Studieplan for BAHF-NORAN Bachelorprogram i norsk som andrespråk, høst 2026

Omfang og studiepoeng

Programmet er normert til 3-årig fulltidsstudium og 180 studiepoeng (sp.), normalt fordelt på 30 sp. innføringsemne, 90 sp. spesialisering og 60 sp. valfrie emne.

Namn på grad

Bachelor i norsk som andrespråk

Fulltid/deltid

Programmet er organisert som eit fulltidsstudium. Etter avtale med studierettleiar kan heile eller delar av programmet takast på deltid, kor ein tar minimum 15 sp. (50 %) i semesteret.

Undervisningsspråk

Norsk eller anna skandinavisk språk.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Studiet i norsk som andrespråk skal gi ei brei orientering om dei spørsmåla som reiser seg når personar med andre førstespråk skal lære seg norsk språk.

Faget er i første rekkje tenkt for studentar som planlegg å undervise i norsk som andrespråk på tvers av utdanningsløp.

Bachelorgraden i norsk som andrespråk inneheld òg ein breiddekomponent, som betyr at studiet i norsk som andrespråk blir kombinert med minst eitt anna fagområde. Studentar vel fritt kva breiddekomponenten skal innehalde. Breidde i utdanninga gir studentane innsikt i fagområde utanfor eiga spesialisering. Dette breie faglege grunnlaget fremmar kritisk tenking, kreativitet og fleksibilitet - eigenskapar som er verdifulle både i vidare studium og i arbeidslivet.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Kandidaten

  • har brei kunnskap om typiske trekk ved språket og utviklinga til andrespråksinnlærarar
  • har brei innsikt i andrespråkslæringsteori og språkdidaktiske spørsmål
  • har brei kunnskap om norsk lydlære, grammatikk og ordforråd
  • har kunnskap om fleirspråklegheit på individ- og samfunnsnivå
  • har noko kunnskap om vurdering og testing av språklege ferdigheiter hos fleirspråklege personar
  • har kjennskap til bruken av ulike slag tekstar i andrespråkstileigning og -undervisning
  • har kunnskap om nordisk, særleg norsk, skjønnlitteratur, med vekt på 1900-talet
  • har innsikt i ulike teksttypar og sjangrar
  • har innsikt i kva utfordringar innlærarar står overfor når han eller ho produserer tekstar på andrespråket

Ferdigheiter:

Kandidaten

  • kan skrive velformulerte og samanhengande skildrande, resonnerande og argumenterande tekstar om andrespråksrelaterte emne
  • kan analysere og drøfte problemstillingar innanfor norsk som andrespråk på ein fagleg måte
  • kan hente inn fagleg informasjon innanfor norsk som andrespråk og vurdere han kritisk
  • kan skrive bokmål og nynorsk korrekt og godt

Generell kompetanse:

Kandidaten

  • kan kommunisere med fagfolk og allmenta om faglege problemstillingar som gjeld norsk som andrespråk
  • kan planlegge og gjennomføre eit forskingsarbeid av avgrensa omfang innanfor norsk som andrespråk
  • kan undervise i norsk som andrespråk på tvers av utdanningsløp

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar og skriftlege ferdigheiter i bokmål og nynorsk, helst karakteren 4 eller betre frå vidaregåande skule.

Gode leseferdigheiter i engelsk.

Innføringsemne

Bachelorgraden skal innehalde examen philosophicum (10 studiepoeng) og LES100 – Les og skriv (10 studiepoeng), og det er sterkt tilrådd å ta desse emna i det første semesteret. I tillegg er det obligatorisk at ein i første semester tar NORD100.

Tilrådd første semester:

  • Ex.phil (10 studiepoeng)
  • Les og skriv (10 studiepoeng)
  • NORD100 (10 studiepoeng)

Obligatoriske emne

Opptak frå og med 2026

EXPHIL

LES100

NORD100

NORAN101

NORAN104

NORAN107

NORAN108

NORAN109

NORAN250

Éitt av emna NOLI102 eller NOSP216

Bachelorprogrammet i norsk som andrespråk har ein obligatorisk breiddekomponent på 30 studiepoeng. Dette vil seie at studentar må ta minst 30 studiepoeng med emne utanfor norsk som andrespråk-faget. Dette er jf. HF sine utfyllande reglar til § 10-3 i UiB si studieforskrift.

Opptak før 2026

EXPHIL

EXFAC00SK

NORD100

NORAN101

NORAN104

NORAN107

NORAN108

NORAN109

NORAN250

NOLI102

Bachelorprogrammet i norsk som andrespråk har ein obligatorisk breiddekomponent på 30 studiepoeng. Dette vil seie at studentar må ta minst 30 studiepoeng med emne utanfor norsk som andrespråk-faget. Dette er jf. HF sine utfyllande reglar til § 10-3 i UiB si studieforskrift.

Spesialisering

Opptak frå og med 2026

Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering på 90 studiepoeng. Spesialiseringa er sett saman av 60 studiepoeng på 100-nivå og 30 studiepoeng på 200-nivå. Spesialiseringa skal innehalde minimum ei sjølvstendig, rettleidd oppgåve med omfang på minimum 10 studiepoeng (bacheloroppgåve).

NORAN101

NORAN104

NORAN107

NORAN108

NORAN109

NORAN250

Éitt av emna NOLI102 eller NOSP216

Opptak før 2026

Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering på 90 studiepoeng. Spesialiseringa er sett saman av 60 studiepoeng på 100-nivå og 30 studiepoeng på 200-nivå. Spesialiseringa skal innehalde minimum ei sjølvstendig, rettleidd oppgåve med omfang på minimum 10 studiepoeng (bacheloroppgåve).

