Studieplan for MAPS-PED Masterprogram i pedagogikk, vår 2026

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i pedagogikk har eit omfang på 120 studiepoeng og normert til 2 år.

Namn på grad

Mastergrad i pedagogikk.

Fulltid/deltid

Fulltid.

Undervisningsspråk

Norsk.

Studiestart - semester

Haust, annankvart år (2025, 2027, 2029, osv.)

Mål og innhald

Målet med masterprogrammet er at studentane skal få inngåande kunnskap om og sjølv utvikle forskingsbasert pedagogisk kunnskap. Innhaldet i programmet er knytt til forskingsområda ved Institutt for pedagogikk.

I den første delen av studiet står samanhengen og spenninga mellom ulike kunnskapsformer, læringssyn, utdanningspolitikk og pedagogiske praksisar sentralt. Desse samanhengane og spenningane vil bli belyst og drøfta både som aktuelle samfunnsfenomen og som grunnleggande pedagogisk-filosofiske problemstillingar. Sentrale pedagogiske tema som læring, kunnskap og utdanning blir belyst og drøfta i ulike kontekstar som for eksempel utdanningsinstitusjonar, forvaltning, bedrifter og organisasjonar. Studiets andre del skal kvalifisere studentane til å planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve tilsvarande 60 studiepoeng). Dette inneber og kompetanse til å vurdere pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid.

Samla sett skal studiet kvalifisere studentane til pedagogisk forskingsarbeid, samt gjere dei i stand til å planlegge, vurdere, analysere og lede pedagogiske prosessar i utdanningsinstitusjonar, forvaltning, bedrifter og organisasjonar.

Læringsutbyte

Ein kandidat som har fullført utdanninga forventast å ha oppnådd følgjande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

  • Kandidaten har avansert kunnskap innan fagområdet pedagogikk, og inngåande forståing for det området som masteroppgåva omhandlar
  • Kandidaten har avansert kunnskap om fagets historie, tradisjon, eigenart og plass i samfunnet
  • Kandidaten har inngåande kunnskap om fagområdets vitskaplege teoriar og metodar

Ferdigheiter:

  • Kandidaten kan analysere pedagogiske spørsmål og problemstillingar
  • Kandidaten kan nytte pedagogisk kunnskap på nye område der pedagogikk er relevant
  • Kandidaten kan formidle faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor fagområdet både skriftleg og munnleg
  • Kandidaten kan gjennomføre eit sjølvstendig avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer

Generell kompetanse:

  • Kandidaten kan bruke relevante metodar for forsking på ein sjølvstendig måte
  • Kandidaten kan arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing
  • Kandidaten kan ha ei kritisk tilnærming til faglege utfordringar

Opptakskrav

Opptak til masterprogrammet i pedagogikk krevjar:

  1. Fullført bachelorgrad eller tilsvarande utdanning
  2. Minst 60 studiepoeng pedagogikk
    • Dersom du ikkje har 60 studiepoeng pedagogikk som del av graden din, kan du ha tatt desse som valfrie emne eller enkeltemne utanom graden.
    • Om du har tatt relevante emne med namn som ikkje er tydeleg knyttet til pedagogikk, oppfordrar vi til å leggje ved eit notat til opptaket som forklarer kvifor du meiner emna er relevante.
  3. Eit gjennomsnitt må minst karakteren C i emna som inngår i vurderingsgrunnlaget.
  4. Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, enten frå norsk vidaregåande skule eller på annan måte
  5.  

    Slik blir vurderingsgrunnlaget rekna ut: 

    Karaktersnittet blir berekna på grunnlag av heile graden, det vil seie at alle emna i utdanninga blir tekne med. Dersom du har tatt pedagogikkemne utanom graden, blir desse også tatt med i berekninga. Dette sikrar at alle søkjarar blir vurderte på grunnlag av den samla faglege kompetansen dei har, uavhengig av utdanningsløp.

    Døme:

    • Har du ein bachelorgrad i pedagogikk (180 studiepoeng), blir karaktersnittet rekna ut frå desse 180 studiepoenga.
    • Har du bachelorgrad i psykologi (180 studiepoeng) og har tatt 60 studiepoeng pedagogikk utanom graden, blir karaktersnittet rekna ut frå totalt 240 studiepoeng.
    • Har du ei lektorutdanning (vanlegvis 300 studiepoeng), blir karaktersnittet rekna ut frå desse 300 studiepoenga.

     

    Døme på utdanningar som kvalifiserer

    Bachelorgrad frå UiB:

    • Bachelorgrad i pedagogikk
    • Bachelorgrad i spesialpedagogikk

    Andre pedagogiske utdanningar frå UiB:

    • Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
    • Lektorprogram

    Eksterne pedagogiske utdanningar som kvalifiserer:

    • Barnehagelærar
    • Førskulelærar
    • Lærarutdanning
    • Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

    Obligatoriske emne

    Ein mastergrad i pedagogikk består av følgjande obligatoriske emne:

    • PED311 Pedagogisk filosofi (15 sp)
    • PED313 Kunnskap og kunnskapsprosessar (15 sp)
    • PED312 Forskingsmetode (15 sp)
    • PED314 Fordjuping og prosjektplan (15 sp)
    • PED395 Masteroppgåve i pedagogikk (60 sp)

    Rekkefølgje for emne i studiet

    1. semester:

    • PED311 Pedagogisk filosofi (15 sp)
    • PED313 Kunnskap og kunnskapsprosessar (15 sp)

    2. semester:

    • PED312 Forskingsmetode (15 sp)
    • PED314 Fordjuping og prosjektplan (15 sp)

    3. og 4. semester:

Undervisningsmetodar

Studiet baserer seg på deltakaraktiviserande og samspelsorienterte arbeidsformar og kombinerar forelesingar med litteraturstudiar, og fysiske og nettbaserte seminar. Skriving er ein viktig del av læringsprosessen i studiet. Praksis inngår ikkje i studiet.

Vurderingsformer

Det blir lagt vekt på at studentane skal få erfaring med ulike vurderingsformer. Heimeeksamen, mappevurdering, prosjektplan, masteroppgåve og munnleg eksamen er formene som vert nytta.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er oppnådd.

Karakterskala

Ved sensur av dei ulike emna nyttast karakterskalaen A-F eller greidd/ikkje greidd.

Grunnlag for vidare studium

 Ein mastergrad i pedagogikk kvalifiserer til å søkje opptak til forskarutdanning.

Relevans for arbeidsliv

Studieprogrammet gjev ein brei pedagogisk kompetanse i spørsmål som handlar om læring, kunnskap og kommunikasjon. Dette er kompetanse som blir stadig meir etterspurt både i offentleg og privat sektor. Mastergraden i pedagogikk kvalifiserar til ei rekkje yrke der lærings- og utviklingsoppgåver står sentralt, t.d. innan opplæringsinstitusjonar, rådgiving, personalbehandling, organisasjonsutvikling, kulturformidling og helsefremjande arbeid. Mastergraden kvalifiserar til leiarstillingar i utdannings- institusjonar, bedrifter og organisasjonar der læring og formidling inngår i verksemda.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Undervisingsutvalet ved Institutt for pedagogikk har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Studieseksjonen ved Det psykologiske fakultet har det administrative ansvaret for programmet.

Kontaktinformasjon

Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet