Bacheloroppgåve i sosiologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Hovudmålsetjinga med bacheloroppgåva er at studentane skal foreta ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei sosiologisk problemstilling med utgangspunkt i anten sosiologisk litteratur eller eit empirisk datamateriale.

Emnet består av ei generell innføring i skriving av ei bacheloroppgåve, og ei sjølvvalt sosiologisk fordjuping som skal resultere i ei sjølvstendig skriftleg oppgåve. Oppgåva skal ta utgangspunkt i eit tema/ei problemstilling som anten vert drøfta ut frå eit eller fleire teoretiske perspektiv, tidlegare forsking eller empirisk analyse av kvantitative eller kvalitative data frå tidlegare forsking.

Læringsutbytte

Etter gjennomføring av emnet skal studenten kunne

  • Gjere greie for relevant faglitteratur om eit eige vald tema og vise innsikt i teoretiske og metodiske problemstillingar knytt til tema.
  • Utforme ei sosiologisk problemstilling og eit opplegg for undersøkingar og analyse av eit eige valt tema.
  • Gjere eit utval og analysere ulike typar empirisk og/eller teoretisk materiale, samt disponere og framstille sjølvstendig eit skriftleg sosiologisk arbeid.
  • Gjennomføre ein sjølvstendig innsamling og analyse av relevant forskingslitteratur og empirisk materiale om eit avgrensa tema, og presentere denne analysen på ein kortfatta og oversikteleg måte.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskaper

MET102, SOS101, SOS103-L og eit av valemna SOS105-L eller SOS113-L

eller

MET103, MET104, SOS121, SOS122 og SOS123

Studiepoengsreduksjon
SOS202 (10 stp)
Krav til studierett
Emnet er ope for lektorstudentar med sosiologi som fag 2
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, seminar og rettleiing.

Ein har kun rett på rettleiing i eitt semester.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innlevering av temavalg med litteraturgjennomgang.

Arbeidskravet må vere godkjent før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.

Godkjende obligatoriske arbeidskrav har ingen tidsavgrensing

Vurderingsformer
Innlevering av ei bacheloroppgåve (6000 ord, +/-10%, ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg).
Karakterskala
Bokstavkarakter A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i eksamenssemesteret.

Studentar med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskrifta i UiB kan søke om utsatt innleveringsfrist (kontinuasjonseksamen). Søknaden sendes via Syk på eksamen innan innleveringsfristen.

Det gis maksimalt 7 dagars utsatt frist.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle
Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.