NORAN101

NORAN104

NORAN107

NORAN108

NORAN109

NORAN250

NOLI102

Tilrådde valemne

Bachelorgraden i norsk som andrespråk inneheld 60 frie studiepoeng. I dei frie studiepoenga kan studenten velje emne som er relevant for si vidare utdanning eller yrkesplanar. Ved Det humanistiske fakultet er det ei rekke ulike alternativ for bruken av frie studiepoeng. Det er mellom anna mogleg å:

  • velje blant fleire emnepakkar på fakultetet
  • velje emne frå liste som er sortert etter tema/område
  • ta eit av HF sine årsstudium
  • fritt velje blant alle opne emne på UIB
  • reise på utveksling

30 av dei 60 frie studiepoenga må brukast til å oppfylle kravet om breiddekomponent (sjå under «Obligatoriske emne»).

Rekkefølgje for emne i studiet

Opptak frå og med 2026

Studieløpet i bachelorprogrammet i norsk som andrespråk kan til dømes sjå slik ut:

1. semester (haust)

  • Examen philosophicum (10 sp.)
  • LES100 Les og skriv (10 sp.)
  • NORD100 Innføring i nordistikk (10 sp.)

2. semester (vår)

  • NORAN101 Norsk språk som andrespråk (15 sp.)
  • NORAN104 Andrespråkslæring og -undervising (15 sp.)

3. semester (haust)

  • NORAN107 Fleirspråklegheit i sosiolingvistisk perspektiv (10 sp.)
  • NORAN108 Tekst og kontekst i andrespråksperspektiv (15 sp.) - Nytt emne hausten 2026
  • NORAN109 Testing og vurdering av språkferdigheiter (5 sp.)

4. og 5. semester (vår og haust)

  • 60 frie studiepoeng: emnepakkar, årsstudium, delstudium i utlandet eller andre valfrie emne

6. semester (vår)

  • NORAN250 Fordjupning i norsk som andrespråk med bacheloroppgåve (15 sp.)

Éitt av emna:

  • NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 sp.)
  • NOSP216 Nordisk: Språklig fordjupingsemne A (15 sp.)

Opptak før 2026

Studieløpet i bachelorprogrammet i norsk som andrespråk kan til dømes sjå slik ut:

1. semester (haust)

  • Examen philosophicum (10 sp.)
  • EXFAC00SK Språkkunnskap (10 sp.)
  • NORD100 Innføring i nordistikk (10 sp.)

2. semester (vår)

  • NORAN101 Norsk språk som andrespråk (15 sp.)
  • NORAN104 Andrespråkslæring og -undervising (15 sp.)

3. semester (haust)

  • NORAN107 Fleirspråklegheit i sosiolingvistisk perspektiv (10 sp.)
  • NORAN108 Tekst og kontekst i andrespråksperspektiv (15 sp.) - Nytt emne hausten 2026
  • NORAN109 Testing og vurdering av språkferdigheiter (5 sp.)

4. og 5. semester (vår og haust)

6. semester (vår)

  • NORAN250 Fordjupning i norsk som andrespråk med bacheloroppgåve (15 sp.)
  • NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 sp.)

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet i utlandet, og universitetet har utvekslingsavtalar med mange institusjonar over det meste av verda. Det er viktig at ein finn ein institusjon med eit fagtilbod som passar for den einskilde studenten, og valet av utanlandsopphald blir gjort i samråd med studierettleiaren.

Les meir om utveksling.

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar for dette studieprogrammet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga omfattar førelesingar og ulike former som legg til rette for studentaktivitet: seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Informasjon om undervisningsform for kvart emne står i emneplanen.

Vurderingsformer

Vurderingsformene er hovudsakleg skriftleg og munnleg vurdering. Informasjon om vurderingsform for kvart emne står i emneplanen.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk, er å finne digitalt på www.vitnemalsportalen.no når krava til graden er oppfylt.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for vidare studium

Ein bachelorgrad gir mellom anna grunnlag for å søke opptak til masterprogrammet i nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen.

Relevans for arbeidsliv

Utdanningar ved Det humanistiske fakultet gir mange ulike moglegheiter i arbeidsmarknaden avhengig av kva for emne den einskilde studenten har i graden sin, men også kva for interesser og engasjement studenten har i tillegg til graden. Kompetanse i språk og litteratur er etterspurd i mange ulike yrke og bransjar, både private og offentlege.

I skulen, vaksenopplæringa og i private føretak er det i dag eit stort behov for kompetanse i korleis barn, unge og vaksne lærer norsk som andrespråk, og korleis leggje til rette for at læring skal skje.

Generelt gir studiet ein praktisk og teoretisk tekst- og språkkompetanse som, kombinert med annan relevant kompetanse, kan kvalifisere for arbeid overalt der det krevst evne til språkleg formidling og til vurdering og utvikling av tekst, t.d. i undervisnings- og informasjonsarbeid, i forlag og kulturinstitusjonar, i offentlege etatar, private føretak og organisasjonar.

Evaluering

Studentane, programstyret og ekstern fagfelle skal kontinuerleg evaluere emne og program i tråd med kvalitetssystem for utdanning ved Universitetet i Bergen. Tidlegare emne- og programevalueringar finn ein på www.kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for innhald, struktur og kvalitet i programmet og tilhøyrande emne.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar.lle@uib.no