Studieplan for MAPS-SPED Masterprogram i spesialpedagogikk, vår 2026
Omfang og studiepoeng
Studie har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til to års fulltidsstudium
Namn på grad
Masterprogram i Spesialpedagogikk
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart - semester
Haust, annankvart år (2025, 2027, 2029, osv.)
Mål og innhald
Mål:
Masterprogrammet i spesialpedagogikk skal formidle teoretisk og praktisk forståing for spesialpedagogisk verksemd, både gjennom fordjuping i spesialpedagogiske emne og praksis i støttetenester. Målet med studiet er å gi eit fagleg fundament for korleis arbeide system- og individorientert med tenester for barn og unge med ulike føresetnader for læring og utvikling. Masterprogrammet rettar fokus på korleis ein kan avdekke læringsutfordringar som barn og unge kan møte på ulike arenaer, samt korleis iverksette relevante tiltak på individ- og systemnivå. Studiet vil særleg formidle forståing for og innsikt i inkluderande og systemorienterte prosessar som kan støtte barn og unge si læring og utvikling. Programmet rettar fokus på korleis ein kan synleggjere, forstå og utfordre ekskludering og marginalisering i barnehage, skule og samfunn. Samla sett er målet at studentane gjennom masterprogrammet skal tileigne seg ei forståing for og erfaring med ulike spesialpedagogiske problemstillingar. Denne forståinga skal gjenspegla seg i eit sjølvstendig arbeid med masteroppgåva.
Innhald:
Gjennom programmet skal studentane tileigne seg teoretisk, metodisk og praktisk kunnskap og kompetanse for å kunne identifisere, analysere og kritisk reflektere over spesialpedagogiske problemstillingar. Studentane skal førebu og gjennomføre arbeidsoppgåver samt vidareutvikle problemstillingar innanfor oppvekst- og utdanningssektoren. Studentane skal utvikle kompetanse i kartlegging på individ- og systemnivå. Dei skal vidare få kunnskap om og kompetanse i korleis utarbeide, gjennomføre og evaluere ulike tiltak som tek omsyn til individet i fellesskapet. Dei skal kvalifiserast og bli funne skikka til å møte og utøve arbeidsoppgåver i tråd med profesjonsetiske retningslinjer, lovverk og andre styringsdokument som regulerer oppvekst, opplæring og helse. Studentane skal tileigne seg kunnskap om vitskapsteori og metode, samt fordjupe seg i et valt fagområde, slik at dei kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid under rettleiing og i samsvar med gjeldande forskingsetiske normer.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten..
- har inngåande kunnskap om systemteori og spesialpedagogisk grunnlagstenking og kan reflektere over korleis slik kunnskap kan vere tenleg i møte med barn og unge som har ulike behov og føresetnader
- har inngåande kunnskap om ulike kartleggingstilnærmingar og kan kritisk vurdere det teoretiske og metodologiske grunnlaget dei er tufta på
- har inngåande kunnskap om korleis ein kan identifisera konsekvensar ulike funksjonsnedsettingar og læringsutfordringar hjå barn og unge kan få i ein utdanningskontekst samt korleis ein kan arbeide med førebygging på individ-, gruppe- og samfunnsnivå
- har inngåande kunnskap om gjeldande lovverk og profesjonsetiske retningslinjer og kan reflektere over korleis desse kan verke inn på utøvinga av spesialpedagogiske arbeidsoppgåver på system- og individnivå.
- har avansert kunnskap om metodiske design, og kan identifisere ulike forskingsetiske problemstillingar og prosedyrar innanfor det spesialpedagogiske fagfeltet
Ferdigheiter
Kandidaten..
- kan analysere og stille seg kritisk til eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innanfor det spesialpedagogiske fagområdet og anvende desse som grunnlag for analyse og diskusjon av dei utfordringar som individ og/eller system kan stå i
- kan på ein sjølvstendig måte anvende ulike kartleggingstilnærmingar og kritisk vurdere (teoretisk og praktisk) korleis bruken av desse kan verke inkluderande- og/eller ekskluderande
- beherskar ulike metodiske forskingsdesign, og kan reflektere og diskutere etiske dilemma ved bruk av desse
- kan anvende teoriar og metodar til å gjennomføre eit sjølvstendig avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
Generell kompetanse
Kandidaten..
