompetanse
Studenten
•kan lese og orientere seg i språkfagleg litteratur
•har innsikt i etiske problemstillingar knytte til tekstar og språkleg materiale
•kan delta i kunnskapsbaserte diskusjonar om nordiske språk
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Nettbasert undervisning.
Studenten arbeider sjølvstendig innanfor ein fast modulstruktur som er utarbeidd på læringsplattforma. Nokre førelesingar og økter med oppgåveløysing, måndag-fredag på kveldstid og/eller laurdag-søndag på dagtid.
Kontrolloppgåver som må gjennomførast mellom kvar modul på læringsplattforma.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Vurderingsforma er ein heimeeksamen på fire timar.
Studenten skal skrive på nynorsk.
I samsvar med nasjonale retningslinjer blir det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.