Tysk (bachelor)

Å ta ein bachelor i tysk gir deg solide språk- og kulturkunnskapar, internasjonal erfaring og mange karrieremoglegheiter. Studiet er fleksibelt og alle tyskemna som inngår i graden kan takast på campus, nett eller kombinert. Tysk er eit av Europas viktigaste språk og opnar dører i fleire bransjar.

Kva lærer du?

På tyskstudiet ved UiB får du sterke språkferdigheiter, brei innsikt i litteratur, kultur og historie, og kunnskap om samfunnsliv og miljøpolitikk i Tyskland, Sveits og Austerrike. Vi meiner at du lærer eit språk best ved å bruke det aktivt. Studiet inkluderer mykje undervisning slik at du, saman med medstudentar, får brukt språket. I litteraturdelen av programmet les du mange verk av spennande forfattarar frå 1750 til i dag. I undervisninga diskuterer vi tema knytt til tekstane vi les.

Med ein bachelorgrad i tysk får du:

  • gode kunnskapar i tysk grammatikk og lydlære
  • grunnleggande ferdigheiter i språkleg, kulturell og litterær analyse gjennom varierte skriftlege og munnlege øvingsoppgåver

ei reflektert og sjølvstendig haldning til lærestoffet, gjennom analysar av språklege, litterære og kulturelle uttrykk i historisk og samfunnsmessig samanheng

Studiekvardag

Allereie i første semester løfter du språknivået gjennom emne som gir eit trygt grunnlag for vidare studium – anten du kjem rett frå vidaregåande eller ønskjer å friska opp tysken. Eit par gongar i semesteret møtest studentar og tilsette til felles lunsj, gjerne med små innslag og aktivitetar.   

I andre semester får du eit høgdepunkt i studiet: eit tre vekers opphald ved Det tysk-norske studiesenteret ved Universitetet i Kiel (DNSZ) mellom siste undervisningsveke og eksamensperioden. Her deltek du i kurs, ekskursjonar, museumsbesøk og sosiale aktivitetar – og mange vel å bu hos ein tysk vertsfamilie for ekstra språktrening og autentiske kulturmøte. I løpet av studiet får du òg anledning til å vere minst eitt semester på utveksling ved eit tyskspråkleg universitet.  

Som student hos oss har du det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum.

Kva kan du jobbe som?

Ein bachelor i tysk gir ettertrakta kompetanse i språk, kultur og formidling. Du blir kvalifisert for arbeid i skulen, kultur- og kunnskapssektoren, forlag, reiseliv, offentleg forvaltning og næringsliv – særleg innan område der samarbeid med tyskspråklege land er viktig. Noreg og Tyskland har eit tett samarbeid, og Tyskland er Noregs største handelspartnar. Gode tyskkunnskapar er derfor ein verdifull ressurs i eit Europa der språk og kulturforståing blir stadig viktigare.

Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk og tysk

Studiet tar utgangspunkt i at du har forkunnskapar, til dømes frå tyskundervisning på vidaregåande skole.

Studiets oppbygging

Bachelorprogrammet i tysk er eit treårig fulltidsstudium. Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.   

Studieløpet kan sjå slik ut:   

1. semester

Examen Philosophicum (10 studiepoeng) 

Språkkunnskap (10 studiepoeng) 

Introduksjon til tyskstudiet  (10 studiepoeng)  

2. semester

Grunnemne i tysk språk I (10 studiepoeng)  

Tyskspråkleg kultur og historie (10 studiepoeng)  

Nyare tyskspråkleg litteratur (10 studiepoeng)  

Undervisninga i delar av Grunnemne i tysk språk og Tyskspråkleg kultur kan du følge ved Universitetet i Kiel.   

3. semester

 Grunnemne i tysk språk II (10 studiepoeng)  

 Eldre tyskspråkleg litteratur (10 studiepoeng)  

 Samanliknande europeiske kulturstudium (10 studiepoeng)   

4. semester

Utveksling til eit tyskspråkleg universitet

5. semester

Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng) 

6. semester

Fordjuping i tysk språk (10 studiepoeng)

Fordjuping i tyskspråkleg litteratur (10 studiepoeng)

Bacheloroppgåve i tysk (10 studiepoeng)

Utveksling

Alle studentar på programmet kan dra på utveksling til eit tyskspråkleg universitet. Vi anbefaler at du drar på utveksling  i 5. semester, men andre tidspunkt er også mogleg. Du kan vere ute i eitt eller to semester. 

Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring og språkleg trening. 

Sjå utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

UiB tilbyr masterprogram i tysk, om du ønsker vidare studium hos oss.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar@if.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i tysk