Studieplan for MADESIGN Masterprogram i design, høst 2026

Undervisningsspråk

Det er naudsynt at søkjaren beherskar engelsk ved studiestart. Arbeidsspråk er norsk og engelsk. Rettleiing blir gitt på begge språk.

Mål og innhald

På masterprogrammet i design får du fordjupe deg i eit skapande designprosjekt i to år. Du kan velgje fordjuping innan fagområdane visuell kommunikasjon eller møbel og romarkitektur og du får tid til å utforske ditt eiget prosjekt med tilgang på verkstader og fagmiljø i verdsklasse. I studiet får du individuell rettleiing og undervisning knytt til designfaglege prosesser og anledning til å vise ditt designprosjekt for omverda.

Masterprogrammet gir moglegheit for fordjuping med eit tidsperspektiv som gir rom for undersøking, visuelle, konseptuelle og materielle utprøvingar og eksperimentering i alle designprosessens fasar. Kvar student søker til utdanninga med eige prosjekt, som utviklast i møtet med fagmiljøet og ein større offentlegheit. Kjernen i utdanninga er utvikling av masterprosjektet, som er eit større, sjølvstendig prosjekt. Studentane vel sjølve fordjuping innanfor eitt av fagfelta ved Institutt for design.

Fordjuping betyr å avdekke, utforske og tydeleggjere grunnlaget for designprosessar som kjem til uttrykk i visjonar og konsept. Masterstudentane må balansere eigne perspektiv mot andre sine, felles omsyn mot eigne mål, verda no mot verda som kjem.

Masterprogrammet integrerer teori og praksis, med vekt på forholdet mellom design som skapande praksis og design som idéfag. Undersøking gjennom design tyder samspel og veksling mellom ulike arbeidsformer og tilnærmingar, mellom eige skapande arbeid, diskusjon med fagfeller og kritisk refleksjon.

Gjennom skapande prosessar, i samspel med materialar og verktøy, utviklar studentane sensitivitet for form, uttrykk og kommunikasjon, som er vesentleg innan både materielle og immaterielle former for design. Slik kan visuelt språk avklare og uttrykke ny innsikt. Studentane bruker materialar, form, farge, dimensjoner, bilde, tekst, struktur og funksjon for å skape meining. Dei gjer sine idear og konsept forståelege, for seg sjølv og andre gjennom design.

Utdanninga er forankra i fagmiljø som fører vidare og fornyar ein sterk tradisjon for arbeid i verkstad og spesialrom, kritisk tenking og samarbeid med omverda. Fagmiljøa ved Institutt for design er opne overfor nye idear innanfor sine fagfelt, og verdset mangfald i perspektiv på ulike designpraksisar og designroller. Ein vesentleg del av læringa i masterprogrammet skjer gjennom deltaking i felles faglege samtalar og diskusjonar mellom studentane, i fagmiljøet ved Institutt for design og i møte med andre fagmiljø. Eit eige seminarprogram er felles for alle studentane i masterprogrammet. Veksling mellom individuelt og kollektivt arbeid er sentralt.

Gjennom sine masterprosjekt bidreg studentane til nytenking og fagleg utvikling, gjerne på tvers av etablerte faggrenser. Aktuelle samfunnsutfordringar er ofte reflektert i masterstudentane sine arbeid. Dei formidlar eigne prosjekt skriftleg, munnleg og gjennom utstillingar. Masterstudentane er integrert i forskingsmiljøet ved Institutt for design og Fakultet for kunst, musikk og design. Forsking gjennom design er ei form for kunstnarleg utviklingsarbeid, som i Noreg er likestilt med annan forsking.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved fullført program ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap og ferdigheiter

  • arbeide metodisk og eksperimentelt i designprosessar
  • utvikle, gjennomføre og formidle større, sjølvstendige designprosjekt
  • initiere og leie komplekse designprosessar
  • belyse og fortolke samfunnsaktuelle spørsmål gjennom eige arbeid
  • identifisere problemområde og foreslå løysingar til designsituasjonar, ut frå innleving i behov til ulike brukarar
  • artikulere, verbalt og visuelt, designfaglege intensjonar, verdiar og meiningar til ulike målgrupper, også utanfor eige fagområde
  • bruke kunnskap frå forsking og teori i eige arbeid

Generell kompetanse

  • kommunisere og samhandle effektivt med andre i utviklingsprosessar, innanfor og utanfor eige fagfelt
  • ta informert omsyn til fagleg usemje og mellommenneskelege forhold
  • kritisk vurdere eigen progresjon og fornye eigne læringsstrategiar

Opptakskrav

Opptak til masterstudiet i design krev ein bachelorgrad i design, eller annan relevant utdanning tilsvarande 180 studiepoeng.

Søkjarane sine kvalifikasjonar blir i første opptaksrunde vurdert på grunnlag av prosjektutgreiing og dokumentasjon av relevant designfageig arbeid (portfolio). Søkjarar som kjem vidare til andre opptaksrunde blir innkalla til intervju.