- kan formidle faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar innanfor teori og praksis både skriftleg og munnleg
- har gjennom fordjuping i teori og praksis frå oppvekst- og utdanningssektoren tileigna seg kompetanse for yrkesutøving
- kan bidra til nytenking i opplæringssektoren og støttetenestene
Opptakskrav
Opptak til masterprogrammet i spesialpedagogikk krevjar:
- Fullført bachelorgrad eller tilsvarande utdanning innen spesialpedagogikk, pedagogikk, psykologi, logopedi, barnevern eller anna relevant fagområde.
- Minst 60 studiepoeng spesialpedagogikk
- Dersom du ikkje har 60 studiepoeng spesialpedagogikk som del av graden din, kan du ha tatt desse som valfrie emne eller enkeltemne utanom graden.
- Om du har tatt relevante emne med namn som ikkje er tydeleg knytt til spesialpedagogikk må du leggje ved eit notat til opptaket som forklarer korleis emna er knytt til det spesialpedagogiske fagfeltet.
- Minst 15 studiepoeng forskningsmetode.
- Eit gjennomsnitt på minst karakteren C i emna som inngår i vurderingsgrunnlaget
- Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, enten frå norsk vidaregåande skule eller på annan måte
- Ved oppstart må studentane leggje fram gyldig politiattest.
- Bachelorgrad i spesialpedagogikk (180 studiepoeng): karaktersnittet blir rekna ut frå 180 studiepoeng.
- Bachelorgrad i pedagogikk (180 studiepoeng) + 60 studiepoeng spesialpedagogikk utanom: karaktersnittet blir rekna ut frå 240 studiepoeng.
- Lektorutdanning (vanlegvis 300 studiepoeng) med 30 studiepoeng spesialpedagogikk i graden + 30 utanom: karaktersnittet blir rekna ut frå 330 studiepoeng.
- Førskulelærarutdanning (180 studiepoeng) + 60 studiepoeng spesialpedagogikk + 15 studiepoeng forskingsmetode utanom: karaktersnittet blir rekna ut frå 255 studiepoeng.
- Bachelorgrad i spesialpedagogikk
- Bachelorgrad i pedagogikk
- Allmennlærarutdanning
- Barnehagelærarutdanning
- Førskulelærarutdanning
- Lektorutdanning
- Bachelorgrad i barnevern
- Bachelorgrad i psykologi
- SPED311: Spesialpedagogisk grunnlagstenking (15 stp)
- SPED315: Education for gifted and talented children/Opplæring og undervisning for barn og elevar med ekstraordinært læringspotensial (5 stp)
- SPED316: Systemarbeid og kartlegging (10 stp)
- SPED312: Forskingsmetode (15 stp)
- SPED317: Spesialpedagogisk rådgjeving i teori og praksis (15 stp
- SPED395: Masteroppgåve i spesialpedagogikk (60 stp)
- SPED311: Spesialpedagogisk grunnlagstenking (15 stp)
- SPED315: Education for gifted and talented children/Opplæring og undervisning for barn og elevar med ekstraordinært læringspotensial (5 stp)
- SPED316: Systemarbeid og kartlegging (10 stp)
- SPED395: Masteroppgåve i spesialpedagogikk (60 stp)
- Førelesingar
- Seminar
- Praksis i støttetenestene
- Sjølvstudium
- Masteroppgåve
- Leiarstilling
- Rådgivar i utdanningssektoren
- Undervisning- og forskingsarbeid (inkl. Ph.d.) ved universitet og høgskule
- Administrativt arbeid knytt til studieavdelingar ved universitet og høgskule (studiekonsulent, programkoordinator m.m.)
- Arbeid med barn og unge med ulike læringsutfordringar i offentlege og private institusjonar
Slik blir vurderingsgrunnlaget rekna ut:
Karaktersnittet blir berekna på grunnlag av heile graden, det vil seie at alle emna i utdanninga blir tekne med. Dersom du har tatt emne i spesialpedagogikk- og/eller forskningsmetode utanom graden, blir desse også tatt med i berekninga. Dette sikrar at alle søkjarar blir vurderte på grunnlag av den samla faglege kompetansen dei har, uavhengig av utdanningsløp.
