Rasjonalitet og politisk åtferd

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Dette kurset nyttar teoretiske modellar og empiriske funn frå statsvitskap og åtferdsøkonomi for å forklare politisk åtferd. Kurset tek utgangspunkt i ei sentral spenning: den mellom dei klassiske føresetnadene i teoriar om rasjonelle val og empiriske funn frå eksperimentell åtferdsforsking.

Kurset gjev analytiske verktøy for å forstå politisk åtferd gjennom sentrale spørsmål som: kva som formar preferansar for omfordeling av gode, kvifor nokre vel å stemme medan andre ikkje gjer det, korleis medianveljar-teoremet forklarar partikonkurranse, og korleis oppfatningar om rettferd påverkar politiske haldningar.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten...

  • kan gjere greie for metodologisk individualisme som vitskapsfilosofisk fundament for teoriar om rasjonelle val.
  • forstår sentrale formale modellar for politisk åtferd.
  • kan gjere greie for sentrale teoriar om fordelingsrettferd.
  • kan gjere greie for empirisk forsking på tema som veljaråtferd og rettferdspreferansar.
  • kan forklare korleis omsyn til rettferd utfordrar og kompliserer klassiske modellar for rasjonelle val.

Ferdigheiter:

Studenten kan...

  • nytte formale modellar frå rasjonell val-teori for å analysere konkrete politiske fenomen.
  • identifisere og kritisk vurdere dei sentrale føresetnadene som ligg til grunn for formale modellar for politisk åtferd.
  • drøfte og samanlikne prediksjonar frå rasjonell val-teori med empiriske funn frå åtferdsforsking.
  • nytte sentrale rettferdsteoriar og funn frå forsking på rettferdspreferansar for å analysere og forklare politiske haldningar og åtferd.

Generell kompetanse:

Studenten kan...

  • nytte teoretisk innsikt til å reflektere kritisk over aktuelle politiske hendingar og samfunnsdebattar.
  • forstå og vurdere korleis teoretiske modellar forenklar komplekse sosiale fenomen, og kjenne att både styrkane og veikskapane ved slike forenklingar.
  • syne evne til sjølvstendig og kritisk tenking om politisk åtferd og dei mekanismane som formar ho.
  • formidle faglege analysar og teoretiske resonnement på ein klar og presis måte.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
SAMPOL105SAMPOL106SAMPOL107, SAMPOL115/SAMPOL116 og MET102 eller MET103 og MET104
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesningar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

Seks timar skriftleg skuleeksamen.

Eksamensoppgåvene blir gjevne på undervisningsspråket i emnet. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala frå A til F vert nytta.
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:

  • Avbrot under eksamen
  • Stryk/ikkje bestått

Studentar kan etter 1. august melde seg opp sjølv i studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sammenliknende politikk har det administrative ansvaret for emnet.