Sosialantropologi (bachelor)
Sosialantropologi er studiet av menneske i alt sitt sosiale og kulturelle mangfald. Som student lærer du om kva det betyr å vere menneske under ulike omstende og utviklar ei analytisk verktøykasse for å forstå menneskets verkelegheit og val dei tek på eigne premisser.
- Varigheit
- 3 år
- Studieplassar
- 78
- Studiepoeng
- 180
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk
Kva lærer du?
Ein student med bachelorgrad i sosialantropologi
- har samanliknande kunnskap om menneskelege levemåtar verda over.
- kan bruke analytiske omgrep og perspektiv til å reflektere over lokale og globale samfunnsprosessar.
- forstår samspelet og skilnaden mellom empiri, teori og analyse i antropologiske tekstar.
- kjenner til og har erfaringar frå deltakande observasjon og etiske utfordringar knytt til feltarbeid.
- kan analysere korleis ein akademisk tekst er bygd opp, finne sentrale argument i tekstar, samanlikne dei og formulere ei samla framstilling av funna.
- kan gjere greie for faghistoriske utviklingstrekk og dei sentrale metodane og teoretiske perspektiva innan sosialantropologi.
- kan bruke bibliotek og andre kjeldesamlingar for å finne ny og relevant informasjon i utarbeiding av eigne prosjekt, føre referansar til kjelder i akademisk tekst og lage litteraturliste.
Studiekvardag
Bachelorprogrammet i sosialantropologi er eit studium på fulltid. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I løpet av ei veke har du forelesingar, seminargrupper og oppgåveskriving. I starten av studiet får du tett oppfølging og mykje undervisning. Utover i studiet får du meir tid til sjølvstudium, som lesing og kollokviegrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.
Du skal gjere eit minifeltarbeid i grupper allereie første semester. I siste semester skal du skrive ei bacheloroppgåve over eit sjølvvalt tema med rettleiing frå ein fagperson.
Sosialantropologi er kjent for å ha eit inkluderande og engasjert studentmiljø, med aktive studentorganisasjonar som Fagutvalet og tidsskriftet Kula Kula og Antrohalvtimen. Du kan vere med i antropologisk podkast, arrangere debattar og andre faglege og sosiale treff.
Instituttet held til i SV-bygget Lauritz Meltzers hus på Nygårdshøyden.
Kva kan du jobbe som?
Arbeidslivet sett høge krav til fleksibilitet, sjølvstendig tenking og det å sjå andre sine perspektiv. Antropologistudiet gir deg denne kompetansen.
Nokon får jobb på grunn av den generelle kompetansen og den kvalitative metoden ein får gjennom studiet. Andre blir anerkjent for sine region- eller temakunnskapar.
Antropologar jobbar med alt frå
- forskings- og kommunikasjonsarbeid i media og internasjonale organisasjonar
- kulturomsetjing, for eksempel innanfor flyktning- og innvandringsfeltet
- arbeid innan barnevern, rusomsorg eller liknande
- privat og offentleg administrasjon og leiarskap
Opptakskrav og søknadsfrist
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk og engelsk
Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.
Studiets oppbygging
Bachelorprogrammet i sosialantropologi er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august.
Slik er studiet bygd opp:
1. semester
SANT100 – Invitasjon til sosialantropologi (10 studiepoeng)
SANT150 – Akademisk skriving, teori og metode: antropologiske tilnærmingar (10 studiepoeng)
Examen philosophicum – seminarmodell eller skuleeksamen (10 studiepoeng)
2. semester
SANT106 – Slektskap, kjønn og sosialt liv (10 studiepoeng)
SANT107 – Den materielle verda: Økologi og økonomi (10 studiepoeng)
SANT108 – Etnografi i praksis (10 studiepoeng)
3. semester
SANT104 – Kultur, meining og kommunikasjon (15 studiepoeng)
SANT105 – Politikk, makt og motstand (15 studiepoeng)
4. og 5. semester
Frie studiepoeng/utveksling (til saman 60 studiepoeng)
6. semester
SANT215 – Komparativ regional etnografi (15 studiepoeng)
SANT260 – Bacheloroppgåve (15 studiepoeng)
Bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng. Du startar med innføringsemne og ex.phil. (filosofiemne som inngår i alle bachelorprogramma ved UiB) i fyrste semester. Dei obligatoriske emna Sosialt liv i globalt perspektiv, Materialitet: miljø, stad og økonomi, Kultur, meining og kommunikasjon, Etnografi i praksis, Politikk, makt og motstand, Komparativ regional etnografi og Bacheloroppgåve utgjer spesialiseringa i sosialantropologi, på til saman 90 studiepoeng.
60 av studiepoenga er såkalla frie studiepoeng. Dette gjev deg eit år der du kan reise på utveksling, ta opne emne frå andre fagområde ved UiB eller fordjuping av antropologiske interessefelt. Slik kan du sjølv tilpasse innhald og oppbygging av bachelorgraden din.
Utveksling
Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester.
Studentar reiser til universitet i Europa, Stillehavet, Asia og Latin-Amerika. Du kan lære eit nytt språk og bli kjent med folk frå heile verda. Erfaringa kan bli viktig for val av tematikk på bacheloroppgåve og masterprosjekt, og i arbeidslivet etterpå.
Vidare studiemoglegheiter
Ein bachelorgrad i sosialantropologi vil kvalifisere deg for opptak til masterprogrammet i sosialantropologi. Masterprogrammet er eit toårig fordjupingsstudium som skal styrke analytiske evner og teoretisk og metodisk kompetanse.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.