Arbeidslivseksposomet (EPHOR)

I dette prosjektet ønskjer me å undersøkje kortvarige eksponeringar i løpet av ei arbeidsveke – både på arbeid og i fritid – og korleis dei påverkar lungefunksjon og luftvegar.

Fakta om prosjektet

Projektnavn - delprosjekt
Arbeidslivseksposomet i Lungehelseundersøkelsen i Bergen

Prosjektnavn hovedprosjekt
The Exposome Project for Health and Occupational Research

Akronym
EPHOR

Finansieringskilde
Horizon 2020

Prosjektperiode
2020-2025

Om prosjektet

Formålet med prosjektet er å undersøkje korleis arbeidsrelaterte faktorar me vert utsett for over kortare tid påverkar lungehelsa. I prosjektet vil me følgje deltakaren gjennom ei arbeidsveke for å undersøkje om det dei vert utsett for i pustelufta heime og på arbeid påverkar lungefunksjon, symptom frå luftvegane, og nivå av celler og protein i blod og pusteluft som kan ha betydning for lungehelsa. 

Prosjektet vil bidra til økt forståing av symptom og sjukdommar i luftvegane, kva dei skyldast og korleis ein kan forebyggje og lette helseplager i samband med desse. Prosjektet er ein del av ein EU-finansiert multisenterstudie som vert leia av professor Vivi Schlünssen ved Universitetet i Århus, Danmark, og kor Noreg si deltaking vert leia av lungelege og professor Cecilie Svanes.

Datainnsamlinga er avslutta. Deltakarane vart følgt over éi arbeidsveke frå mandag morgon til og med fredag morgon. Prosjektet inkluderte både kliniske undersøkingar mandag og fredag, og ein sjølvadministrert del mellom dei to kliniske undersøkingane. 

Den kliniske undersøkinga inkluderte måling av lungefunksjon og prøvetaking av blod, urin og utandingsluft. I løpet av arbeidsveka vart deltakaren bedt om å sjølv måla sin lungefunksjon, svara på eit kort spørjeskjema i ein app, og å bera tre forskjellige sensorar, som måler fysiske og kjemiske faktorar som deltakar vert utsett for, samt fysisk aktivitet og søvn (sjå bilete).

Arbeidslivseksposomet i Lungehelseundersøkelsen i Bergen er ein understudie av Lungehelseundersøkelsen i Bergen og ein del av den europeiske multisenterstudien EPHOR - Exposome project for health and occupational research. For meir informasjon om EPHOR-prosjektet, kan du lese vidare på EPHOR sine eigne sider (ekstern lenke).

Personer tilknytt prosjektet

Sist oppdatert: 21.05.2025