Kvanteteknologi (integrert masterprogram, sivilingeniør)

Kvanteteknologi er eit fagfelt i rivande utvikling, med enorme moglegheiter innan sensorar, databehandling, kommunikasjon og optimalisering. Hos oss blir du utdanna til å bli ein av framtidas ekspertar – folk som vil spele ei viktig rolle i forsking, industri, næringsliv og samfunnstryggleik.

Kva lærer du?

Tek du ein integrert master i kvanteteknologi, får du ein unik sjanse til å vere med på teknologiutviklinga som formar framtida. Du lærer både kvantefysikk og korleis vi kan bruke kvanteeigenskapar til å lage ny teknologi.

Som sivilingeniør i kvanteteknologi får du brei kunnskap og praktiske ferdigheiter innan fysikk, matematikk og programmering – inkludert modellering, databehandling og visualisering. Du får erfaring med problemstillingar knytt til kvantesensing, kvanteoptimalisering og kvanteinformasjonsteori.

Du blir god på å samle inn, førebu, behandle og analysere data. Du jobbar i prosjekt saman med andre studentar, og du får over 200 timar praksis i ei bedrift. Du lærer òg å skrive rapportar og halde presentasjonar etter anerkjende vitskaplege metodar.

Den breie kompetansen du byggjer deg opp, vil gjere deg i stand til å jobbe i mange ulike felt og bransjar etter studia.  

Studiekvardag

Studieprogrammet i kvanteteknologi er knyttet til Institutt for fysikk og teknologi der det er et aktivt miljø av dyktige studentar og anerkjente forskarar. Det er tett kontakt med dei faglege miljøa på Institutt for informatikk. Studentane arrangerer fleire sosiale og faglige events i året, i regi Fagutvalget for fysikk og teknologi. Du kan søkje dei opp på Instagram for eit lite innblikk i studentkvardagen.

Det integrerte masterprogrammet i kvanteteknologi er eit fulltidsstudium. Det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb.

I løpet av ei vanleg veke vil du fylgje undervisninga i utvalgte emner. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Vi held til på Fysikkbygget, der vi har eigne lesesalar for studentane (blant anna bachelorrommet og Fysikkstua). Her kan du studere aleine eller saman med medstudentar. Du kan òg sitte på Realfagbiblioteket.

Kva kan du jobbe som?

Integrert master i kvanteteknologi er unikt i Noreg og legg eit solid fundament for deg som ønskjer å arbeide med kvantefysikk i seg sjølv, eller bruke kvantefysikk som eit utgangspunkt for kvanteteknologi. 

Du kan jobbe med:

  • Lage smarte algoritmar for optimering av logistikk eller energinettverk
  • Utvikling av følsame sensorar og ny måleteknologi
  • Kryptografi og cybersikkerheit
  • Forsking innan kvantesimulering og utvikling av kvantedatamaskinar
  • Konsulentverksemd eller rådgiving innan teknologi og innovasjon
  • Industriell anvending (havteknologi, helse og materialteknologi)
Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: SIVING

Generell studiekompetanse og Matematikk R1 (eller S1 og S2), R2 og Fysikk 1. Om du ikkje har generell studiekompetanse kan du likevel dekke kravet om du har:

  • Bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014
  • Bestått 1-årig forkurs for ingeniør- og maritim høgskoleutdanning
  • Bestått 2-årig teknisk fagskule (rammeplan frå 1998/99 eller tidlegare)

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

1. Semester (høst)

MAT111 Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng) 
INF100 Programmering I (10 studiepoeng) 
KVANTE101 Introduksjon til kvanteteknologi (10 studiepoeng)

2. Semester (vår)

MAT112 Grunnkurs i matematikk II (10 studiepoeng) 
INF101 Programmering II (10 studiepoeng) 
PHYS111 Mekanikk 1 (10 studiepoeng)

3. Semester (høst)

INNOV201 Innovasjon ved designtenking (10 studiepoeng) 
INF102 Algoritmer, datastrukturer og programmering (10 studiepoeng) 
PHYS113 Mekanikk 2 og termodynamikk (10 studiepoeng)

4. Semester (vår) 
MAT121 Lineær algebra (10 studiepoeng) 
MAT131 Differensiallikninger (10 studiepoeng) 
PHYS118 Kvantefysikk og relativitet (10 studiepoeng)

5. Semester (høst)

EXPHIL-MNSEM Examen philosophicum (10 studiepoeng) 
MAT212 Funksjoner av flere variable (10 studiepoeng) 
PHYS112 Elektromagnetisme I (10 studiepoeng)

6. Semester (vår)

INF241 Kvanteinformasjon, kvanteberegning og kvantekryptografi (10 studiepoeng) 
eller PHYS201 Kvantemekanikk (10 studiepoeng) 
STAT110 Grunnkurs i statistikk (10 studiepoeng) 
KVANTE201 Anvendt kvanteteknologi og kvantesensing (10 studiepoeng)

7. Semester (høst)

KVANTE301 Praksis i kvanteteknologi (10 studiepoeng) 
eller valgfag (10 studiepoeng)

Valgfag (10 studiepoeng) Valgfag (10 studiepoeng)

8. Semester (vår)

INF241 Kvanteinformasjon, kvanteberegning og kvantekryptografi (10 studiepoeng) 
eller PHYS201 Kvantemekanikk (10 studiepoeng) KVANTE301 Praksis i kvanteteknologi (10 studiepoeng) 
eller valgfag (10 studiepoeng) Valgfag (10 studiepoeng)

9. Semester (høst)

KVANTE399 Masteroppgave i kvanteknologi (30 studiepoeng)

10. Semester (vår)

KVANTE399 Masteroppgave i kvanteteknologi (30 studiepoeng)

Utveksling

Du kan reise på utveksling i 4. semester.
Avtalane våre gjer det mogleg å ta emne som blir godkjende som del av graden.

Ta kontakt med studierettleiar tidleg i studieløpet

Sjå utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Etter fullført grad kan du søkje på betalt stilling som doktorgradsstipendiat (PhD) innan kvanteteknologi.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55583030
E-post: info.nt@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Integrert masterprogram i kvanteteknologi (sivilingeniør)