Farmasi (master)

Farmasi er læra om legemiddel. Riktig legemiddelbruk fører til betre folkehelse, mens feil legemiddelbruk fører til personskadar og ekstrautgifter for samfunnet. Med ein mastergrad i farmasi lærer du korleis ulike legemiddel blir laga og korleis dei verkar inn på kroppen vår.

Kva lærer du?

Som farmasistudent får du ei brei utdanning og blir spesialist på legemiddel. Du lærer korleis du kan bruke legemiddel på ein best mogleg måte for å førebygge, lindre eller lækje sjukdommar og skadar. Farmasi er eit vidt fagområde som inkluderer kjemiske, biologiske og spesialiserte farmasøytiske emne som samfunnsfarmasi, farmakologi, klinisk farmasi, og legemiddelformulering. 

Du lærer å utvikle legemiddelstoff, framstille legemiddel, og å kommunisere godt med kundar, pasientar og helsepersonell. 

Med ein mastergrad i farmasi kan du mellom anna 

  • sjølvstendig isolere, syntetisere og analysere kjemiske stoff, framstille legemiddel og utføre kvalitetskontroll av desse
  • ivareta farmasøytiske yrkesfunksjonar i apotek, i  helsetenesta og i farmasøytisk industri  
  • gjennomføre legemiddelgjennomgang og utarbeide plan for farmasøytisk omsorg som bidreg til auka pasientsikkerheit
Studiekvardag

Farmasistudiet har eit godt studiemiljø med tett samhandling mellom deg og den som underviser. Det er også moglegheit for mange forskjellige fellesaktivitetar på fritida.

Som ny student får du tilbod om å delta i ei mentorgruppe. Studiekvardagen er variert: Du deltar på spennande laboratoriearbeid, praksis i apotek og i sjukehuset, studentaktiv læring og gruppeundervisning, i tillegg til forelesingar. Studiet har ei god blanding av teori og praksis med eit tverrfagleg fokus.

Undervisninga består av forelesingar, gruppeundervisning, laboratorium og praktiske øvingar og masteroppgåve. Nokre semester har du mange laboratorieøvingar, andre gongar mest forelesingar og gruppeundervisning, og mot slutten av studiet har du utplassering og praksis. I ei typisk veke har du 20-25 timar undervisning pluss sjølvstudium.

Kva kan du jobbe som?

Med mastergrad i farmasi har du mange jobbmoglegheiter og du kvalifiserer for autorisasjon som provisorfarmasøyt. 

Farmasøytar jobbar i apotek, i industrien og i det offentlege, blant anna med

  • utvikling, produksjon, kontroll og sal av legemiddel
  • forsking
  • rådgjeving
  • undervisning
  • leiing av apotek (apotekar)
  • godkjenning av nye legemiddel

Apotekvesenet er i stadig utvikling og treng farmasøytar. Sjukehus og sjukeheimar treng farmasøytar for å ivareta ei sikker legemiddelbehandling. På sjukehusapotek kan du jobbe både med produksjon, leveranse av legemiddel og rådgjeving.

Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 47.3
Primær kvote: 44.9

I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: MEROD

Generell studiekompetanse i tillegg til Matematikk R1 (eller S1 og S2). Du må også ha Fysikk 1 og Kjemi 1 og 2.

Ver merksam på at studentar må ha norsk pass, norsk ID-kort eller tilsvarande utanlandske ID-papir/pass som er godkjende av norske styresmakter, i tillegg til Bank-ID, for å bruke datasystema til helsetenestene i praksisutplassering i dette studiet. Utan gyldig Bank-ID eller tilsvarande identifikasjonsløysing med høgaste tryggleiksnivå vil du ikkje kunne gjennomføre studiet. Sjå nettsidene til Digitaliseringsdirektoratet for meir informasjon (ekstern lenke).

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Litteraturen kan vere på engelsk og norsk.  Helsepersonell må ha gode norskkunnskapar og skal kunne uttrykke seg tydeleg skriftleg og munnleg. De skal også kunne snakke med pasientar og kollegaer på en måte som i varetek pasienttryggleik.

Studiets oppbygging

Integrert masterstudium i farmasi er eit femårig fulltidsstudium som startar i august. Innhaldet i studiet vil variere: Nokre semester har du mange laboratorieøvingar, andre gongar har du mest forelesingar og gruppeundervisning. I åttande semester har du eit heilt semester med praksis i apotek, og på siste studieår vil du vere mest opptatt av forsking og  oppgåveskriving. 

På farmasistudiet er vi opptatt av:  

Korleis finne nye aktive stoff, utvikle nye legemiddel og hjelpe fleire pasientar med å bli friske eller leve eit betre liv. 

Korleis utnytte dei økonomiske ressursane vi har tilgjengelege til legemiddel. 

Korleis sørge for at alle land har tilgang til trygge og effektive legemiddel til ein akseptabel pris.


Emna på 1. til 4. studieår er obligatoriske. På siste studieår kan du velje mellom ulike tema til masteroppgåva og 15 studiepoeng valfrie emne.

Praksis er ein obligatorisk og viktig del av farmasiutdanninga. I løpet av praksistida i apotek vil du bli utplassert i sjukeheim saman med studentar frå andre studieprogram (TVEPS). Praksisplassar blir organisert av fakultetet. det er mogleg å vele praksis i apotek i heile landet.  

Litteraturen er på engelsk og norsk. 

Slik er studiet lagt opp:    

 
1. semester  

DIGI100 - Digital student - Nettkurs i digitale arbeidsmetodar og teknologi for læring (0 studiepoeng)

DIGI101 -  Digital kjeldekritikk (0 studiepoeng)

FARM103 - Samfunnsfarmasi I (10 studiepoeng)   

FARM110 - Kjemi og energi (10 studiepoeng)  

FARM150 - Biokjemi (10 studiepoeng)  

I første semester vil du ha kortare praksisperiodar i apotek (FARM103).


2. semester  

FARM130 - Organisk kjemi (10 studiepoeng)  

FARM260 - Molekylær cellebiologi (10 studiepoeng)  

Ex.phil.* Skoleeksamen eller seminarmodell (10 studiepoeng)  


3. semester

MEDSTA - Medisinsk statistikk (5 studiepoeng)  

Menneskets fysiologi (15 stp, emnet er under utvikling)  

FARM124 - Kjemisk syntese og analyse (10 studiepoeng)  


4. semester:  

FARM236 - Legemiddelkjemi (10 studiepoeng)

FARM211 - Farmasøytisk fysikalsk kjemi (10 studiepoeng)

Farmakologi I (emnet er under utvikling)       


5. semester:  

FARM270 - Farmasøytisk mikrobiologi og immunologi (10 studiepoeng)

Farmakologi II (emnet er under utvikling)   

 

6. semester:  
FARM250 - Analytisk kjemi (10 studiepoeng)

FARM238 - Farmakognosi, inklusive botanikk (10 studiepoeng)

Legemiddelformulering og fremstilling I (emnet er under utvikling)  

 

7. semester:  

Legemiddelformulering og fremstilling II (emnet er under utvikling)  

Klinisk farmasi/samfunnsfarmasi (emnet er under utvikling)

FARM205 - Samfunnsfarmasi II og rettleia praksis (emnet er under utvikling)

I sjuande semester vil du ha klinisk praksis i sjukehus, tre dagar. 


8. semester:  

Samfunnsfarmasi og rettleia praksis (30 studiepoeng)  

I heile åttande semester vil du ha praksis i apotek. 


9. og 10. semester:  

FARM399/05H - Masteroppgåve i Farmasi (45 studiepoeng)  

Valfrie emne (15 studiepoeng) studiespesialiserande emne som studenten vel i tilknyting til masteroppgåva.

Utveksling

Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester i siste studieår når du skriv masteroppgåva. Vi har avtalar med universitet i Australia og Tanzania.

Les meir om utveksling på farmasistudiet

Sjå utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Med ein master i farmasi kan du søke deg vidare til doktorgradsutdanning.

Dersom du skal godkjenne legemiddel for sal frå legemiddelindustrien, må du ha vidareutdanning som QP (Qualified Person) (ekstern lenke) for å kvalifisere for denne funksjonen.

Spørsmål om studiet?

Telefonen er open kvardagar frå 12.00-14.00.

Telefonnummer: 55586400
E-post: info.med@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Integrert masterprogram i farmasi

Lenke til video