Opptakskrav og fagtilbod for praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

Her får du informasjon om både opptakskrav og fagtilbod for PPU i teoretiske og allmenne fag.

PPU bygger på tidlegare avlagd utdanning og studiar, og du kan velje mellom ei rekke undervisningsfag. 

Krav til utdanning og fag du treng for å søke

Generelle opptakskrav

For å søke opptak til PPU må du ha enten fullført mastergrad eller fullført bachelorgrad og minst to års relevant arbeidserfaring frå grunnskule eller vidaregåande skule. Frå hausten 2030 er det berre krav om fullført mastergrad som gjeld.

I tillegg må du ha: 

  • Fagleg fordjuping i minst eitt undervisningsfag som UiB tilbyr fagdidaktikk i. Du finn faga du kan velje mellom i neste avsnitt/punkt.
  • Minimum 60 studiepoeng i faget/faga.
  • Eit karaktersnitt på minst C i faget/faga som utgjer opptaksgrunnlaget. Karaktersnittet blir rekna ut på grunnlag av dei 60 studiepoenga som gir opptak.
  • Kompetanse i norsk tilsvarande generell studiekompetanse (ekstern lenke).

 

Korleis du oppnår fagleg fordjuping dersom du manglar det

Dersom du manglar dei faglege krava for å komme inn på PPU, kan du søke opptak til UiB for å ta fag du manglar. Du kan for eksempel søke opptak til eit årsstudium i faget du ønskjer å fordjupe deg i gjennom Samordna Opptak. (ekstern lenke) Dersom du nettopp har fullført ei grad ved UiB, kan du søke om poststudierett.

Krav til fagleg fordjuping

PPU i psykologi

For å dekke krav til fagleg fordjupning for opptak til PPU i psykologi, må du ha minimum 60 studiepoeng i psykologi.

Anbefalte psykologiemne er emne som inngår i årsstudiet i psykologi ved UiB. 

Har du spørsmål? Ta kontakt med: info.psyfa@uib.no.

PPU i realfag

Matematikk

Det er krav om 60 studiepoeng matematikk og/eller statistikk.

  • Dersom du har minst 10 studiepoeng informatikk blir kravet redusert til 50 studiepoeng matematikk og/eller statsistikk.
  • Relevante matematiske emne innan ingeniørfag, realfag og økonomi kan også bli godkjend, basert på fagleg vurdering. Har du t.d. fullført mastergrad i teknologi/siv.ing blir kravet redusert til minimum 37,5 studiepoeng innanfor matematikk og/eller statistikk. Dei øvrige 22,5 studiepoenga kan dekkast av relevante emne innanfor informatikk, realfag og teknologi.

Biologi

Mastergrad i biologi som tilsvarer nivå og profil til masterprogramma ved UiB. Eller: Minimum 60 studiepoeng i biologi på nivå som tilsvarer grunnemne ved UiB eller høgare. Fagleg breidde og praktisk erfaring i felt og på lab, som dekker viktige tema i skulefaga, er ønskjeleg og vil bli prioritert ved opptak.

Fysikk

Minst 60 studiepoeng i fysikk på universitetsnivå. Du som søkjer står ansvarleg for å dokumentere at du har oppnådd studiepoeng i emne som minst dekkjer fagområda frå lista nedanfor.

Fagområda på lista må vere nokså jamnt fordelt, og ikkje dominert av eitt fagområde. Dersom ikkje alle fagområda inngår i søknadsgrunnlaget, blir det gjort ei heilskapleg vurdering av den enkelte søkar sin fagbakgrunn. Studentar med ingeniørutdanning frå høgskule må få vurdert fysikkemnene i kvart enkelt tilfelle.

Liste over fagområde som må dekkjast:

  • Moderne fysikk
  • Mekanikk
  • Termodynamikk
  • Elektromagnetisme
  • Laboratoriekurs i fysikk

Kjemi

Minimum 60 studiepoeng i kjemi på nivå som tilsvarar grunnemne ved UiB eller høgare. Emnekombinasjonen må innehalde minst 20 studiepoeng kjemiemne kor det inngår praktisk laboratoriearbeid. Fagleg breidde og laboratorieerfaring som dekkjer viktige tema i skulefaget er ønskjeleg, og vil bli prioritert ved opptak.

Naturfag

Minimum 90 studiepoeng i naturvitskaplege emne med minimum 15 studiepoeng relevant utdanning i kvart av faga fysikk, kjemi, biologi på nivå som tilsvarer grunnemne ved UiB eller høgare. Søkarar kan erstatte eitt av faga med minimum 15 studiepoeng geofag. Fagleg breidde som dekkjer viktige tema i skulefaget er ønskjeleg, og vil bli prioritert ved opptak.
 

PPU i samfunnsfag

Søkjarar til samfunnskunnskapsdidaktikk må ha minst 60 studiepoeng fordjuping i samfunnskunnskap. Vi har følgande krav til samamsetning av emne:

  • Minimum 30 studiepoeng fordjuping innan enten; samanliknande politikk, politikk og forvaltning, sosiologi eller sosialantropologi. Det er krav til det faglege innhaldet i fordjupinga (sjå krav for fordjuing fullført ved UiB under). 
  • 30 studiepoeng valfrie emne innanfor samfunnsfaga med relevans for skulefaget.
     

Utdanning i faget samfunnsfag (høgskuleutdanning), utviklingsstudier, marknadsføring, administrasjon og leiing, økonomi og samfunnsøkonomi blir ikkje  godkjend aleinesom opptaksgrunnlag til samfunnskunnskapsdidaktikk. Søkarar med desse utdanningane må som oftast ta minimum 30 studiepoeng fordjuping (grunnleggande emne) i eit av samfunnsfaga i tillegg. 

Utdanning frå andre lærestader enn UiB blir vurdert etter søknad.

----------------------------------------------

Har du utdanning frå UiB kan velje mellom to alternativ, som begge kvalifiserer til samfunnkunnskapsdidaktikk:

Alternativ 1)

60 studiepoeng fordjuping innan eitt av fagområda:

På den enkelte studieprogramsida, som det er lenka til over, finn du oversikt over kva emne du må ha for å fylle kravet til fordjuping under overskrifta "Studiets oppbygging" og "Årsstudium med spesialiseringsemner" i det enkelte faget.

Alternativ 2)

30 studiepoeng fordjuping innan eitt av faga:

OG

30 studiepoeng valfrie emne som er relevant for skulefaget, og helst emne som inngår i følgande årsstudium:

I tillegg godkjenner vi 

 

Har du spørsmål? Ta kontakt med: studieveileder@svfa.uib.no  

PPU i språkfag, historie, religionsvitskap og filosofi

Engelsk:   Minimum 60 studiepoeng i faget. Av desse skal minimum 20 studiepoeng vere innanfor engelsk lingvistikk og 20 studiepoeng vere innanfor engelsk litteratur/kultur. Undervisningsspråket skal ha vore engelsk. Årsstudium i engelsk frå UiB kvalifiserer for opptak. Andre årsstudium/utdanningar blir vurdert etter søknad.

Fransk:   Minimum 60 studiepoeng i faget. Av desse skal minimum 20 studiepoeng vere innanfor fransk lingvistikk og minimum 20 studiepoeng vere innanfor fransk litteratur/kultur. Undervisningsspråket skal ha vore fransk. Årsstudium i fransk frå UiB kvalifiserer for opptak. Andre årsstudium/utdanningar blir vurdert etter søknad.

Tysk:   Minimum 60 stp. i faget. Av desse skal minimum 30 studiepoeng vere språkemne i tysk. Undervisningsspråket skal hovudsakleg ha vore tysk. Årsstudium i tysk frå UiB kvalifiserer for opptak. Andre årsstudium/utdanningar blir vurdert etter søknad. 

