Pedagogikk - heltid (master)
I dag er pedagogisk kunnskap meir relevant enn nokon gong. Med ein mastergrad i pedagogikk får du brei kunnskap om korleis menneske lærer og kommuniserer, korleis kunnskap vert utvikla, og kva betydning utdanning har for samfunnet. Studiet har opptak annankvart år i oddetalsår (2025, 2027 osv).
- Varigheit
- 2 år
- Studieplassar
- 20
- Studiepoeng
- 120
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk
Kva lærer du?
Ønsker du deg høg kompetanse innan mellom anna kunnskapsutvikling og læringsprosessar? På studiet kan du fordjupe deg i eit valt område og drive eiga forsking innan pedagogikk. Du vil utforske samanhengen mellom ulike kunnskapsformer, læringssyn, utdanningspolitikk og pedagogisk praksis. Vidare lærer du korleis du vurderer, analyserer, og kritisk refleksjon til pedagogiske prosessar i utdanningsinstitusjonar, forvaltning og organisasjonar.
På masterstudiet vil du utforske spørsmål som:
- Kva er utdanninga si oppgåve i samfunnet?
- Korleis kan pedagogisk forsking bidra til betre praksis?
- Korleis kan pedagogisk filosofi belyse aktuelle pedagogiske samfunnsutfordringar?
Etter fullført mastergrad har du moglegheita til å nyttiggjere pedagogisk kunnskap på nye område der pedagogikk er relevant. Du vil kunne formidle faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar på ein effektiv måte.
Studiekvardag
Eit særpreg ved dette masterstudiet er at undervisninga er prosessorientert. Vi legg stor vekt på dialogbasert undervisning og inkluderer skriveopplæring som ein integrert del av studia. Alle undervisnings- og arbeidsformer er designet for å førebu deg på eksamensformene i studiet. Dei to første semestera skal førebu deg på skrivearbeidet i masteroppgåva.
Studiet inkluderer:
- forelesingar
- seminargrupper
- skriving av faglege tekstar (med fokus på skriveprosessen og tilbakemelding)
- sjølvstudium
- arbeid med masteroppgåve
Den planlagde undervisninga utgjer vanlegvis ein mindre del av den totale studietida i løpet av ei veke. Resten av tida forventar ein at du sjølv tar ansvar for lesing av pensum og førebuingar til undervisninga. Det kan være lurt å danne studiegrupper der du kan diskutere og samarbeide med medstudentane dine. Du kan òg velje å vere med i ei forskargruppe.
Kva kan du jobbe som?
Ein mastergrad i pedagogikk gir deg ein allsidig bakgrunn og kompetanse som kvalifiserer til mange ulike stillingar i både privat og offentleg sektor. Med ein master i pedagogikk er du kvalifisert for ei rekke stillingar innanfor kommunen, staten, frivillige organisasjonar eller bedrifter, for eksempel som
- rådgjevar
- prosjektleiar
- konsulent
Tidlegare studentar med mastergrad i pedagogikk har for eksempel jobb innanfor:
- administrasjon ved universitet/høgskole
- studie/karriererettleiingetter- og vidareutdanning
- personal- og opplæringsavdeling
Opptakskrav og søknadsfrist
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
Dette studieprogrammet har kun oppstart annankvar haust i oddetalsår.
Snitt 2025: 2,5
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:
dei generelle opptakskrava for master på UiB
dei spesielle opptakskrava for dette studiet
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Studiets oppbygging
Dette er eit toårig fulltidsstudium med oppstart annankvar haust i oddetalsår. Graden er bygd opp av 120 studiepoeng og alle emna er obligatoriske i graden.
Under ser du den anbefalte oppbygginga av studiet.
1. semester
PED311 - Pedagogisk filosofi (15 studiepoeng)
PED313 - Kunnskap og kunnskapsprosessar (15 studiepoeng)
2. semester
PED312 - Forskingsmetode (15 studiepoeng)
PED314 - Fordjuping og prosjektplan (15 studiepoeng)
3. og 4. semester
PED395 - Masteroppgåve i pedagogikk (60 studiepoeng)
Utveksling
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling i løpet av dette studiet.
Vidare studiemoglegheiter
Med ein mastergrad i pedagogikk får du kvalifikasjonar for vidare forsking, formidling og undervisning på høgare nivå. Du kvalifiserar til vidare ph.d.-utdanning ved Det psykologiske fakultet.
Les meir om phd-programmet her
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.