Praktisk-pedagogisk utdanning - PPU (årsstudium)
Vil du vere den personen som utgjer ein forskjell for barn og unge? PPU er eit yrkesretta og praksisbasert studium for deg som har fullført ein mastergrad og vil utdanne deg til å bli lærar. Med PPU blir du lektor og kan undervise frå 5. til 13. trinn i skulen.
- Varigheit
- 1 år
- Studieplassar
- 70
- Studiepoeng
- 60
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk
Kva lærer du?
PPU er ein eittårig lærarutdanning som består av pedagogikk, fagdidaktikk og praksis i skulen.
Det viktigaste du lærer er å undervise, å ivareta elevane og å sjå og verdsetje kvar og ein av dei. Med denne utdanninga får du blant anna:
- kunnskap om korleis du leier og legg til rette for god fagleg og sosial læring
- kunnskap om korleis du planlegg, gjennomfører og reflekterer over undervisning basert på forsking og erfaring
- lære om korleis du bygger gode relasjonar til elevar og føresette, og å samarbeide med aktørar som er relevante for skoleverket
- kunnskap om korleis vi kan ivareta mangfaldet i skolen og i den enkelte elevgruppa
Studiekvardag
PPU er eit fulltidsbasert campusstudium. Studiet kan ikkje takast som fjernstudium, da mykje av undervisninga legg opp til obligatorisk oppmøte. I pedagogikkemna har du vanlegvis to seminar og to forelesingar i veka, utanom praksisperiodane. Seminara er obligatoriske. I fagdidaktikkemna vil arbeids- og undervisningsformene variere etter kva emne du tar. Her vil også omfanget av obligatorisk undervisning variere.
Du har 30 dagar obligatorisk praksisopplæring ved ein skole begge semestera, vanlegvis både på ungdomstrinnet og i vidaregåande skole. Du får tildelt praksisplass.
Denne utdanninga er utfordrande og arbeidskrevjande, men samtidig veldig lærerik. Gjennom undervisninga, oppgåvearbeid og praksis blir du godt kjent med medstudentane dine. Du får tett oppfølging av engasjerte fagpersonar, både i undervisninga og i praksisopplæringa.
Kva kan du jobbe som?
Med fullført PPU er du kvalifisert til å undervise frå 5. til 13. trinn i skulen. Studiet er særleg retta mot arbeid i ungdomsskulen og vidaregåande opplæring, inkludert vaksenopplæringa.
Det er eit stort behov for kvalifiserte lærarar i norsk skole. Yrket gir jobbmoglegheiter over heile landet.
Utdanninga opnar òg for andre yrkesvegar der kombinasjonen av formidlingskompetanse og pedagogisk kompetanse er attraktiv.
Opptakskrav og søknadsfrist
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
For opptak krev ein følgjande:
- Fullført mastergrad
eller
- Fullført bachelorgrad og minst to års relevant arbeidserfaring frå skulen. Dette unntaket frå krav om mastergrad gjeld til og med opptaket hausten 2029.
I tillegg må søkar ha:
- Fagleg fordjuping i minst eitt undervisningsfag som UiB tilbyr fagdidaktikk i
- Minimum 60 studiepoeng i det enkelte faget
- Eit karaktersnitt på minst C (2,5) i faget/faga som utgjer opptaksgrunnlaget. Karakersnittet blir rekna ut på grunnlag av det 60 studiepoenga som gir opptak
- Kompetanse i norsk tilsvarande generell studiekompetanse (ekstern lenke)
Her finn du utfyllande informasjon om opptakskrav til PPU (ekstern lenke) og korleis du søker opptak til studiet (ekstern lenke).
Vi gjer merksam på at studiet startar måndag i veke 33 og at oppmøte første veka er obligatorisk.
Ved opptak til studiet må du legge fram politiattest.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Studiets oppbygging
PPU er eit eittårig fulltidsstudium på 60 studiepoeng som inneheld pedagogikk, fagdidaktikk og praksis i skulen.
1. semester
PEDA101 - Praktisk pedagogikk - pedagogikk 1. semester (15 studiepoeng)
Fagdidaktikk (15 studiepoeng)
PPUPRA101 - Praksis PPU 1. semester
2. semester
PEDA102 - Praktisk pedagogikk - pedagogikk 2. semester (15 studiepoeng)
Fagdidaktikk (15 studiepoeng)
PPUPRA102 - Praksis PPU 2. semester
Utveksling
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på denne utdanninga.
Vidare studiemoglegheiter
Etter å ha fullført praktisk-pedagogisk utdanning kan du bygge på og få undervisningskompetanse i andre fag. Det finst òg moglegheiter for etter- og vidareutdanning, blant anna innan spesialpedagogikk, skoleleiing og kollegarettleiing.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.