Krav til prosjektutgreiing

Prosjektutgreiinga bør ha et omfang på ein til to A4-sider. Den skal gjere greie for:

  • tema i prosjektet og område for designfagleg utforsking
  • motivasjon til søkjaren for å gjennomføre prosjektet, og prosjektet sin samfunnsrelevans
  • mål for prosjektet og hovudspørsmål
  • korleis prosjektet er tenkt utført og presentert

Krav til portfolio

Portfolio bør innehalde dokumentasjon av designfaglege arbeid og prosjekt som syner at søkjaren er kvalifisert for å gjennomføre eit sjølvstendig masterprosjekt.

Obligatoriske emne

Første semester:

DES310 Designpraksis 1 - Avdekking

DES311 Design som forsking

DES312 Designmetodikk

Andre semester:

DES320 Designpraksis 2 - Ideutvikling og eksperimentering

DES321 Fellesprosjekt

Tredje semester:

DES330 Designpraksis 3 - Utprøving og bearbeiding

Fjerde semester:

DES350 Designpraksis 4 - Sammenstilling og formidling

Rekkefølgje for emne i studiet

Rekkefølgen i emnene er:

Første semester:

DES310 Designpraksis 1 - Avdekking

DES311 Design som forsking

DES312 Designmetodikk

Andre semester:

DES320 Designpraksis 2 - Ideutvikling og eksperimentering

DES321 Fellesprosjekt

Tredje semester:

DES330 Designpraksis 3 - Utprøving og bearbeiding

Fjerde semester:

DES350 Designpraksis 4 - Sammenstilling og formidling

Arbeids- og undervisningsformer

Det sjølvstendige masterprosjektet er tufta på eit individuelt studieløp, der studentane sjølve gjer ein rekke faglege val og styrer eigen læring. Masterprogrammet krev høg grad av sjølvstende og vilje til å fordjupe seg over lengre tid i faglege problemstillingar.

Arbeidet med masterprosjektet går over fire semester, med utgangspunkt i søkarens prosjektbeskriving, vidare undersøkingar og analyser. I første semester arbeider studentane med vidareutvikling av eigen prosjektutgreiing og med undersøking gjennom design.

Det ferdige masterprosjektet skal inkludere en refleksjonsdel som bidreg til å plasserer prosjektet i ein kontekst. Denne skal fungere som reiskap for naudsynte val og vurderingar undervegs i designprosessen. Format for refleksjonsdelen kan variere ut frå karakteren til prosjektet.

I fjerde semester blir masterprosjektet presentert offentleg, som oftast ved deltaking i ein felles avgangsutstilling.

Rettleiing

Rettleiing har ein sentral plass i masterprogrammet og studenten får tildelt rettleiar ut frå fagleg fordjupingsområde. Hovudrettleiar er studenten sin faglege og institusjonelle hovudkontakt, og har ansvar for å vurdere progresjonen til studenten. Kvar student har rett på eit antal møter med sin hovudrettleiar kvart semester. Det er opp til studentane sjølv å disponere rettleiinga og å gjere avtalar med hovudrettleiar og eventuelle birettleiarar.

Obligatoriske emne

Utdanninga består av obligatoriske emnar der designmetodikk og utvikling av prosjektarbeidet er sentrale. Emna legg vekt på å gi studentane verktøy og kompetanse for å avdekke og utforske moglegheiter innan designfaget og å synleggjere sitt eiget prosjekt sin tematikk og metodiske tilnærming. Emna legg vekt på samarbeid, tverrfaglegheit, samanheng og formidling.

Valbare emne

Utdanninga omfattar eit differensiert tilbod av ulike tematiske emne som skirar naudsynt kompetanse knytt til dei ulike fordjupingane som masterprogrammet i design omfattar. Valbare emne tilsvarar totalt 15 studiepoeng i programmet.

Relevans for arbeidsliv

Designarar med mastergrad frå UiB kan ha ulike designarroller og leie komplekse designprosessar, avhengig av faglege interesser og valt fordjuping i masterprogrammet. I arbeidslivet kan dei bidra med

  • handlekraft og sjølvstendig tenking, forankra i relevante fortolkingsråmer og samtidsperspektiv på aktuelle utmaningar i samfunnet
  • idé- og konseptutvikling, omsetjing av idear til handling og konkrete resultat, prosjekt og prosessar
  • offensivt samspill i grupper, faglege og tverrfaglege.

Kandidatar med fordjuping i visuell kommunikasjon har heilskapsperspektiv på korleis idear og konsept kan bli formidla gjennom ulike verktøy, material og medium. Sentrale fagfelt som typografi, illustrasjon, visuell identitet, redaksjonell design, rørlege bilde og interaktivitet er alle uttrykksformer for å gjere idear synlege, tenkelege og forståelege for andre.

Kandidatar med fordjuping i møbel- og romdesign/interiørarkitektur arbeider med relasjonen mellom menneske og omgjevnader, og uttrykker sine idear og konsept i form av tredimensjonale objekt og romlige former. Dei vektlegg samanhengen mellom møbeldesign og interiørarkitektur. Form, farge, material, lys, ergonomi og konstruksjon står sentralt.

Designaren er tilsett i offentlege og private verksemder. Mange er gründerar som startar eigne verksemder eller enkeltpersonføretak.

Delstudium i utlandet

Utveksling og eksterne prosjektperioder: Studieprogrammet tilbyr studentutveksling for studenter i det andre eller tredje semester. Dette må være forhåndsgodkjent av studentens hovedveileder.