Samfunnsgeografi og berekraftig utvikling (master)

Planeten vår, byane og lokalsamfunna våre står ovanfor miljømessige, sosial og økonomiske utfordringar. Dette studiet gir deg kompetanse til å gå inn i globale og lokale berekraftspørsmål frå eit samfunnsgeografisk perspektiv som vektlegg relasjonane mellom menneskeleg handling, natur og samfunn.

Kva lærer du?

Du vil lære om teoretiske og metodiske tilnærmingar til viktige aktuelle tema som:  

  • Grøn næringsomstilling
  • By- og samfunnsplanlegging
  • Lokal og regional utvikling
  • Klimatilpasning og reduksjon av naturfarer
  • Global utvikling, konflikt og migrasjon
  • Naturressursforvaltning, arealbruk og miljøforvaltning
  • Politisk økologi: makt og rettferd i bærekraftig utvikling


Du vil få høve til å gjennomføre feltarbeid i utlandet eller i Norge. Du vil lære korleis du planlegg og gjennomfører innsamling og analyse av empiriske data som vil danne grunnlaget for masteroppgåva di.

Du vil lære korleis du skriv ein forskingsrapport innanfor gitte tids- og ressursgrenser, anvende geografisk terminologi og god akademisk skriving, med nøyaktig, oppdatert og systematisk bruk av referansar, og med riktig anerkjenning av sekundære kjelder.

Studiekvardag

På Institutt for geografi vil du bli ein del av eit akademisk miljø der både natur- og samfunnsgeografar er representerte. Dette gir eit unikt tverrfagleg miljø. Som masterstudent får du tilgang til lesesalar på instituttet og nær kontakt med medstudentar og fagleg tilsette. Vårt sosiale miljø er uformelt og internasjonalt.

Programmet har undervisning i form av forelesingar, seminargrupper, datalab og praktiske øvingar og feltarbeid. I tillegg må du sette av mykje tid til sjølvstudium og skriving av masteroppgåva. 

Du kan gjennomføre feltarbeid i Norge eller utlandet på slutten av første studieåret og/eller starten av andre studieåret. Avhengig av masterprosjektet ditt vil du bruke 4-8 veker på feltarbeidet og fullfører skriving av masteroppgåva på 60 studiepoeng i det andre året av studieprogrammet.

Kva kan du jobbe som?

Geografar har relevant kunnskap for å forstå og handtere kompleksiteten i globale og lokale problemstillingar som klimaendringar, migrasjon, urbanisering og berekraft.

Samfunnsgeografar jobbar både i Norge og internasjonalt innan 

  • Byplanlegging
  • Samfunnsplanlegging
  • Lokal og regional utvikling
  • Offentlege, private eller ikkje-statlege organisasjonar
  • Miljøforvaltning
  • Forsking og utgreiing
  • Utdanning

Geografar har ein tverrfagleg bakgrunn som gjer at dei passar godt til å jobbe i team med folk med ulik kompetanse. Geografar har grundig metodisk opplæring og kan jobbe prosjektorientert med problemløysing.

Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

For å få opptak til masterprogrammet i samfunnsgeografi og berekraftig utvikling må du ha ein bachelorgrad eller tisvarande bakgrunn. Graden må innhalde minst 1,5 år fulltidsstudie (80-90 studiepoeng) i geografi eller annan relevant bakgrunn som miljøstudium, utviklingsstudium eller politisk økologi med eit samfunnsvitskapleg perspektiv.

Søknadsfrister:

Informasjonsmøter

Velkommen til informasjonsmøte om masterprogrammet 16. mars kl. 14.00-15.00 på Institutt for geografi, rom 744 og zoom.

Trykk her for å delta i informasjonsmøte om samfunnsgeografi og berekraftig utvikling i Zoom (ekstern lenke).

Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Engelsk

Studiets oppbygging

Masterprogrammet er eit toårig fulltidsstudium som startar i august. Det første året er kursdelen, der du tar emne (fag) på 60 studiepoeng. Det andre året er oppgåvedelen, der du på bakgrunn av eit feltarbeid skriv ei masteroppgåve under rettleiing. 


Første semester

Obligatorisk:

GEO320 – Theory of Science and Research Design for Human Geographers (10 studiepoeng)

Vafritt: To emne i teori eller metode:

GEO317 – Special Topics in Geography (10 studiepoeng) 
GEO318 – Hydrology, Groundwater and Water-Related Geohazards (10 studiepoeng)
GEO328 – Planlegging og stadutvikling (10 studiepoeng)
GEO330 – Theories of Sustainable Land Use (10 studiepoeng)

Milepæl 1: Presentasjon av prosjektskildring. 


Andre semester

Obligatorisk:

GEO306 – Methods in Human Geography (10 studiepoeng) 

GEO324 – Human Geographies of Adaptation to Climate Change (10 studiepoeng) eller GEO337 – Political Ecology: Critical Perspectives on Environmental Governance (10 studiepoeng)

Vel eit av dei følgjande emna:

GEO316 – Practical Skills in Remote Sensing and Spatial Analysis (10 studiepoeng) 
GEO317 – Special Topic in Geography (10 studiepoeng) 
GEO324 – Human Geographies of Adaptation to Climate Change (10 studiepoeng) eller GEO337 – Political Ecology: Critical Perspectives on Environmental Governance (10 studiepoeng)

Milepæl 2: Presentasjon av teori, forskingsdesign og planar for feltarbeid.


Tredje og fjerde semester 

GEO350 – Masteroppgåve i geografi (60 studiepoeng) 

Milepæl 3: Posterpresentasjon av data, hovudfunn og metodologi i tredje semester.

Innlevering av masteroppgåva er i slutten av fjerde semester (1. juni) 


Studieplan for studenter som startet før 2026

Utveksling

Du kan reise på utveksling til Island, Nederland, Storbritannia, Sverige, Tyskland med fleire. Det er lagt opp til at du kan reise i andre semester.

Søknadsfristen er 25. august i første semester.

Sjå utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Med ein mastergrad i geografi kan du søke opptak til forskarutdanninga og ta ein doktorgrad (ph.d.).
Du kan også ta praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) og bli lektor dersom du har 60 studiepoeng eit undervisningsfag som UiB tilbyr didaktikk i.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 30 73
E-post: studieveileder.geog@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Master's Programme in Geographies of Sustainable Development