Helsefremmende arbeid og helsepsykologi (master)
Vil du vere med på å fremme folkehelse og velvære i befolkninga? Det kjem stadig auka krav om kompetanse innan helsefremmande arbeid. På dette studiet får du kunnskap om individuelle, samfunnsmessige, miljømessige og politiske forhold som har betydning for utvikling av helse.
- Varigheit
- 2 år
- Studieplassar
- 20
- Studiepoeng
- 120
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk
Kva lærer du?
Med master i helsefremmande arbeid og helsepsykologi får du solid kunnskap om helsefremmande arbeid, helsespykologi, folkehelse og helsepolitikk. På bakgrunn av denne kunnskapen får du konkret erfaring med korleis helsefremmande tiltak blir innført i ulike settingar, og korleis ein skal evaluere dei.
Studiekvardag
Masterprogrammet i helsefremmande arbeid og helsepsykologi er eit 2-årig fulltids- og tverrfagleg studium på eit tverrfagleg institutt. Nokre av emna er felles med studentar i barnevern og Global Development — slik at du får innsikt i ulike perspektiv.
På studiet får du jobbe saman med andre studentar, for eksempel med prosjektarbeid i grupper og i seminar. Både undervisninga og litteraturen er på både engelsk og norsk. Undervisninga består av forelesingar, obligatoriske seminargrupper, oppgåver og sjølvstudium.
Du har eitt år på å skrive masteroppgåva. Du kan finne tema for oppgåva blant forskinga på Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL), Det psykologiske fakultetet, og elles finne tema som er relevante på kommunalt eller fylkeskommunalt nivå.
Kva kan du jobbe som?
Etter denne utdanninga kan du jobbe med folkehelsearbeid, med vekt på helsefremmande arbeid og helsepsykologi i kommunal, fylkeskommunal og statleg sektor, eller i frivillig sektor.
Med master i helsefremmande arbeid er du kvalifisert for ei rekke stillingar, blant anna
- prosjekt- og personalleiing,
- arbeid som folkehelsekoordinator og folkehelserådgjevar
- helse-, miljø- og tryggleiksarbeid
- internasjonalt folkehelsearbeid
Du er også kvalifisert til å drive undervisnings- og forskingsarbeid. Med denne mastergraden kan du også søke opptak til forskarutdanning (ph.d).
Opptakskrav og søknadsfrist
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
Snitt 2024: 3,31
Snitt 2025: 3,00
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:
dei generelle opptakskrava for master på UiB
dei spesielle opptakskrava for dette studiet
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Studiets oppbygging
1. semester
HEFR331 - Helsefremmande arbeid: Innføring i sentrale omgrep og teoriar (20 studiepoeng)
HEFR342 - Resource approaches to health and wellbeing (10 studiepoeng)
2. semester
HEM303 - Qualitative Methods and Research Planning (15 studiepoeng) eller HEM304 Quantitative Methods and Research Planning (15 studiepoeng)
HEFR343 - Planlegging, implementering og evaluering i helsefremmande arbeid (15 studiepoeng)
3. og 4. semester
HEFR395 - Masteroppgåve i helsefremmande arbeid og helsepsykologi (60 studiepoeng)
Utveksling
Det er mogleg å legge delar av arbeidet med masteroppgåva til institusjonar i utlandet. Datainnsamling i utlandet kan òg vere aktuelt.
Vidare studiemoglegheiter
Fullført studium kvalifiserer til opptak på doktorgradsprogram.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.
Studieplan for Masterprogram i helsefremjande arbeid og helsepsykologi