Logopedi (master)

Vil du bli logoped? Logopedar arbeider med vanskar knytt til tale, språk, stemme og svelging, og korleis du kan behandle desse. Etterspørselen etter logopedar veks. Som logoped kan du jobbe i utdanningssektoren, helsesektoren eller med forskning.

Kva lærer du?

Som student ved masterprogrammet i logopedi blir du kvalifisert til å jobbe som logoped. Du blir kvalifisert til å førebygge, kartlegge, diagnostisere, behandle og forske på kommunikasjonsvanskar, enten dei er utviklingsrelatert eller oppstår som følge av sjukdom eller skade. Du blir rusta i problemfokusert, kritisk tenking og får kliniske ferdigheiter.  

Du får i tillegg avansert kunnskap innanfor logopediens vitskapelege teori- og metodegrunnlag, forståing for logopediens plass innanfor helsefaga, og evne til å analysere faglege problemstillingar. Etter fullført mastergrad kan du gjennomføre og formidle eit sjølvstendig forskings- eller utviklingsprosjekt, og analysere og bruke forsking og informasjonskjelder på ein sjølvstendig måte.  

Studiekvardag

I løpet av studiet vil du oppleve ulike undervisningsformer, som forelesingar, seminar, laboratoriearbeid, praktiske øvingar, masteroppgåve og sjølvstudium. Praksis er ein viktig del av studiet. I tredje semester gjennomfører du ein periode med observasjonspraksis for å bli kjent med logopediske arbeidsmetodar. I fjerde semester får du sjølv utføre logopedisk arbeid under rettleiing i fordjupingspraksis.  

Første året på studiet er prega av teoretisk undervisning med obligatorisk gruppearbeid og seminarundervisning. Det andre året fokuserer du på kliniske tema i logopedi, praksis og masteroppgåva.  

Studiet har eit helsefagleg fokus, som gir deg djupare innsikt i korleis anatomiske strukturar gir rammer for menneskeleg kommunikasjon, og korleis sjukdom og skade kan påverke desse ferdigheitene.

Kva kan du jobbe som?

Som logoped kan du blant anna arbeide innanfor utdanningssektoren, helsesektoren eller i forsking og utvikling. Jobbmoglegheiter kan til dømes vere i: 

  • barnehagar
  • skule
  • pedagogisk- psykologisk teneste (PPT)
  • kommune
  • sjukehus
  • universitet og høgskule 

Kommunikasjonsvanskar kan vere enten medfødt eller oppstå som følge av sjukdom eller skade. God kommunikasjon, både munnleg og skriftleg, er viktig for sosialt samspel og for å fungere i utdanning og arbeidsliv. Etterspørselen etter logopedar aukar , og samfunnet treng derfor fleire logopedar for å møte dette behovet. 

Sjå meir om moglege jobbar her.

Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

Snitt 2024: 3,64
Snitt 2025: 3,24
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:

dei generelle opptakskrava for master på UiB
dei spesielle opptakskrava for dette studiet

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging
Utveksling

Utveksling gir deg nye perspektiv og erfaringar frå ein annan kultur og eit anna studiemiljø. Logopediprogrammet har utvekslingsavtale med University of Arizona, Tucson, USA, kor du kan reise og gjere datainnsamling i forbindelse med masteroppgåva. Programmet deltek også aktivt i SLP-IN, eit internasjonalt nettverk for logopedutdanning. 

Sjå utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Med ein mastergrad i logopedi får du kvalifikasjonar for vidare forsking, formidling og undervisning på høgare nivå. Studiet kvalifiserer deg for vidare forskarutdanning, til dømes Ph.d.-utdanning ved Det psykologiske fakultet. Les meir om phd-programmet ved Det psykologiske fakultet her

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 27 10
E-post: info.psyfa@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i helsefag - Logopedi