Spesialpedagogikk (master)
Spesialpedagogikk handlar om å forbetre læringsmoglegheitene til barn og unge som møter hindringar for vekst, læring og livsutfalding. Med master i spesialpedagogikk kan du bidra til positive endringar for eit inkluderende samfunn. Studiet har opptak annankvart år i oddetalsår (2025, 2027 osv).
- Varigheit
- 2 år
- Studieplassar
- 15
- Studiepoeng
- 120
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk
Kva lærer du?
Du lærar korleis ein kan avdekke læringsutfordringar som barn og unge kan møte på ulike arenaer, og korleis iverksette relevante tiltak. Du får djup innsikt i prosessar som støttar barn og unge si læring og utvikling. Studiet vektlegg korleis ein kan identifisere, forstå og utfordre ekskludering og marginalisering av sårbare barn og unge i barnehage, skole og samfunn.
Spesialpedagogikk speler ei viktig rolle for å korrigere politikk og praksis som har negative konsekvensar for enkeltpersonar eller sårbare grupper. Målet er at du skal utvikle ei forståing for og erfaring med ulike spesialpedagogiske problemstillingar. Denne forståinga skal avspeglast i eit sjølvstendig arbeid med masteroppgåva.
Studiekvardag
I løpet av studiet vil du utforske ulike læringsmetodar for eksempel forelesingar, seminar, praktiske øvingar, sjølvstudium og eiga masteroppgåve. Praksis er òg ein viktig del av studiet, der du får tre veker praksis i støttetenestene. Vi vektlegg studentaktiv forsking og gir deg stor fridom til å fordjupe deg i dine eigne interesser.
Mesteparten av undervisninga skjer på campus. Studiet kan ikkje takast som fjernstudium, da mykje av undervisninga legg opp til obligatorisk oppmøte. Den planlagde undervisninga er berre ein del av studietida di i løpet av ei veke. Det er forventa at ein tar ansvar for lesing av pensum og førebuingar til undervisninga. Det kan vere nyttig å danne studiegrupper med medstudentar for diskusjon og samarbeid.
Som student vil du halde til på campus i Bergen sentrum. Hovudbygget til Det psykologiske fakultet er Bjørn Christiansens hus i Christies gate 12.
Kva kan du jobbe som?
Studiet gir moglegheit for arbeid innanfor område som krev ekspertise om læring og utvikling hos barn, ungdom og vaksne med særlege behov. Dette inkluderer område som oppvekstsektoren, kriminal- og rusomsorg, helse- og sosialsektoren, arbeidsinkludering, kultursektoren og velferdsforvaltninga.
For eksempel stillingar innan:
- rådgjeving i utdanningssektoren (PPT, BUP og Rettleiingstenesta)
- administrativt arbeid ved universitet og høgskule (studiekonsulent, koordinator)
- arbeid med barn og unge med ulike læringsutfordringar i offentlege og private institusjonar
Opptakskrav og søknadsfrist
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
Snitt 2024: 3,25 (NB: Kun første prioriteringsgruppe)
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:
dei generelle opptakskrava for master på UiB
dei spesielle opptakskrava for dette studiet
Dette studieprogrammet har kun oppstart annankvar haust (2025, 2027, 2029, etc)
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Studiets oppbygging
Dette er eit toårig fulltidsstudium med oppstart annankvar haust i oddetalsår. Graden er bygd opp av 120 studiepoeng og alle emna er obligatoriske i graden. Dette studieprogrammet er óg det einaste masterprogrammet i spesialpedagogikk i Noreg der du kan bruke eit heilt år (60 studiepoeng) på masterprosjektet ditt.
Under ser du den anbefalte oppbygginga av studiet.
1. semester
SPED311 - Spesialpedagogisk grunnlagstenking (15 studiepoeng)
SPED315 - Education for gifted and talented children (5 studiepoeng)
SPED316 - Systemarbeid og kartlegging (10 studiepoeng)
2. semester
SPED312 - Forskingsmetode (15 studiepoeng)
SPED317 - Spesialpedagogisk rådgjeving i teori og praksis (15 studiepoeng)
3. og 4. semester
SPED395 - Masteroppgåve i spesialpedagogikk (60 studiepoeng)
Utveksling
Det er dessverre ikkje mogleg å reise på utveksling i løpet av dette studieløpet.
Vidare studiemoglegheiter
Med ein mastergrad i spesialpedagogikk får du kvalifikasjonar for vidare forsking, formidling og undervisning på høgare nivå. Les meir om phd-programmet ved Det psykologiske fakultet her
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.