Spansk:   Minimum 60 stp. i faget. Av desse skal minimum 20 studiepoeng vere innanfor spansk lingvistikk og minimum 20 studiepoeng vere innanfor spansk litteratur/kultur. Undervisningsspråket skal ha vore spansk.. Årsstudium i spansk språk og latiamerikastudium frå UiB kvalifiserer for opptak. Andre årsstudium/utdanningar blir vurdert etter søknad. 

Nordisk:   Minimum 60 studiepoeng i nordisk språk og litteratur. Av desse 60 studiepoenga skal det normalt vere 30 studiepoeng i nordisk språk og 30 studiepoeng i nordisk litteratur. Etter ei fagleg vurdering kan ein kome inn med minst 20 studiepoeng i språk og minst 20 studiepoeng i litteratur. Dei 20 siste studiepoenga kan då vere norske/nordiske emne i språk, litteratur eller norsk som andrespråk. Årsstudium i nordisk frå UiB kvalifiserer for opptak. Studenten må ha avlagt eksamen både på bokmål og nynorsk. Studentar med fullført mastergrad i allmenn litteraturvitskap må supplere med språkdelen av nordisk årsstudium for å kunne reknast som kvalifisert. Studentar med fullført mastergrad i allmenn lingvistikk må supplere med emne frå nordisk litteratur for å kvalifisere. Andre årsstudium/utdanningar blir vurderte etter søknad. 

Norsk som andrespråk:   Minimum 60 stp. i faget på 100-nivå. Årsstudium i norsk som andrespråk frå UiB kvalifiserer for opptak. Andre årsstudium/utdanningar blir vurdert etter søknad. 

Religionsvitskap:  Årsstudium i religionsvitskap/ religionshistorie eller tilsvarande religionsstudium frå andre institusjonar kvalifiserer for opptak. Inntil 15 stp. av totalt 60 stp. kan alternativt vere innan filosofi, etikk, idéhistorie, livssynskunnskap. Andre årsstudium/utdanningar blir vurdert etter søknad.

Historie:  Minimum 60 studiepoeng i historie.

Filosofi:  Årsstudium i filosofi frå UiB kvalifiserer for opptak. Ein kombinasjon av filosofi og idehistorie, der filosofi utgjer minimum 30 studiepoeng, kvalifiserer også for opptak. Andre årsstudium/utdanningar blir vurdert etter søknad.

 

Har du spørsmål? Ta kontakt med: lektor@hf.uib.no 

Har du utdanning frå andre lærestader?

Dersom du har utdanning frå andre lærestader enn UiB og ønskjer ei førehandsvurdering av faga dine til PPU, kan du bruke skjemaet under:

Opptak til enten eitt eller to undervisingsfag

Du kan søke opptak til enten eitt eller to undervisningsfag. Opptak i eitt fag gjeld berre for nokre av faga. Dersom du får tilbod i to fag, må du takke ja til begge faga. Du stiller mykje sterkare som jobbsøkar i skulen dersom du har undervisningskompetanse i to fag, og ikkje berre eitt. Her er fagtilbodet hausten 2026:

Tofagsmodell

Tofagsmodell

  • Biologi
  • Engelsk
  • Filosofi
  • Fransk
  • Fysikk
  • Historie
  • Kjemi
  • Matematikk
  • Naturfagskombinasjon
  • Norsk
  • Norsk som andrespråk
  • Psykologi
  • Religion
  • Samfunnskunnskap
  • Spansk
  • Tysk

Eittfagsmodell

  • Biologi
  • Engelsk
  • Fransk
  • Fysikk
  • Historie
  • Kjemi
  • Matematikk
  • Naturfag
  • Norsk
  • Norsk som andrespråk
  • Psykologi
  • Samfunnskunnskap
  • Spansk
  • Tysk

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål om dei generelle opptakskrava eller fagtilbodet kan du ta kontakt på e-post:

E-post
info.psyfa@uib.no
Sist oppdatert: 22.09.2026