Døme:
Døme på utdanningar som kan kvalifisere
Følgjande utdanningar kan kvalifisere, gitt at du har 60 studiepoeng i spesialpedagogikk og 15 studiepoeng i forskingsmetode:
Obligatoriske emne
Ein mastergrad i spesialpedagogikk består av følgjande obligatoriske emne:
Rekkefølgje for emne i studiet
1. semester (haust):
2. semester (vår):
1. og 2. semester (haust og vår):
Undervisningsmetodar
Det vert brukt arbeids- og undervisningsformer (digitale og/eller fysiske) som inviterer til studentaktivitet. Dette kan til dømes vere ulike oppgåver, erfaringar frå observasjonspraksis, ulike case som studentane må løyse åleine og/eller saman med ein eller fleire medstudentar. Undervisninga omfattar og forelesingar og seminarundervisning i mindre grupper - kombinert med tilbakemelding frå undervisar og/eller medstudentar på skriftlege og munnlege arbeid undervegs i studiet. Det vert lagt til rette for digitale undervisningsformer og ulike former for digital samarbeidslæring undervegs i studiet, og på ulike emne. Ved digitale undervisningsformer blir det også lagt vekt på at studentane viser seg aktive gjennom det å vere synleg samt å delta i dialog og diskusjon.
Arbeids- og undervisningsformer
Fagmiljøet i spesialpedagogikk held til i Christies gate 12 som er hovudbygget til Det psykologiske fakultetet. Det er óg her du vil tilbringe mesteparten av tida di som masterstudent.
All undervisning i masterstudiet vil i utgangspunktet skje fysisk på campus. Einskilde emne vil ha noko digital undervisning, men studiet er ikkje eigna som fjernstudium då mykje av undervisninga krev obligatorisk fysisk oppmøte.
Undervisningsformer er retta mot ei førebuing av sjølvstendig arbeid med masteroppgåva, men og for å gjere deg kjend med ulike arbeidsformer som du kan møte på i arbeidslivet. Studiet er bygd opp av desse elementa:
Alle studentorganisasjonane ved Det psykologiske fakultetet er samla under Psykologisk studentforening (PSF). Vi har eit eige Fagutval for pedagogikk, spesialpedagogikk og logopedi som skal vere eit bindeledd mellom studentane og leiinga ved fakultetet
Vurderingsformer
Emna som inngår i studieløpet, nyttar hovudsakleg ulike kombinasjonar av følgjande vurderingsformer: heimeeksamen, munnleg eksamen og semesteroppgåve.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.
Karakterskala
Emna som inngår i det tilrådde studieløpet vert karaktersett med bokstavkarakterar A-F.
Grunnlag for vidare studium
Gjev grunnlag for vidare forskarutdanning (PhD).
Relevans for arbeidsliv
Master i spesialpedagogikk gir deg moglegheit for jobb på område der kompetanse innan læring og utvikling hos born, ungdom og vaksne med særskilte behov er relevant, til dømes innanfor støttetenester som PP-tenesta, BUP og Statped, samt innanfor kriminal- og rusomsorg, helse- og sosialsektoren, arbeidsinkludering, kultursektoren eller andre delar av velferdsforvaltninga.
Master i spesialpedagogikk gir aktuell kompetanse for rådgjeving- og utviklingsarbeid i skule og barnehage, men kvalifiserer ikkje til undervisningsstilling som spesialpedagog med mindre du også har ei barnehagelærar- eller lærarprofesjonsutdanning i fagkretsen din.
Med master i spesialpedagogikk er du mellom anna kvalifisert til å søke stillingar som:
Evaluering
Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Skikkavurdering og autorisasjon
Ifølgje Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning (nr. 859) fastsett av Kunnskapsdepartementet 30. juni 2006 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskular § 4-10 sjette ledd, skal det gjennom heile studiet gjerast vurderingar av om studenten er skikka til å jobbe som spesialpedagog. Sluttvurdering og vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert som skikka (jf. § 4-10 andre leddet).
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet v/ institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.